Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#14257] Kven var: Olav Knutson Espedal og Jorunn Aslaksdtr. Villand

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Dette er nok også opplysnigar eg har frå Vossaboki til L. Kindem:Kirsti Olavsdtr. Ringheim (1719-?) var dotter til nevnte Olav Knutson Espedal, Hallingdal (1672-1746/56)og Jorunn Aslaksdtr. Villand, Hallingdal (1696-1736).Har også følgande notat om Olav:Ole Knuds. Espedal. Kjøpte 1715 og bytte med Ditlev Henriksson - fekk gard i Haug, Valdres. Gift Die 20 p Trin. 1715. Kommentar: Espeland og Villand: 'udi Hallingdal'Nokon som har utfyllande opplysningar om Olav og Jorunn, og eventuelt om deira forfedre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Jeg kan ikke hjelpe deg direkte, men det finnes en bok som heter 'Villandane' av L.Reinton. Jeg har selv en mulig ane som heter Anne Arnesdatter Villand(1647-1724), men det er usikkert om hennes datter Liv var mor til min ane. Er ikke sikker på hvor Villand er, men det kan være i Hol. Der er det en bygdebok som heter 'Folk og fortid i Hol' av Lars og Sigurd Reinton. Bind 1 er for tiden før 1815, og bind 2 er for tiden etter 1815.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk for tips! Kom plutselig på at eg kanskje har noko gamle notat liggande på ein 'lur' plass...kvar no det er...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt D. Hjeltnes

Jeg har Olav f. 1672, død 1746, og Jorun f. 1696, død 1736. Er fra Kindem. Har ikke kontrollert dette opp mot kirkebøkene. 1715 kjøpte Olav 3 laup i Mosafinn. 1718 makabytte han med Ditlov Henrikson soleis at Olav fekk odelsretten til 2 laup på Mosafinn og Ditlov fekk 2 laup med odelsrett på garden Haug i Valdres.Knut Finne stemde 1724 på vegne av Klas, son sin, på odelsretten som Olav Knutson hadde kjøpt av Kirsten Klasdr.1726 fekk Olav også odelsretten åt Henrik Balzer Miltzow på Mosafinn. Saka var fyre på tinget s. år og det vart dømd at Olav skulle ha garden, men ved lagtingsdom 1728 fekk Knut medhald og sonen Klas fekk same år skøyte på 3 laup.1725 kjøpte Olav av Henrik Miltzow 2 laup på Eimstad og 1 laup på Nestås. 1732 kjøpte han på Nedre Ringheim , der han vart buande. Ved skifte etter kona Jorun er det sagt at dei åtte heile Nedre Ringheim etter skøyte 1732, verdsatt 468 rdl. og 2 laup i Eimstad. Bruttomiddlen var 1061 rd.Det er fortalt at Ola dreiv med handel og at han på ei reis kom inn i ei stove på Villand der ei lita gjente låg i vogga og gret. Han tok til å byssa på henne og fekk henne til å tagna. Um morgonen då han for, gav han veslegjenta eit markastykke og sa at ho skulde verta kjærasten hans. Sidan hadde Olav jamt tilhelde på Villand når han reiste i Hallingdal. Veslegjenta vart kona hans. Ho fekk 700 dalar hjå foreldri sine då ho gifte seg.Kilde : Vossaboki B.II s.299 og B IV s.490

