Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'st.croix'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år. No er Brukarforum mi siste von: Ole Fredrik THOMPSON, fødd i Tranøy i Troms 21.2.1855, utvandra i 1867 til St. Croix Co., WI der han 26.1.1894 gifte seg med Martha AMUNDSON (Kinserdal), fødd i Årdal i Sogn 16.12.1874. Desse farma i Cylon township, St. Croix Co., WI: 1900 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NNS?cc=1325221 1905 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 men Ole var òg skogsarbeidar («logger») og skal ifølgje ætti ha mist livet ved eit ulukkeshende, uvisst kvar, i 1905 (jmf. gravstøtta) eller i 1909 (jmf. slekti hans). Han ligg gravlagd nær heimen sin! ** Er det mogeleg å finna dødsfallet til Ole F. Thompson, kan henda gjennom eit avisoppslag? Martha gifte seg att i St. Croix Co., WI 4.1.1910 med Ole S. EVENSON, fødd i Støren 31.5.1863 og utvandra i 1867, og dei vart buande på farmen hennar i Cylon township, St. Croix Co., WI 1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW5?i=1&cc=1727033 1920 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV4-NRW?i=1&cc=1488411 der Ole døydde 20.12.1940. Martha Evenson døydde same staden 4.1.1941. Av borni i denne huslyden vil eg i dag innskrenka meg til eldste dotteri, som er den største utfordringi: Pauline Henriette THOMPSON, fødd i St. Croix Co., WI 4.7.1894. Ho skal ha gift seg i St. Croix Co., WI 6.2.1912 med Johannes «John» PETERSON, fødd i Brookings Co., SD 2.5.1890. Ifølgje slekti skal John ha vore smed («blacksmith»), og dei budde i Cylon township, St. Croix Co., WI, men Pauline døydde etter barselseng same stad 16.4.1914, og ifølgje slekti skal John Peterson vera avliden om lag på same tid!? Dei fekk to døtrer som vart oppalne hjå bestemori Martha: * Viola Pearl, fødd i St. Croix Co., WI 20.3.1912 * Jeannette Pauline, fødd i St. Croix Co., WI 9.4.1914 ** Er det mogeleg å identifisera lagnaden til John Peterson, dødsfallet eventuelt lagnaden hans, kan henda gjennom eit avisoppslag? Her er John Peterson i 1905 med foreldri sine i Cylon township, St. Croix Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-9R9?i=7&cc=1443899 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 Her er fødsli hans i Brookings Co., SD 2.5.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314922-00174/4892547?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/86131673/person/36534988647/facts/citation/840366906196/edit/record Men eg finn han ikkje i FT1910! So vidt eg har forstått, var denne huslyden medlem av ein lokal metodistkyrkjelyd, so kyrkjebøker ligg for å hjelpa oss vidare... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullaldaren» ikkje enno er over...
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.