Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wilhelmsen'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg vil i dag gjerne få henta fram ein heller «spesiell» huslyd frå Luster. Korkje mann eller kone hadde tilknytting til Luster, og eg har alltid trudd dei berre var «innom» Luster for å få ein son i 1837. Men nye opplysningar syner at dei i alle fall budde i Luster eit par år, og eg har difor no sett opp eit manuskript for dei: ~~~~~~~~~~~~~ Nils Andreas Wilhelmsen, opphavleg frå Bergen, var son av los Wilhelm Nilssen i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans? - kalla Schaalevig ved vigsli i Bergen 7.1.1810) og kona Maren Vahl frå ##### (fullt namn og opphavet hennar? - kalla Maren Vahl Brynnnildsen ved vigsli) og f. i Bergen 10.12.1810. Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.12.1844 med Gjertrud Helene Haldorsdotter Sebjørnsen frå Bergen. Ho var dotter av tømmermann Haldor Sebjørnsen i Bergen og kona Ingeborg Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bergen 13.12.1805. Ho gifte seg første gongen i Domkyrkja, Bergen 29.4.1832 med Nicolai Christopher Nicolaison Brodersen frå Bergen. Han var son av krambohandlar Nicolai Brodersen i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans? - Eyland i Føhr - jmf. 1804) og kona Gjertrud Cathrine Smit ##### (fullt namn og opphavet hennar?) og vart døypt i Bergen 7.5.1801. Nicolai var gullsmedmeistar, ##### (dødsfall? - skilde??) Nils Andreas Wilhelmsen var gullsmedmeistar, og han og Gjertrud budde til leige på Dalsøyri i Luster fram til kring 1839. Men kring 1839 flytte Nils og Gjertrud Wilhelmsen attende til Bergen, ##### (flytte før 1859 til Eid, Nordfjord!) men Gjertrud d. i Bergen 10.4.1863. ##### (1865 Nils enkjemann i Kristiansund - var før 1875 attende til Bergen!) og han d. som gullsmedmeistar og almisselem i Bergen 2.5.1884. Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Gjertrud ein son frå første ekteskapet sitt: a. Nicolai Nicolaison Brodersen, f. i Bergen 4.9.1832, ##### (1885: ugift gullsmedsvein i Farsund - lagnaden hans?) b. Wilhelmine Marie Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 26.10.1835, d. i Bergen 2.12.1836. c. Wilhelm Sigfried Nilsson Wilhelmsen, f. Luster 17.10.1837, ##### (styrmann og skippar med borgarskap 8.6.1860 - dels busett i Ålesund - lagnaden hans?) d. Ingeborg Marie Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 11.4.1840, ##### (n. Kristiansund 1865 - lagnaden hennar?) e. Andrea Helene Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 25.7.1842, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Andrea gifte seg i Folda 13.7.1876 med Søren Johan Andersson frå Tretvik under Breivik i Folda, f. i Folda 24.3.1851. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Søren og Andrea var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Valle i Folda og fekk ##### (talet på søner og døtrer?) f. Nils August Nilsson Wilhelmsen, f. i Bergen 20.8.1843, d. i Bergen 21.11.1843. g. Johan August Nilsson Wilhelmsen, f. i Bergen 24.8.1845, ##### (konf. Eid 1859 - lagnaden hans?) h, Constance Zorida Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 20.5.1847, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gífte seg i Folda 9.11.1884 med enkjemannen Johannes Gunderson, opphavleg frå Lakså i Folda, ##### (sjekka om han verkeleg var oppvaksen der?) f. i Folda 13.2.1831. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Johannes var husmann på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Valle i Folda ##### (talet på søner og døtrer? - hadde vore gift to gongar før!) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.