Jørgen Einerson, fødd i Luster 29.1.1828, var son av Einer Jacobson (1793-1842) og kona Anna Jørgensdotter (1805-1880), husmannsfolk på Kvalsøyri under garden Kvale i Luster.
Broren Jacob (1826-1900) flytte i ung alder til Bø i Vesterålen der han vart gift og busette seg på garden Utskor.
Ogso Jørgen skal ha vore ei tid i Bø, men i 1865 var han dreng på Bringe i Luster, og i 1866 utvandra han til Amerika.
Me har ingen fråsegner om kvar i Amerika Jørgen busette seg. Han hadde berre den eine broren og soleis ingen søsken i Amerika, MEN mori vart som enkje i 1860 attgift med enkjemannen Nils Jensson på Ottum i Luster (1794-1889), og han hadde tre søner frå første ekteskapet sitt som alle utvandra til Goodhue Co., MN lenge før Jørgen reiste, so kanskje var det i alle fall eit «første reisemål» ogso for Jørgen?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Jørgen Einerson!