Eg er på leiting etter ei Magnhild Halstensdotter frå Bakka i Aurland, som vart døypt i Aurland 22.1.1781. Ho var gift med Hans Rasmusson som døydde på Dyrdal i Aurland i 1841.
Magnhild er ikkje avlidi i Aurland, men eg har oppdaga ei husmannskone Magnhild Halstensdotter som døydde på Ovrid i Vik 1.3.1859, 80 år gamal:
https://media.digitalarkivet.no/view/11761/104
Eg finn ikkje andre Magnhild Halstensdotter i heile Sogn på denne tidi, so kanskje er det ho som døydde på Ovrid?
Eg takkar so mykje på førehand for alle kommentarar!