Gå til innhold
Arkivverket

[#14435] Jacob Wangensteen Pederson Lommeim, f. 1802, haugianar frå Hafslo til Grytten..?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jacob Wangensteen Pederson Lommeim, fødd på garden Lommeim i Hafslo (Luster) og døypt der 20.1.1802, gifte seg i Hafslo 8.6.1830 med Kari Eriksdotter, fødd på garden Solvi i Hafslo (Luster) og døypt der 8.2.1801. Våren 1831 flytte Jacob og Kari til Grytten i Romsdalen der dei skulle busetja seg på garden Brøste. Dei er ikkje å sjå nokon stad i FT 1865, korkje på Brøste eller andre stader i Grytten (eller i heile landet...)!Eg kjenner til tre born:* Peder Jacobson, fødd i Hafslo 14.3.1830.* Ragnhild Jacobsdotter, fødd i Grytten 9.8.1832.* Gjertrud Jacobsdotter, fødd i Grytten 11.6.1840.Eg har heller ikkje funne nokon av desse borni i FT 1865, so kvar vart det av denne huslyden? Kan dei ha utvandra til Amerika??Kanskje opplysningar frå garden Brøste i Grytten kan gje oss eit svar? Eller konfirmantlister frå Grytten?Jacob Wangensteen Pederson Lommeim, ein bror av Jens Pederson Lommeim i Ørskog/Ålesund, var òg haugianar.Eg vonar at einkvan der ute er i stand til å hjelpa meg spora opp denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Med skanna kyrkjebøker for Grytten har eg pusla litt i kveld med denne huslyden, som eg sidan 2003 ikkje har funne ut noko meir om.No fann eg sonen Peder Jacobson konfirmert i Grytten (Kors) i 1845, og so finn eg denne flyttingi i 1847:[url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070820660130.jpg>LenkePå venstre side #147, 148 og 149 finn me Jacob, Kari og sonen Peder som i oktober flytter til Nesset, men frå kva gard i Grytten flytte dei? Greier nokon å tyda namnet? Det same namnet kjem fram ved konfirmasjonen til Peder i 1845:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Her er innflyttingi av denne huslyden til Nesset, men nok ein gong er skrifti vanskeleg å tyda. Kva gard i Nesset er det dei busetter seg på?LenkeElles er det jo interessant å sjå at ei ny dotter dukker opp, Synneva, i tillegg til Gjertrud, men Ragnhild ser me ikkje noko til...!WOOPS! No fann eg endeleg det meste av huslyden i FT1865 under garden Bakkeengen i Nesset; dei har gjort gudbrandsdølar av seg, og mannen har endra patronymikon...!! Ikkje so underleg at eg ikkje har funne dei før!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Christen Hansen Husfader g Gaardbruger Selveier 1830 Lesje Prgj.Ragnil Jakobsdatter hans Kone g 1832 Lesje Prgj.Jakob Eriksen g Føderaadsmand 1801 Lesje Prgj.Kari Eriksdatter hans Kone g 1801 Lesje Prgj.Peder Jakobsen hans Søn ug Tøndearbeider 1830 Lesje Prgj.Karn Pedersdatter Sønens Datter ug 1861 Næssets Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~No skulle eg tru det vert lettare å finna att denne huslyden ogso etter 1865. Er det nokon som har tilgjenge til bygdebøker for Nesset...?Nokre konkrete spørsmål:* Dato og stad for dødsfallet til Jacob?* Dato og stad for dødsfallet til Anna?* Biografiske opplysningar om borni deira?Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Hei Lars,Ikkje mykje eg kan bidra med når det gjeld personane, men i innflyttinga til Nesset les eg:1847: Gaardbr. Jacob Pedersen Brudeliberg indflyttet fra Grytten, hvortil han med Kone og Son var indflyttet i Aaret 1831, for at beboe en Part i Gaarden Harholdt.Sonen Peder vart konfirmert frå Brudelibjerg, og same gardsnamnet står oppført ved utflytting frå Grytten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aud for godt tolkingsarbeid. Eg er lite kjend i Romsdalen og greidde ikkje ''assosiera'' desse namni nokon stad...Eg kan elles leggja til at dotteri Synneva ''Synnev'' Jacobsdotter i 1865 var ugift ''skrederinde'' på Sjørli i Nesset.So får me vona at ein eller annan sit med bygdebøkene for Nesset og kan bidra med fleire opplysningar om lagnaden til desse folki der...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Ingunn Selnes

