Gå til innhold
Arkivverket

Johan Kåsa - Kven var han?


Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

 

Innlegg 36

På side 347 i Mo Bygdebok, Skafså sokn av Steinar Marvik kan en lese følgende:Sliperiarbeider Johan Olavson Kosi frå Skotfoss fekk eit barn med Signe Emilsdatter Gøbel (1905) frå Verket 64 a. Born: a. Astrid Kristine 1922. I boka er det listet opp mange som hadde arbeid på Åmdals verk. Her skulle være flere indisier som peker mot Johan Kåsa.

Vennlig hilsen Bernt K.K.

 

Innlegg 345

Men kven er denne 'Johan Olavson Kosi frå Skotfoss', nemnd i innlegg 36.? Her er ikkje kyrkjeboka innlevera ser det ut til, så vi får ikkje sjekka kva som står der. Kanskje det går ann å ringe kyrkjekontoret og spørja kva som finst av info der, eller sende mail.

 

Innlegg 353

Nå har eg sendt ein førespurnad til arkivet på Kongsberg vedk. denne Johan Olavson Kosi, så får vi tru at vi får eit greit svar.

 

 

I dag kom det svar frå arkivet i Kongsberg. Det ser slik ut:

 

Opplysninger om Johan Olsen Kaasa

 

Vi viser til din henvendelse hit og kan gi følgende opplysninger:

 

Dokumentene i farskapssaken fra 1922 finner vi hos Fylkesmannen i Telemark under jnr. 4173.22 og 5609.31.

 

Ifølge disse var Johan Olsen Kaasa født i 1900 i Skafså sogn i Mo prestegjeld. I 1922 bodde og arbeidet han ved Skotfos bruk. I forbindelse med søknad om nedsettelse av bidraget i 1931, fremgår det at han da var gift og hadde ett barn å forsørge. Han var fortsatt bosatt i Skotfoss.

 

Etter det vi kan se, gir dokumentene ikke nøyaktige opplysninger om fødselsdato eller navn på hans ektefelle og barn.

 

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Wenche E. Magnussen e.f.

førstekonsulent

 

 

Etter det som står her, så kan ein vanskeleg tenkje seg at denne Johan Olavson Kosi er vår Johan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

*** Synd at denne siste du har nemnt er antageleg fødd litt for seint

Hadde passa godt på ein måte - men litt spøkefullt - det blei kanskje litt trasig

om vi fann han - lufta ville kanskje gå ut av ballongen. ***mvh kse***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Arkivopplysningar

 

Etter at Johan kom til oss, så høyrde han til Aust-Agder fylke, og personopplysningane om han er difor på arkivet i Kristiansand. Alt som er i Kristiansand har eg fått før.

 

Sidan Johan kom frå Telemark, så har eg vore opptatt av om det kunne finnast opplysningar om han på statsarkivet i Kongsberg.

 

Statsarkivet på Kongsberg har vore veldig imøtekomande og greie, men dei har ingen opplysningar om vår Johan.

 

Arkivet etter Skotfoss bruk har eg vore opptatt av før. Dette er eit stort arkiv som er avlevert til Riksarkivet. Det er ikkje pakka opp, så det er ikkje tilgjengeleg. Her skal det m.a. vere ei stor fotosamling:

 

Det er trolig arkivet etter Union som er avlevert til Riksarkivet du snakket om. Det skal visst være en stor fotosamling til dette arkivet, men vi er ikke kjent med om alle disse er i Oslo, eller om deler av dette befinner seg i Telemark museum. Telemark museum skal - etter det vi er kjent med - også ha fotosamlingen etter fotograf Nyblin. Kanskje det kan finnes bilder av Johan Kåsa der.

 

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Wenche E. Magnussen e.f.

førstekonsulent

 

 

 

Den vegen som blir peika ut å gå her, er å sjå på fotosamlinga til Telemark museum.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søsken Halvor, Olav og Birgit

 

Dette burde vere ein veg å gå, men i Telemark er det veldig mange med desse namna. Vi skulle hatt ein måte å søkje på, slik at alle med denne namnegruppa kom fram.

 

Her er eit døme på søsken med desse namna. I tillegg har dei ei søster som heiter Sigrid, f. 1875. Men det er ingen Johan her.

 

Familie 1

 

Halvor Olsen, f. 23.02.1879

(Rauland 1859-1886, s. 53, nr. 9.

Fødd 23.02.1879

Døypt: 30.03.1879

Foreldre: Gmd. Olaf Halvorsen Vaa (43) og

Gunhild Gregarsdtr. (25)

 

Olav Olsen, f. 02.12.1881

døypt 26. Mars 1882

(Rauland 1859-1886, s. 65, nr. 8)

Foreldre: Gaardmand Olav Halvorsen Vaasetberg (1834) og

hustru Gunhild Gregarsdtr. (1851)

 

 

Birgit Olsdtr., f. 04.06.1884

(Rauland 1859-1886, s. 74, nr. 16.

