Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14409] Johannes Larsson Mjelva (1811-1890) - Grytten - Ålesund - Harstad - borni hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Larsson Mjelva, fødd på garden Høgi i Hafslo (Luster) og døypt der 6.1.1811, gifte seg i Hafslo 20.6.1837 med Ingeborg Pedersdotter frå Joranger i Hafslo, døypt der 13.1.1813. Etter fleire år som husmannsfolk i Hafslo flytte huslyden i 1844 til Grytten der me finn dei att som gardbrukarar på garden Mjelva. Ingeborg døydde på Mjelva 3.11.1888, medan Johannes d. som kårmann same staden 4.10.1890. Dei fekk ni born, som alle ser ut til å vera farne derifrå:a) Anna Johannesdotter Mjelva, fødd i Hafslo 4.7.1837, flytte i 1859 til Kristiansund for å tena, men budde 1865 på Mjelva i lag med foreldri - seinare lagnad ukjend.b) Martha Johannesdotter Mjelva, fødd i Hafslo 15.2.1839, gifte seg i Grytten 11.10.1865 med Knut Knutson, fødd på Rugjerd i Veøy 4.7.1840. Knut var i 1865 sagd å vera ''handelsborger'' i Ålesund, men eg kan ikkje finna dei i FT 1865 - seinare lagnad ukjend.c) Lars Johannesson Mjelva, fødd i Hafslo 17.5.1841, flytte etter 1865 til Harstad (Trondenes) i Troms der han 19.7.1872 gifte seg med Marit Svendsen frå Brekkestugu under Hinbrekka i Dovre, fødd i Lesja 26.9.1851. Lars Mjelva var skomakar, og han og Marit budde i 1900 framleis i Harstad - seinare lagnad ukjend. Men dei fekk fleire born:-- Hjalmar Mjelva, fødd 1872, 1900 skreddarsvein i Trondheim.-- Sverner Mjelva, fødd 1875, 1900 typograf i Harstad.-- Ingeborg Mjelva, fødd 1877, 1900 sypike i Trondheim.-- Gunnar Mjelva, fødd 1879, 1900 bakarlærling i Harstad.-- Andreas Mjelva, fødd 1880, 1900 maskinarbeidar i Trondheim.-- Anton Mjelva, fødd 1886, 1900 hjå foreldri i Harstad.d) Peder Johannesson Mjelva, fødd i Hafslo 5.2.1843, budde 1875 som fiskar og dagarbeidar hjå broren Lars i Harstad - seinare lagnad ukjend.e) Andreas Johannesson Mjelva, fødd i Grytten 21.2.1845, miste livet då fiskebåten han var på forliste 12.1.1880. Han budde på Mjelva og var ugift.f. Ole Johannesson Mjelva, fødd i Grytten 29.9.1847, budde 1875 som fiskar og dagarbeidar hjå broren Lars i Harstad – seinare lagnad ukjend.g) Ingeborg Johannesdotter Mjelva, fødd i Grytten 4.2.1850, budde 1865 hjå foreldri på Mjelva - seinare lagnad ukjend.h) Johannes Johannesson Mjelva, fødd i Grytten 8.10.1852, skal kring 1874 vera flytt til Harstad, men ikje attfunnen - seinare lagnad ukjend.i) Christopher Johannesson Mjelva, fødd i Grytten 23.7.1856, døydde i Grytten 18.3.1857.~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg er svært interessert i fleire opplysningar om borni i denne huslyden. Dei kan vel ikkje vera heilt ''sporlaust'' borte? Kanskje ætti til Lars Mjelva i Harstad kan sporast opp og derigjennom bidra til å finna dei andre?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Kanskje det i løpet av siste året er komne til nye lesarar som kan hjelpa meg på veg når det gjeld denne huslyden?Eg står heilt fast og seier hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars.Der er en Aagot Mjelva som tjenestepike i Bergen i 1875.Hun er født i Grytten 1849.Er det en av 'dine' ? Lenke Der er forøvrig også en Olaf Mjelva son student i Oslo i 1875 , men han skal være født i Drammen i 1853.' Faderen kjøbmand ?' Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Rune for tapre freistnader på å finna att medlem av denne huslyden på Mjelva i Grytten. Men diverre er eg ikkje i stand til å sjå nokon samanhang mellom Johannes Mjelva og dei personane som du nemner. Eg er redd me lyt leita lenger mot nord...Eg lever framleis i voni og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Et lite bidrag til 1b, Knud Knudsen Rydjord, fetter av min tippoldefar/mor. Jeg har ikke vært obs på spørsmålet før nå. Opplysninger fra bygdebok for Holm sokn II (Arnold Solemdal 1999) s 219. Han har nok heller ikke hatt telling på familien.J3 Knud Knudsen Rugjer (nå Rydjord), 1840-d før 1875, bygningssnekkar, var gift med ei dame frå Kristiansund. Knud fall ned frå eit kyrkjetårn i Kristiansund og døydde. Han hadde ei dotter med Ane Rasmusdt Aukratangen før ekteskapet. Rikka budde hos besteforeldra i 1875. K 1 Rikka Sofie Rydjord, 1863-1941, ugift, Drammen.Hvor Solemdal har det fra at Knud døde før 1875 vet jeg ikke, men jeg finner ikke Knud i 1865 tellingen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Lars, se tema 21587. Kan ikke dette være din Martha Johannesdatter Mjelva? (Se 1 b)Mvh Osvald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Osvald, for å trekka merksemdi mi til tema # 21587. Ingen tvil om at dette er rett Martha Johannesdotter, so då er lagnaden hennar so nokolunde kartlagd...Men framleis saknar eg fleire søsken i denne huslyden. Kvar kan dei ha teke vegen, mon tru...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Mathisen

