Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'sandvig'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. I 1857 gjekk det ut ei etterlysning etter ein del unge rekruttar frå Luster og Hafslo som skulle møta til militær teneste. Mellom desse finn me Tøger Jørgenson Sandvig, fødd i Luster 24.9.1835: Her er dåpen til Tøger Jørgenson, fødd «uægte» 24.9.1835 og døypt i Gaupnekyrkja 11.10.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/35 Foreldri var gift kone Siri Knutsdotter Hotlen (1807-1894) og ungkar Jørgen Pederson Wigdahl (1815-1904). Siri var kommi frå Fossen i Jostedalen og hadde gift seg i Luster 1.12.1833 med Lars Larsson frå Øvrebø i Gaupne (1810-1849). Dei hadde ein son Peder Larsson (1833-1834) då dei kring 1835 fekk rydda seg ein ny husmannsplass på Sandvikøyri under Sandvik (Hotlen) i Gaupne. Etter dette «sidespranget» med Jørgen Pederson fekk ho og Lars endå seks born til før Lars døydde brått i 1849. Bortsett frå eldsteguten Peder og ei yngre dotter som òg døydde ung, utvandra dei alle til Amerika mellom 1864 og 1867, og sistpå reiste òg Siri i 1867. Etter nokre år i Dane Co., WI flytte ho inn hjå eldste dotteri Margretha Tollefson i Vernon Co., WI Og nettopp denne dotteri Margretha lyt me sjå litt nærare på: Ho var nemleg fødd 6.1.1837, berre 15 månadar etter Tøger, påfallande nær etter føregåande fødsel, noko som normalt skulle tyda på at det føregåande barnet døydde: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/44 Tøger Jørgenson finst korkje mellom vaksinerte eller konfirmerte i Luster, so sjølv om han heller ikkje er nemnd i gravferdsprotokollane for Luster, har me gått ut i frå at dødsfallet ved ein feil av presten(?) ikkje var innført. So er det desto meir overraskande at han i 1857 vert etterlyst i samband med militærtenesta si! So kva skjedde? Voks Tøger opp eller døydde han verkeleg kort etter fødsli? Og om han voks opp, kvar vart det av han?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne huslyden vart første gongen teken opp til drøfting i 2006 som tema #35544 i det gamle brukarforum, men utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/121069-35544-ole-iverson-sandvig-og-christi-larsdotter-til-bø-vesterålen-1850-lagnad/?tab=comments#comment-988571 Ein del opplysningar er komne til i ettertid, men no er eg komen til eit punkt der eg står «bom fast», og eg vonar på at nokon av lesarane i Brukarforum kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 nedanfor! Dei største utfordringane her er utan tvil: ** Kvar vart det av Britha Larsdotter - avlidi mellom 1850 og 1865? ** Kvar vart det av Britha «Bertha» Olsdotter d.e. på Været (Nesset) i Bø og sonen Hans Jæger Nilssen? ** Kvar vart det av Johanna Larsdotter i Amerika, utvandra 1861? ** Og endeleg, kvar vart det av sonen Iver Olson - truleg flytt med foreldri til Bø kring 1850? Når det gjeld eldste dotteri Johanna Olsdotter, so vart ho og mann hennar plassfolk på Kleiva under Maursund i Bø, og denne huslyden er bra fullstendig frå før. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.