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Det er ingen gard Espedal i Hallingdal, heller ikkje i Valdres, men det er mogeleg at Espedal skal vera Espegard som er ein gard i Leveld i ål i Hallingdal. Jorunn (Jørand) Aslaksdtr. Villand var dotter av Aslak Sveinson Brattåker (ca 1660-1737) og Margit Gautesdtr. Tufto (d.1726). Aslak kom til garden nordre Villand i Hovet i Hol ca. 1691. Han var son av Svein Aslakson Brattåker (1609-før 1689) og Margit Andresdtr. Nestegard (1620-). Vidare anetavle:[url="http://home.c2i.net/ottarsolberg/Anetre/267-AaseSveinsdtr.htm>LenkeMargit Gautesdtr. Tufto var dotter av Gaute Gunvaldson (søre) Nørdstegard (Tufto) (ca. 1630-1713) og Rønnøg Sjugurdsdtr. (nordre) Nørdstegard (ca. 1630-). Vidare anetavle:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk for interessant info Ottar.Når det gjeld Olav Knutsson Espedal er han navnt her (avskrift frå Vossaboki B.II - Ringheim), som både Espedal og Mosafinn:LenkeKvar kjem Espedal-navnet inn? Nokon som kan oppklare dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Her er nokre opplysningar om Olav og hans slekt, tatt frå fylgjane kjelder:1. Anna P. Kløve, 'Olav Knutson Ringheim', Gamalt frå Voss, hefte 20, Voss 1988, s. 66-67.2. Botolv Baklien, Hallingslekter, Oslo 1987, s. 99-100.3. Lars Kindem, Vossaboki, bind 3, 2.oppl. Voss 1981, s. 424-425.4. Lars Opsata, Aal bygdesoge, bind 3, Ål 1968, s. 712.Olav sine foreldre var Marte Olsdr. Espegard og Knut Olson (f. ca. 1637). Knut var visstnok fredlaus, og dei slo seg ned på garden Voll i Raundalen, Voss. Knut var leiglending der ved manntalet 1701, rimelegvis også i 1680 og 1691. Han kjøpte garden i 1709, men selde att i 1713.Marte var dotter av Ola Johannessson Espegard (f. ca. 1592 på Hove) og Olaug Olsdr (f. ca. 1605), enkje etter Embrik Eiklid.Ola Johannesson var eigar av Espegard (i Leveld, Ål) frå 1645, han eigde og deler i gardene Haug (i Ål), Hove og Medgard. Det var skifte etter Olav og Olaug i 1671 og Marte fekk 3 laup i Haug. Dette selde ho til systersonen Torjus Trondson i 1684.Olav Knutson kjøpte 2 laup i Haug av syskenbarnet Torjus i 1717 og dette makebytte han i 1718 med 2 laup i Mosafinn ('Haug i Valdres' i Vossaboki skal vera 'Haug i Ål').Kvar kjem 'Espedal' ifrå? Artikkelen i Gamalt frå Voss siterer Lars Reinton sin teori som verkar rimeleg: 'Olav Knuson har sagt Espegal med tjukk l, som det heiter i Hallingdal, og så har presten høyrt, eller trutt han sa Espedal'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk til alle bidragsytarane under dette innlegget. Her var det mykje fine opplysningar som bidrar til å løyse mine spørsmål omkring Olav og Jorunn. Og forklaringa på Espedal-namnet verkar rimeleg.Finnes det informasjon som seier kvar Knut Olson (far til Olav) kom i frå?M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Barbara Lose

Til Ottar, innlegg 6I anetreet for Gaute Olson Gunhildgaard - Bortnes er 10x tippoldefar Vilhelm Gunhildgard - Nos (som er min 12x tipp..) oppført med feil fødselsår: Han og hans sønn Ole Vilhelmson - begge to f. ca. 1535. Er det rette året evtl. nevnt i teksten av Lars og Sigurd S. Reinton i Folk og fortid...?Mvh. Barbara Lose

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Tertnes

Hei!En liten opplysning.Espedal finnes i Evanger sokn, Voss.Jan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Barbara Lose

Hei! Espedal finner jeg hverken i FT 1801, 1865 eller 1900 for Voss - bare en gard Espeland i Hosanger. Barbara

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Når det gjeld Espedal trur eg kanskje det som står i innlegg (8) stemmer bra og at det skal vere Espegard:Kvar kjem 'Espedal' ifrå? Artikkelen i Gamalt frå Voss siterer Lars Reinton sin teori som verkar rimeleg: 'Olav Knuson har sagt Espegal med tjukk l, som det heiter i Hallingdal, og så har presten høyrt, eller trutt han sa Espedal'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Det er sikkert at Olav kom frå Hallingdal, så om det finst Espedal i Evanger eller ikkje er uinteressant i denne samanhengen.Torleiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Barbara Lose

