Tusen Takk til Arkivverket sin Julegåve til oss slektsinntrisert ved å gje oss FT 1891 !
——-
Som norsk så må ein «klaga og kyta» eller iallefall spyrja.
Oldefar min Jørgen Hanson Sværen f 1852, ser eg som Sværen og f 1852.
Men ikkje som Jørg* . Då får eg ingen i Balestrand. Dette fordi ø-en er skriven som svensk, ein «o m/ to prikker over o-en».
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053002000863
Korleis skal ein søkja på f.eks Jørgen ? Eg kan ikkje sjå at tastaturet mitt på I-padden min har ein slik bokstav.
Med helsing
Jon Sværen, Bergen