Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#14394] Peder Asbjørnson (Luster) gm Mariane Olsd (Melhus)-kvar vart det av ho og borni?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Peder Asbjørnson, fødd på Kroken i Hafslo (Luster) 1.9.1828, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Lødingen 1.6.1857 med Marit ''Mariane'' Olsdotter, fødd i Forsetåsen under Forset i Melhus 17.2.1834.Peder var snikkar, og han og Marianne flytte kring i Nordland og Troms fylke; mellom bustadene deira finn me Tysfjord (Lødingen), Hammarøy, Trondenes, Ibestad og Vågan. I 1877 vart det sagt dei skulle bu i ''Bergen stift'', og i 1879 ser me at Peder Asbjørnson Kroken utvandra åleine til Amerika over Bergen. Bustaden hans vert då oppgjeven til Vangen, men eg mistenker dette for å vera feil for Vaagan, då huslyden i 1875 budde i Kabelvåg, Vågan!I 1880 var snikkar Peter Asbjornson (åleine) busett hjå gamle kjende frå Luster i Vernon Co., WI, men seinare lagnad er ukjend. Og ikkje heller har eg so langt funne noko meir om korkje Mariane eller borni deira etter 1875. Eg kjenner til desse borni (i 1865 {Ibestad} vert dei nemnde Pedersen, medan dei i 1875 {Vågan) vert nemnde Asbjørnsen!):* Anton Bernt(sen) Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Tysfjord, Lødingen 29.9.1856, budde med foreldri 1875, sidan ukjend.* Martin Ingvard Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Hammarøy 24.9.1858, budde òg med foreldri 1875, sidan ukjend.* Anna Jensine Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Trondenes kring 1862, budde likeins med foreldri 1875, sidan ukjend.* Karl Magnus Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Ibestad 17.12.1864, må vera avliden før 1870.* Petra Mathilde Klaudise Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Ibestad 28.8.1867, døydde i Ibestad 4.12.1868.* Karl Magnus Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Ibestad 1.1.1870, budde med foreldri 1875, sidan ukjend.* Almar Klauris Pedersen eller Asbjørnsen, fødd i Vågan 1875, budde med foreldri 1875, sidan ukjend.Eg tykkjer det er merkeleg at ein heil huslyd kan forsvinna slik heilt sporlaust, men kanskje eg har oversett eitt eller anna. No vonar eg iallfall at nokon der ute kan hjelpa meg å finna att både mori Mariane og kanskje eitt eller fleire av borni? Har dei kanskje òg ''lurt'' seg stad til Amerika?På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

WOOPS: Ein ny kikk på 1900-teljingi kan ha avslørt ein av sønene til Peder Asbjørnson og Mariane:1900 Hadsel, garden Lahaug syner:~~~~~~~~~~ASBJØRNSEN, Martin, sjølveigane gardbrukar og snikkar, fødd 1859 i HammarøyASBJØRNSEN, Johanna, f. Kristoffersen, kone, fødd 1856 i VåganPEDERSEN, Alberta, pleiedotter, fødd 1889 i Hadsel~~~~~~~~~~Men so er spørsmålet; er det mogeleg å finna ut noko meir om denne huslyden? Kanskje døydde Martin barnlaus, og då vil skiftet etter han vera særleg interessant...!?Og; kvar er dei andre borni??Nok ein gong; hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.