Denne utfordringi utgår ifrå følgjande tema:
https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/
der det kjem fram at:
Hans Hansson, fødd på Ramsnes i Fjærland og døypt i Leikanger prestegjeld 18.2.1801, var son av husmann Hans Olson og andre kona hans Dordei Larsdotter.
Då det i 1823 vart halde skifte etter faren Hans Olson, vert det sagt at Hans Hansson då var skreddarsvein i Stavanger.
Eg har bladd gjennom ein del vigselsprotokollar for Stavanger, men finn ingen som høver med «min» Hans, men han kan jo sjølvsagt ha flytt vidare...?
Eg takkar so mykje for alle gode tips om lagnaden hans!