Tallef Tarjeson var fødd på husmannsplassen Botnen under garden Bilstad i Skafså sokn i MO i Telemark 3.8.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/4971/17
Då han utvandra til Amerika i 1885, har han fått fødselsdatoen 1.8.1867, som han sidan nytta i Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/5980/266
Ved konfirmasjonen i 1882 står det òg fødd 1.8.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/4971/64
Her er foreldri hans i FT1865 på Botnen under Bilstad: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0832&kenr=006&bnr=0003&lnr=000
Og her er vigsli deira i Skafså sokn 15.11.1857 (han Botnen og ho Lien): https://media.digitalarkivet.no/view/4971/72
Og då er det at eg gjerne skulle hatt litt hjelp frå lokalkjende krefter:
** Kva skal me nytta som fødselsdato for Tollef Torgerson?
** Frå kva plass/gard hadde Tarje Olson opphavet sitt?
** Frå kva plass/gard hadde Joraand Paulsdotter opphavet sitt?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!