Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Herdis Holvik

[#14330] Absalon Sørensen Svarthumle f. ca 1791, kven var faren?

Recommended Posts

Gjest Herdis Holvik

Absalon Sørensen var son av Mari Andersd. som ved folketeljinga i 1801 var busett på garden Svarthumle i Eikefjord og gift med Eric Anderssen. Ho døydde same året, og det går fram av skifteregisteret at det vart halde skifte etter henne. Absalon var på dette tidspunkt 10 år gamal, og oppført i folketeljinga som 'Konens Børn'. Av kyrkjebøkene har eg funne at han i perioden 1825-1843 fekk fem born i ekteskap med Synneve Olsd., men elles finn eg ingen opplysningar om verken han, kona eller faren hans. kan nokon hjelpe meg å komme vidare?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Harbek

Kan dette Lenke (FamilySearch/IGI) være ham og foreldrene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Harbek

Oj, det ble ikke noen vellykket lenke! Jeg søkte FamilySearch slik: Name: absalon sorensen - Birth/Christning: 1791 +/- 2 years - Country: Norway, og fikk opp Absalon Sivert Sørensen, døpt 07.11.1789 i Svano, Sogn og Fjordane, av foreldre Soren Olson og Mari Andersdr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Herdis Holvik

Eg trur nok dette er rette personane, sjølv om fødselsåret ikkje stemmer. Det er etter mi erfaring ikkje så heilt uvanleg at alderen på personar i folketeljinga 1801 er litt omtrentlig samanhalde det med kyrkjebøkene. Har no funne at Søren Olsen Svarthumle døydde i 1790. Så mange takk til deg, og for at du også har avklart for meg kvifor eg har hatt så lite hjelp av familysearch så langt. Eg har nemleg brukt gardsnamnet som etternamn, og det har ikkje gitt så mange treff! No har eg mykje som skal prøvast på nytt opp mot denne kjelda.Vennleg helsing Herdis

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.