Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'memphis tn'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er eit tema som er meint å utdjupa ein par kjempeutfordingar som alt var medtekne i følgjande tema frå april i år, men der eg framleis står «bom fast»: https://forum.arkivverket.no/topic/221262-herman-johannes-hermansen-eller-johannessenjohnson-fødd-i-bergen-1861-seglmakardreng-og-sjømann-lagnaden-hans/ For å rekapitulera dei punkti det gjeld: Hermund Johannesson JORDANGER, alias Herman JOHNSON, fødd i Hafslo 15.4.1829, var skreddar i Bergen, men stakk i 1861 av til Amerika og let i Bergen etter seg ei kone med tre små born og eit fjerde ufødt barn. Tanken var sikkeret nok at kona skulle komma etter, men framkomen til Milwaukee, WI var borgarkrigen broten ut, og Hermund verva seg som same hausten som soldat. I staden for å senda etter kona og borni sine gifte han seg på ny i Floyd Co., IN 23.6.1863 med: Harriet Ellen HETH, fødd i Harrison Co., IN, truleg i januar 1844. Herman heldt fram som skreddar, og han og Harriet budde først i Taylorsville, Spencer Co., KY, men flytte kring 1874 vidare til Clarksville, Montgomery Co., TN og hausten 1880 til Memphis, Shelby Co., TN. I 1887 var Herman ein tur heim til Noreg for å vitja slekt på Hafslo, men han fór straks bort att. Ikkje lenge etter flytte han og Harriet frå kvarandre, og dei vart sidan skilde. Herman flytte inn på ein soldatheim i Dayton, OH der han døydde 4.5.1910. Harriet gifte seg att i Memphis, TN 14.11.1906 med: Robert P. PAYNE, fødd i Georgia kring 1852. Det er ikkje stort me veit om han anna enn at han var komen til Memphis som jarnbanefunksjonær, og han døydde i Memphis, TN alt 9.10.1909. Harriet Payne døydde same staden 15.4.1921. Harriet og Herman fekk åtte boprn i lag, og me vil her kort nemna eldste dotter Anna Nelia Johnson, fødd i Indiana i april 1864. Ho døydde i Memphis, TN 26.3.1923 etter at ho 14.9.1898 gifte seg i Memphis, TN med Edward L. JACKSON, fødd i Gairfield Co., SC i desember 1851. Han var bomullshandlar og snikkar i Memphis, TN der han døydde 29.4.1902. Me manglar nøyaktige fødselsdatoar på alle borni etter Herman og Harriet Johnson, og eg veit ikkje mi arme råd å få tak i dei..., men dette emnet gjeld i føste rekke hjelp il å finna fleire detaljar om Harriet Heth, Robert Payne og Edward Jackson, og eg ville vorte kjempeglad for sjølv den minste detaljopplysning som eventuelt måtte dukka opp! Harriet Heth: * Det som manglar om ho, er ein nøyaktig fødselsdato? Her er Harriet i FT1850 med foreldre og søsken: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62BQ-NFR Her er Harriet då kalla Ellen i FT1860 med foreldre og søsken: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBB-9GM2 Her er vigsli hennar med Herman Johnson i 1863; https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BF9N-4K Det finst fleire family trees for dette Heth-ærtti på ancestry.com, mellom anna dette: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/50826942/person/120148238633/facts?_phsrc=Nzx15205&_phstart=successSource men ingen av dei syner ein nøyaktig fødselsdato for Harriet. Kunne me endå finna ut kven denne Rev. J. E. Noyes var som vigde dei i 1863...? Kyrkjebøker kunne fortalt so mangt... Kanskje òg ein fødselsdato for eldste dotteri, Anna Nelia? Robert Payne: * Det som manglar her er fullt namn og nøyaktig dato og stad for fødsli hans? Eg har saumfare census records ram og attende, men eg finn ingen som høver med denne. Mori skal ha vore fødd i SC, og det høver bra på ein Robert som i 1870 var jarnbanearbeidar i Lumkin Co., HA, men family trees avslører han som ein annan person! So her står eg retteleg «bom fast»! Edward Jackson: * Det som manglar her er eit mellomnamn og nøyaktig fødselsdato? Her er Ed L. Jackson med kona i FT1900 i Memphis, TN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6723-XKV Dette trur eg er Edward L. Jackson i FT1860 med foreldri Samuel og Lucinda Jackson : https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSC-F51 og her er eit family tree på ancestry: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/3166174/person/25564843358/facts?_phsrc=Nzx15213&_phstart=successSource Men meir enn dette finn eg ikkje om han heller... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dese personane og held fingrer og tær krossa!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.