Jens Sjurson (1740-1800) var husmann på Tadlagjerdet under garden Heltne i Luster, den EINASTE bustaden i Luster der soli ALDRI når fram til stovehuset, sjølv ikkje midt på sommaren. Første kona hans døydde barnlaus i 1791, og han gifte seg i 1792 att med:
Unni Larsdotter, fødd på Prestegard i Hafslo kring 1752. Dei fekk en son i lag:
* Sjur Jensson, døypt i Luster 19.12.1794.
FT1801 syner mor og son som plassfolk under Heltne (mori med feil farsnamn Sjursdotter - skal vera Larsdotter!):
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000108
Men Unni treivst nok ikkje i den evige skuggen, og i 1802 fekk ein ny husmann feste på plassen, medan Unni og Sjur flytte herifrå.
Det har ikkje vore mogeleg å finna ut kvar mor og son flytte i 1802. Eg ser ikkje noko meir til dei korkje i Luster eller i Hafslo, so no ber eg Brukarforum om hjelp til å leita etter dei?
Ein kompliserande faktor her er at det finst fleire personar lokalt med namnet Sjur Jensson, nemlig:
* Sjur Jensson (1792-1878), i 1801 busett på Bergheim i Luster, vart buande levetidi ut på Bergheim og døydde der.
* Sjur Jensson (1797-1862), i 1801 busett på Nes i Luster, vart buande levetidi ut på Nes og døydde der.
Kanskje flytte mor og son til ytre Sogn? Eller fór dei til Bergen?
Redigert: Eg har no etter ein ekstra «sjekk» oppdaga at i tillegg til dei to andre personane med dette namnet i Luster (Bergheim i 1809 og Nes i 1815), vart ogso ein Sjur Jensson Vigdal konfirmert i Luster i 1812, 16 år gamal, og det er nok mykje som tyder på at dette er «vår» Sjur: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/65
Og truleg er det same karen som i 1865 var ugift legdekall på garden Rønnei i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005270
Men eg har ikkje registrert noko dødsfall korkje for Sjur eller mori i Luster - merkeleg!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!