Da har du selvsagt rett i.Jeg håper fremdeles at noen med adgang til Lars og Sigurd S. Reintons bok Folk og fortid i Hol, bind VII, kan sjekke når Vilhelm Gunhildgard-Nos ble født i Ål/Hallingdal. Ca. 1535 - som sønnen hans - kan jo ikke være riktig. Jeg er spent på om han var evtl. født før 1500.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Barbara,Eg har fått ei gedcom-fil der det står det samme som du nemner, d.v.s. at både far og sønn er fødd ca. 1535. Eg reknar med at kilden er den Reinton-boka du referer til, men vi får vente på bekreftelse på det.....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Eg må berre vedgå at eg har ein feil i slektsbasen min som er vidareført til anetavla på heimesida. Eg har sjekka kva Lars og Sigurd Reinton har skrive i bind VII av 'Folk og fortid i Hol'. Dei skriv om Gaute Børtnes som kjøpte ein del av garden Nørdstegard (Tufto) i Ustedalen i Hol: 'Gaute var opphaveleg frå Ål. son til Ola Vilhelmson Gunhildgard - Nos, son til Vilhelm, som m.a. åtte Storla i Gol. Om Storla vart det 5/2 1652 stor arvesak. Og av den saka og andre kjelder får vi kjennskap til borna til Vilhelm, som visstnok var 8 i tal, og til etterkomarane som slo seg ned på Nørdstegard og fekk etterkomarar i Hol, 'Gaute-ætta'. Borna til Vilhelm , som vi kjenner til: 1. Ola Vilhemson Gunhildgard - Nos, Ål f. ca 1535, g. m. Guri Gautesdtr.' Så fylgjer namna på dei andre 7.Reintonbrødrene har såleis ingen opplysningar om når Vilhelm Gunhildgard vart fødd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Barbara Lose

Hjertelig takk for utførlige opplysninger, Ottar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

I 'Boka om Gol' bind 6, av Terje Østro, står det at Vilhelm Olsson Storla var født i ca 1500. Jeg har også stilt spørsmålstegn om han var gift med en Guri, og om det var mor til 9 barn:1)Ola Vilhelmson Storla(Ca 1530-ca 1586).Han bodde på Nos i Ål, og i 1586 var han en av de største skatteyterne i Hallingdal. I 1560 betalte han bot for å ha holdt frille. Gift: Med Guri Gautesdatter. De er blant mine aner, gjennom sønnen Gaute Olsson Gunhildsgard(senere Børtnes).2)Tomas Vilhelmson som døde etter 1584. Han eide Storla i Gol, og er nevnt der som skattebetaler i 1560-61, 1591 og 1594.Han hadde arvet og delvis kjøpt gården Storla.3)Turi Vilhelsmdatter(ca 1540-etter 1593) Gift: Med Rolv Olsson Stave(blant mine aner).4)Knut Vilhelmson. Han var i Havardsgard i Nes, og i 1608 solgte han sine 3 løbbol i Storla til Gaute Olsson. Gift: Med NN Syversdatter Arnegard5)Liv Vilhelmsdatter, som levde i 1608 da hun solgte sitt arvegods i Storla, sammen med søsteren Turi.6)Tolleiv Vilhelmson, som var gift med en enke. Han var i Uppheim i Torpo i Ål. Han nevnes som lagrettemann i 1588, og lensmann i 1591.7)Vilhelm Vilhelmson, som døde før 1593. Han er bare en trolig sønn.Han eide gården Li, og er nevnt der i 1633 og i 1652. Hvis han er far til Arne Mattison Li, så er han en av mine mulige aner.8)Guri Vilhelmsdatter, som var gift til Rustad i Numedal, og i 1608 solgte hun sin del av Storla til Gaute Olsson. Noen mener også at Gaute Olsson kjøpte allerede i 1595, og det er ulike teorier ute og går her.9)NN Vilhelmsdatter som fikk 1 løbbol i arv i Storla.Kilder: 'Boka om Gol' bind 6, Terje Østro 'Hallingslekter' av Botolf Baklien Mail fra Anders Moen I tillegg så nevnes noen har i 'Ål Bygdesoge'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.