Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'norness'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Huslyden til Olina Christensdotter Bringe frå Luster har vore og er eit stort mysterium. Ho døydde i samband med at yngste dotteri vart fødd i 1864, men dotteri voks opp og har truleg gift seg før far hennar med ny kone flytte frå Fillmore Co., MN til Houston Co., MN. Likevel finn eg ikkje sport etter ho nokon stad! Ogso FT1870 er noko underleg, for der er denne dotteri nemnd i lag med faren og stemori samt ein son Nils, fødd i Noreg kring 1855. Truleg er Nils ein son som stemori hadde med seg frå Noreg, men noko prov på dette har eg ikkje... https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XSQ-5RY Det hadde vore skikkeleg moro om denne biografien kunne kompletterast. Kanskje finst det obituaries for Hans og andre kona som kan fortelja oss litt meir? Slik ser manuskriptet for denne huslyden ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Olina Christensdotter {Bringe}, f. {i Luster} 9.6.1828, Olena Christenson utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 19.1.1862 med Hans Jensson frå Nornes i Sogndal, i Amerika kjend som Hans J. Norness. Han var son av ##### (yrkestitel?) Jens Hansson på Nornes, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Gjertrud Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Sogndal 16.7.1820, men utvandra til Amerika i 1854. Olena og Hans farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn. der Olena d. etter barselseng ?.7.1864. Hans gifte seg 21.11.1865 att i Fillmore Co., Minn. med Martha Olsdotter frå Veum i Aurland, i Amerika kjend som Martha Olson. Ho var dotter av husmann Ole Bottolfson på ##### (ein plass, men kva plass?) under Veum, opphavleg frå Øyum, og kona Ingeborg Olsdotter frå Bjørgum og f. i Aurland 10.8.1822, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1863?) Hans og Martha Norness farma mange år i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men flytte kring 1890 til ein farm i Black Hammer township, Houston Co., Minn. der Hans d. 10.11.1900. Martha Norness d. same staden 31.10.1915. Hans fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Olena, men Martha hadde òg ein son frå før: a. Jens Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 6.4.1863, ##### (not listed 1870/1880 - destiny?) b. Olena Johanna Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 23.7.1864, ##### (listed 1880 - destiny?) c. Nels ... ##### (born Norway 1855? - Martha's son? - listed 1870 - destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.