Hei.Siden mange av de du ettlyser holdt til i Harstad, har du prøvd en 'etterlysning'i lokalavisen Harstad Tidende ?? Det er mulig at de er i streik i denne avisen akkurat nå, men den tar vel en slutt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Steinar Olsen

heihar et forslag, send heller det til'slekta vår' bladet til slektsforeningen i Harstad redaktør erGerd Hay Eriksen Bergsodden 26 9403 Harstadghayerik@c2i.netanbefaler alle de som har slekt i Sørtroms (Trondenes etc) å melde seg inn i Foreningen (200,- pr. år) det er lages 4 hefter i året. og som vanlig trenger de stoff om slekt med tilknytning til området.Steinar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Mathisen

Følgende er å finne i klokkerboken for Trondenes om denne familien:Fødte: Født 14/1-1906, Astrid Helene, Død 13/2-1906. Far: D/S maskinist Andreas Larsen Mjelva,Harstad.Født 22/6-1913, Mathide, Død 22&-1913 Far: D/S maskinist Anton Mjelva, HarstadKonfirmerte: Konfirmert 22/9-1901, Anton Mjelva, Harstad, Foreldre Lars Johannessen Mjelva og Marit Svendsdtr.Gifte: 15/-1904, D/S maskinist Andreas Mjelva, Harstad og fabrikarbeiderske Helga Otelie Hansen, Bodø.Døde: 8/8-1902, ugift typograf Sverner Mjelva, Harstad. foreldre skomaker Lars Johannessen Mjelva og hustru Marit Svendsen.28/8-1915 gift skomaker og huseier Lars Johannessen Mjelva, Harstad. Født i Hafslo prestegjeld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Sverre Budahl

Du finner Lars Mjelva under familie nummer 2898 i boka 'Folk og slekt i gamle Trondenes'. Her er stort sett ikke andre oppysninger enn det du har fra før, men kan nevne at Lars døde i 1915 i Harstad, sønnen Sverner døde i Harstad i 1902. De hadde en sønn til, Aksel, født i Harstad i 1884 og død i Harstadsjøen 1887.Kan ellers huske å ha blitt fortalt at en Mjelva hadde ei hytte ved Storvann Nord. Dette har trolig vært Gunnar siden han var baker av yrke, det samme som min morfar Peder Moen. Denne hytta har i dag gårdsnummer 73/6/1, og er eid av Jørgen Kristoffersen i Harstad. Vil tro at han kanskje kunne ha noen opplysninger til deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Sverre Budahl

Har begyndt og fotografere gravminner i Harstad for DIS-Norge. Har på Tofta gravlund funnetdisse støttene:Gunnar Mjelva f. 20 apr 1879 d. 1 jun 1955Hjalmar Mjelva f. 27 feb 1874 d. 22 sep 1957Lars Mjelva f. 17 mai 1841 d. 28 feb 1915Marit Mjelva f. 25 sep 1851 d. 15 mar 19x9Sverner Mjelva f. 8 jan 1876 d. 8 aug 1902Dersom du er interessert i kopi av bildene send en mail til la2mv@amsat.org

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars!Ref. denne debatten der vi også kjem innom Marta J. Mjelva: Lenke.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.