Eit nytt spørsmål er dukka opp frå Amerika, og eg står «bom fast». Kanskje nokon kan hjelpa meg?
Torsten Christianson Sjøtveit, i Amerika kjend som Thomas C. Johnson, skal vera fødd i Noreg 28.5.1863, men gifte seg i Trempealeau Co., WI 6.7.1892 med Anna Josephine Call (Kilen), fødd i Crawford Co., WI 23.4.1859. Dei busette seg i Strum, Trempealeau Co., WI der Thomas døydde 7.8.1949.
Ifølgje FT1910 utvandra Torsten i 1871: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYJ-B2N?i=3&cc=1727033
Er det mogeleg å finna ut:
* Nøyaktig dato og stad for fødsli hans?
* Utvandringsår?
* Fulle namn på foreldri hans med opphav, yrke og bustad?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!