Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'store-jørgen'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Jørgen Jørgenson Flo vart fødd i 1743 på Flo i Stryn. Han gifte seg med Berte Larsdatter Lille-Fylling, f. 1749. Dei fekk sonen Jørgen, f. 1778 i Kassneset, Lille Fylling, gift med Marte Knudsdatter Indre Ekroll, ny brukar på Jørngarden, død 1853, og døtrene: Ragnhild, døypt 29.03. 1772, død på Leite, Stette i 1838; Kristine, døypt 27.05. 1775; og Christi, døypt 24.05. 1781 Kona til Jørgen var dotter til Lars Olson Ulvestad Lille-Fylling. Han kom først til Kassneset, Lille-Fylling. Det fortelst at han saman med to brør vandra ut frå Jørntunet på Flo. Den eine slo seg ned i Eidsvika i Tennfjord, den andre på Krogset på Grytastranda. Om korleis Jørgen kom til Ekroll fortel tradisjonen slik: Han var i eit julelag saman med husbonden frå Jørngaren, bruket hadde nok ikkje det namnet den gongen. Jørgen gramma seg for at jorda i Kassneset var så steinut og tungvint å arbeide med. Mannen på Ekroll let ille over at der fanst lite eller ingen skog hos han, men jorda på bruket sitt tykte han godt om. Såleis vart dei vel tiltalte av fordelane på kvarandre sine bruk, og dermed vart dei samde om å byte gardar. Marte Knudsdatter døde i 1783, og i 1784 gifte Jørgen seg oppatt med Kari Larsdatter Store-Fylling. Med henne fekk han dottera Berethe, døypt 29.08. 1784.. Jørgen brukte 1 våg i 1802 og sådde 3 tønner havre, 1/2 tønne blandkorn og hausta 6 foll. Garden fora 10 kyr, 20 småkveg og 1 hest. Garden mangla skog og brenneved og hadde dårleg sommarhamn i heimegjerda utmark, men det var betre på setra. Kornavlinga var årviss. Fem vaksne arbeidsfolk budde på bruket. I 1808 fora dei på bruket 1 hest, 5 kyr, 3 ungdyr, 12 sauer og 10 geiter. Jørgen døde i 1814. Når Kari, andre kona hans døde er uvisst. Dette er avskrift frå Bygdeboka for Skodje s. 670 - 671. Jørgen Jørgenson Flo kom så vidt eg forstår frå Jørgengarden på Nedre Flo i Oppstryn. Han tok over bygselen av Jørngarden på Indre Ekroll i Skodje rundt 1800. Kan Jørgen vere son til Store-Jørgen på Nedre Flo, som døde i 1795. Eg har prøvd å finne skiftet etter han, men forgjeves. Tanken var at i eit skifte ville det vere opplysningar om slekta. I Nordfjord fraa gamle dagar til no Del 2.3.1 side 182 er det eit oversyn over brukarane på Jørgengarden, Nedre Flo, men det som står der er svært knapt og vanskeleg å finne ut av. Er Store-Jørgen på Jørgengarden, død 1795, 85 år gammal, brukar på garden i 1745, far til Jørgen Jørgensen Ekroll? Etter Nordfjordboka var Store-Jørgen son til Jørgen Lasseson Bolstad og kona hans, Helga Jørgensdatter Bolstad, enkja etter Ola, førre brukaren på Jørgengarden på Nedre Flo. Han vart skoten på Bolstad i 1726. Eller er det snakk om ei anna enkje med same namnet? For under Bolstad s. 195 er det sagt at Hugleik Øysteinson Flo er gift med enkja etter den drepne Ola Salveson. Er Jørgen Lasseson Flo den same som er nemnd som brukar på Benediktbruket i 1674, og som flytte til Bolstad? Under Bolstad, Jobruket er nemnd Jørgen Lasseson Nedre Flo, brukar 1680, gift med ei Anne Klausdatter. Desse er vel den same personen. Men den Jørgen Lasseson Bolstad som er brukar på Jørgenbruket, Nedre Flo i 1730, som er gift med enkja Helga og har ein son Ola busett på Fosnes, må vel vere ein annan Jørgen Lasseson enn den før nemnde? Kan han vere ein soneson? Og kven er dei to brørne til Jørgen Jørgenson Flo på Indre Ekroll vere? Eg finn dei ikkje på Krokset og i Eidsvika i Vatne. Ein Knut Knutson Vollset, gift med Brite, dotter til Rasmus Rasmusson Flo på Larsbruket på Flo, flytte til Krokset i 1837, men han var inngift på Flo og hadde ingenting med Jørngarden å gjere. Kven kan desse to vere?
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.