Eg er svært interessert i å finna fleire opplysningar om denne jenta med foreldre frå Innvik og Hafslo:
Hilma «Helene» Alfreda Ross, f. Korstad, fødd i Beltrami Co., MN 26.2.1916, var gift med William Edward Ross, som døydde i Long Beach, CA 13.5.1988. Sjølv døydde ho 2.2.1998, og dødsregisteret syner at ho døydde i Lane Co., OR, truleg i Eugene, OR.
Eg finn ikkje gravene deira og heller ikkje har eg so langt greidd å finna nokon OBITUARY!
Kanskje nokon har betre auge enn eg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!