I arbeidet med ulike emner som har å gjera med emigrantar til Amerika, kjem det fram utdrag av passasjerlister som visstnok skal vera lagra hjå Norway/Norwegian Heritage. Særleg gjeld dette perioden frå 1851 til 1865, der me ikkje har noko anna å hjelpa oss med!
For ei tid sidan fekk eg ein kontaktadresse som eg skreiv til og innbaud til samarbeid om identifikasjon av emigrantane, men eg er no ikkje i stand til å finna denne k0ntaktadressa att, og eg fekk heller ALDRI noko svar!
Kan nokon i Brukarforum gje meg eit råd her? Det burde jo vera i alle sin interesse å sjekka desse passasjerlistene for å få namni mest mogeleg rette!? Og når desse originallistene ein gong er skrivne av, burde det vera fornuftig ikkje å skriva dei av ein gong til...!?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!