Hei Lars! Takk for telef.samtale. Nå er jeg heime igjen og har leita litt i Nessetbøkene. Familien står nok ikke under Harholt. De var på bruket Engen under Bakken g.nr. 8 br.nr. 4 i Nesset. Dette er i b. 1 s. 184 som kom ut i 1973 v/Ottar Roaldset. Opplysningene er ufullstendige, men jeg siterer det som står:'Jakop Pederson Brudeli kjøpte bruket for 200 spd. Jakop Pederson var født 1804 i Dovre, men da han flytta inn i Nesset, kom han frå Grytten. Tradisjonen i familien går ut på at han skulle vera frå Lærdal i Sogn. Forklaringa på dette må vel vera at han har vore der ei tid.Det blir elles fortalt om Jakop at han var både klok og djerv. I 1859-60 førte han sak med eigaren av hovudbruket om hamnerett. Han førte saka si sjølv, og etter ei lang sak som er på 58 fullskrivne sider, fikk han retten sitt medhald.Kona hans heitte Kari Eriksdotter og var fødd 1813 i Hafslo. Dei hadde desse borna, som var fødde før dei kom til Nesset:1. Ragnhild f. 1833. Gift med Kristen Jonson f. 1830 i Dovre. 2. Synnøve f. 1834. Ho var trulova med Iver Olson på br.nr. 1 under Åfløy. Det vart inga gifting av det, og det blir sagt at ho var litt 'rar' etter dette. Familien bygde ei stue nede ved vegen, og der strikka og spann ho. Synnøve døydde 1910. 3. Peder f. 1835. I 1868 hadde han dottera Karen med Brit I. Bugge. Same året flytta han til Kristiansund. 4. Gjertrud f. 1840. Ho flytta til Tingvoll i 1869.Kari Eriksdotter døydde i 1892.' ****Det står ikke noe om når Jakop Pederson døde. Men det er mulig du finner det nå når så mange av kirkebøkene for Nesset er skanna og ligger på Nettet. Det var etterkommer etter Ragnhild og Kristen som hadde bruket i 1973. Familienavnet på siste generasjonene var Gussiås. Lykke til!Mvh Randi Ingunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Ingunn for kjempeflott og avklarande innlegg! Eg ser at fleire av detaljane er noko unøyaktige, men eg har no saumfare dei av kyrkjebøkene for Nesset (Rød) som er skanna, og eg har funne dei fleste detaljane som eg mangla, inkl. dødsdato for Jacob Wangensteen Pederson på Engen 12.1.1884.MEN, det er framleis ein einaste dato eg IKKJE finn i Nesset, og det er:* Dødsdatoen for Kari Eriksdotter i 1892!? Er det noko eg har oversett, eller....?Elles har òg funne Gjertrud Jacobsdotter gift i Tingvoll, men dette vil eg ta opp sopm eige tema for å fanga merksemdi til lokalkjende brukarar som kanskje kan bidra med noko. Det same gjeld Peder Jacobson i Kristiansund...Nok ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Ingunn Selnes

Hei Lars!Roaldset har nok skrive rett årstall. Jeg fant dødsfallet til Kari Eriksdtr. i den skanna kirkeboka: Nesset (Rød) 1886-1894, klokkerbok.Kari Eriksdtr., enke etter Jakop Pedersen, d. 16.08.1892 på Engen, (Bakken).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Pedersen Lomheim (1750-1816) skal med sin 1. kone Gjertrud Pettersdotter ha fått sønnene Peder (1779-1808), Petter (1785-et.1815) (overtok Lomheim) og Jens f.1778. Førstnevnte fikk igjen sønnen Peder Pedersen Lomheim (1803-1855), som 2.g. ble g.m. Malene Pedersdatter Kvam.Hvor hører Jacob Wangensteen Pederson Lomheim (f.1802) hjemme her, og hvor kommer 'Wangensteen' fra her ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Ingunn og Per for nye innlegg. No ser eg at klokkaren lurte meg... Eg var ikkje merksam på at jentene hadde eigne sider i boki...Til Per: Gamleklokkaren i Hafslo, Peder Pederson på Lommeim (1750-1815) var gift to gongar og hadde tolv born (10 + 2). Sonen Petter sat med skøyte på garden ei kort tid etter at eldste sonen Peder fall i svenskekrigen, men han flytte snart frå bygdi, og lagnaden hans er teken opp i eit anna tema i Brukarforum.Jacob Wangensteen Pederson er eitt av dei andre borni til gamleklokkaren, og han har nok Wangensteen-namnet sitt frå morsætti i Lærdal (Petter Leyrdahl).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.