Fødd 15.07.1884

Døypt 03.08.1884

Foreldre: Gaardmand Olav Halvorson Vaasetberg (f. 1834) og

hustru Gunhild Gregorsdtr.(f. 1851)

 

 

Familie 2

 

Min lenke

 

 

Familie 3

 

 

Min lenke

 

 

 

 

 

Denne familien er reist til Amerika.

 

Øyfjell i Rauland 1887 - 1937, s. 134. Attest 01.05.1907

 

Torbjørn Olavsen Berge, f. 1857

h. Bergit Olavsdtr., f. 1860

 

Barn:

 

Olav, f. 1891

Bergit, f. 1893

Sigrid, f. 1895

Gisle, f. 1898

Bergit, f. 1901

Halvor, f. 1903

 

Alle 6 borna er med.

 

 

I Rauland, og også i Tinn, ser det ut til å vere særleg mange med desse namna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Olavson

 

1. Solum

 

Leif Biberg Kristensen har i innlegg 147 og 149 gjort framlegg om søk på Johan i Solum. Og her er veldig mange Johan.

 

 

2. Heddal

 

I Heddal er det veldig mange med namn som kan likne på vår Johan, og dei har etternamn som Lankaas og Orekaas. Det er veldig mange her, og lett å gå seg vill.

 

I saka over med Johans Vik, kom tanken om at vi kanskje kunne søkje på Johans. Og dei er det på Folketelling 1900 mange av.

 

Under Hitterdal er det faktisk ein som heiter Johans Ols. Langkaas, og er fødd i 1881. Han er til og med ugift, og “Flaadearbeider og Dagarbeider”.

 

Min lenke

 

 

Merknad:

 

Ved søk på Johan Olavson (og namn som liknar, Johan, Johans, Jon, John - Olavson, Olsen - Kaasa, Langkaas etc. ), då er det verkeleg snakk om mange personar. Særleg når ein tar med heile Telemark.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Dette er Johans som er på lenka i innlegget over. Han er fødd 7. oktober 1881, og døypt 30. oktober 1881.

 

Heddal i Heddal 1879 - 1908, s. 13, nr. 38.

 

Min lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Familien til Johans Ols. Langkaas

 

Far Ole Olsen Langkaas, gift for 2. gang med Ragnhild Johnsdtr. 2. mai 1895.

 

Heddal i Heddal, 1879 - 1908, s. 347, nr. 4.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5961&idx_id=5961&uid=ny&idx_side=-305

 

 

Det står at far til Ole Olsen Langkaas er skrædder Ole Nilsen.

 

Den første kona til Ole Olsen Langkaas er død 9. februar 1894. Husmandskone Ragnhild Haraldsdatter (f. 1842).

 

Heddal i Heddal, 1879 - 1908, s. 444, nr. 3.

 

Min lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Johans har ei søster Anne, f. 2. oktober 1886, døypt 24. oktober 1886.

 

Heddal i Heddal 1878 - 1903, s. 56, nr. 30.

 

Min lenke

 

Johans halvsøsken:

 

1. Margit, f. 19. mars 1897, døypt 19. mars 1897.

 

Heddal i Heddal, 1878 - 1903, s. 139, nr. 9.

 

Min lenke

 

Barnet døde nogle timer efter fødselen.

 

2. John, f. 8. juni 1898, døypt 8. juni 1898.

 

Heddal i Heddal 1878 - 1903, s. 147, nr. 26.

 

Min lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Det er to spørsmål eg gjerne vil ha andre si meining om.

 

1. Er det mogleg ca. år 1900 å flytte til ein annan stad å oppgi ny identitet og bli trudd på det?

 

2. Er det mogleg på slutten av 1800-talet å vekse opp uregistrert?

 

 

Ingen skal bli skulda for synsing ved å svare.

 

Nå stiller eg spørsmåla på grunnlag av denne konkrete saka, men svaret bør helst vere på generelt grunnlag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg sendt førespurnad til arkivet i Nissedal om opplysningar om Johan

Kåsa. Skattelister for tidsrommet 1900 - 1909, samt at det er særleg

interessant med innflytting til Treungen, om dette finnast og kan seie oss

kvar han kom ifrå. Og elles om dei har andre opplysningar om han og evt.

råd for oss til å søkje vidare på.

 

Så får vi tru at vi får eit greit svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Kan dette vere vår Johans?

 

Johannes, f. 8. juni 1883, døypt 1. juni 1883.

 

Høydalsmo i Lårdal

Klokkerbok III 3 1878 - 1890, s. 4, nr. 3.

 

Min lenke

 

Johannes konfirmert 6. mai 1898.

 

 

Høydalsmo i Lårdal

Ministerialbok III 2, 1887 - 1890 s. 48, nr. 4.

