Eg har i mange år spekulert på kven denne presten eigentleg var og kva tid og kvar han gifte seg, om han då i det heile VAR gift?
Andreas Cordsen, son av kjøpmann Søren Cordsen og kona Anna Margrethe Andersdotter Paulsen i Stavanger, vart døypt i Stavanger 18.11.1778. Han vart student i Bergen i 1797 og cand.theol. i 1802. Kort tid etter vart han tilsett som skipsprest i China, men i 1807 kom han attende til landet og vart sokneprest til Jostedalen.
Han skal alt, medan han var prest i Jostedalen, ha hatt med seg ei hushaldar som heitte Anna Andersdotter, som visstnok var fødd i Lærdal 19.1.1781 som dotter av husmann Anders Jensson og kona Ingeborg Baardsdotter på Nygard under garden Rikheim, og ho følgde med «på lasset» då Andreas i 1812 vart sokneprest til Vikedal i Ryfylke! So skal Andreas ha gift seg, dato og stad ukjende, med denne hushaldaren sin, og dei fekk ei dotter:
* Anna Magrethe Andreasdotter Cordsen, døypt i Vikedal 3.8.1813. Ho vart sidan gift med Lars Atleson Tunshelle og budde i Bergen (desse har eg kontroll på!).
Men Andreas si tid som prest varte ikkje lenge. Han fekk avskil våren 1816, og 2.12.1816 vart kona Anna gravlagd i Vikedal:
https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001264730
Sjølv flytte han då til Stavanger der han vart gravlagd 16.10.1817.
MEN, so var det attende til spørsmålet om vigsli hans med Anna Andersdotter. Denne har eg ikkje greidd å finna nokon stad, so no vonar eg at kanskje einkvan i Brukarforum kan greia «det umogelege»?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!