 

Min lenke

 

Folketelling 1891 - Lårdal

 

Min lenke

 

Folketelling 1900 - Lårdal

 

Min lenke

 

 

Tov Gunleiksen Ormbrekke er død i 1901.

 

Høydalsmo i Lårdal 1887 - 1906, s. 87, nr. 4.

 

Død 28. mars 1901, begr. 12. april 1901, jordf. 14. april 1901.

 

 

Det blir:

1. Ragnveig, f. 1862

2. Birgit, f. 1864

3. Gunleik, 1868

4. Signe, 1870

5. Talleiv, f. 1873

6. Olaf, f. 1879

7 Johannes, f. 1883

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Frå arkivet i Kongsberg v/Steinar Marvik er det kome framlegg på at vår Johan er den Karl Johan som alle begynte med, og som vart avvist fordi han hadde feil namn på søskena.

 

Karl Johan, f. 24. mai 1881, døypt 3. juni 1881.

Foreldre: Værksarbeider Niels Christian Olsen Værket og Hustru Anne Marie Andersdatter.

Mo/Skafså

Klokkerbok II 1851 - 1890, s. 31, nr. 15.

 

Min lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Steinar Marvik skriv slik:

1.

I de klokkerbøkene (Mo og Skafså) som ligger på digitalarkivet finnes en Karl Johan Nilsen

født på Verket i Skafså 24/27.mai 1881. Kan det være rett person?

2.

Takk for lang forklaring.

Jeg kan selvsagt ikke svare deg på alle de spørsmålene du stiller. Men, den personen jeg

refererte til i mitt første brev finner du i bygdeboka for Skafså under Åmdalsverk. Familien er

oppført å ha flyttet til Amerika i 1893. Det kan forklare at Johan ikke er å finne i 1900. Kanskje

kom han tilbake til Norge som voksen?

Med vennlig hilsen

Steinar Marvik

 

Dette blir vel for oss ei vanskeleg sak å dokumentere. Denne Johan har flytta til Amerika i 1893, og så skal ha evt. ha kome tilbake som vaksen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette vår Johans?

Framhald av innlegg 8. februar.

 

Her har enka Gunhild Tollefsdtr. selt eigedomen Ormbrekke i 1906, "Skjøde af 14.d thl. 23. April 1906" for kr 12.600,-

(Heilt nede på høgre side)

 

Min lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette vår Johans?

(Framh.)

 

Gunhild Tallefsdtr. er fødd 25. mai 1839 og døypt 16. juni 1839 i Kviteseid.

 

På Folketelling 1910 finn eg berre denne Gunhild Tallefsdtr. som kan vere henne:

 

Min lenke

 

Men er det rett person? Det er ingen som heiter Gunhild Tallefsdtr. som er døypt i Kviteseid i 1830.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette vår Johans?

(Framh.)

 

Talleif Tovsen, fødd 29. juni 1873 og døypt 10. august 1873 i Høydalsmo.

Konfirmert 7. oktober 1888 i Høydalsmo.

 

Han reiste til Amerika i 1896.

Lårdal/Høydalsmo Ministerialbok III 2 1887 - 1906, s. 108, nr. 8:

 

Min lenke

 

Attesteret ikke at være bunden ved nogen offentligt ægteskabsløfte. Attest av 8/4-96.

 

Dette er den einaste her som eg forstår kvar har blitt av. Har Johannes også reist til Amerika? Då er han i alle fall ikkje vår Johans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette vår Johans?

(Framh.)

 

I Kviteseid bygdebok bind 2 av Olav Bakken, digitalisert utgåve, som ligg på nettet, står det at Johans Tovsen reiste til U.S.A. Det står ein del opplysningar om denne familien her. Det står også at mora Gunhild Talleifsdatter reiste til U.S.A. i 1906.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Folketelling 1900

 

Når det gjeld familien til Johans Tovsen i innlegg over, så kunne eg berre finne broren Talleif reist til Amerika i 1896. Dei som var med på Folketelling 1900 var berre foreldra og Johans.

Den eldste, Ragnveig, hadde bygdeboka for Kviteseid død i 1888.

 

Når det gjeld Birgit og Signe er det ikkje oppgitt årstal når dei utvandra. Bygdeboka har Olaf utvandra 1901 og Gunleik utvandra 1906. Men kvar er desse på Folketelling 1900?

 

Dersom det er rett at alle desse ikkje er med på Folketelling 1900, så kan det også vere mange andre personar som ikkje er blitt med her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Kåsa og Bravo.

 

Dette biletet er tatt i tidsrommet 1910 - 1926.

 

Bravo ("Sørlandets raskeste") var ein tråvhest som bestefar hadde. Han var bestefar sin yndling, og denne hesten hadde han over eit langt tidsrom.

 

Johan Kåsa - ein ekte telemarking som har skifta identitet - eller har han vakse opp uregistrert?

 

Foto: Min bestefar, Tellef H. Øi

post-68-0-12235700-1297813196_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.