Gå til innhold
Arkivverket

[#14436] Petter Rumohr Pederson Lommeim, f. 1785, kvar vart det av denne haugianaren?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Petter Rumohr Pederson Lommeim, var fødd på garden Lommeim i Hafslo (Luster) og vart døypt der 13.11.1785. Etter at eldste bror hans døydde i svensk fangenskap på Gustafsborg i 1808, fekk Petter hand om heimebruket på Lommeim, men han slutta med garden alt i 1811 og flytte frå bygdi. Han vart ikkje gift i Hafslo.Gjennom eit skifte veit me at Petter framleis levde i 1815, men ingen kan seia kvar. Dette var ein huslyd av haugianarar, og me kan vel vera nokolunde trygge på at Petter Rumohr Pederson òg vart ein av ''Hauges vener'', men kva lagnad fekk han?Eg vonar at ein eller annan der ute er i stand til å kasta ljos over denne personen, og eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Det fantes en Peder Pedersen Lomheim (1803-33) g. Malene Pedersd. Ytre Kvam. Jeg tror han hadde en faster Dorthe f.1767, g. Claus Rumohr Reutz (1758-1803). Var 'din' PRPL i nær familie med disse, eller var han kanskje s. av Peder Leganger Claussen Rumohr på Rikheim i hans 2. ekteskap m. Christen Munthe ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Peder Pederson Lommeim (III) (1803-1855) var son av Peder Pederson Lommeim (II) (1779-1808) som døydde i svenskekrigen og soleis ein brorson av Petter.Petter, Jens og Jacob (og fleire andre søsken, inklusive Peder II) var born av Peder Pederson Lommeim (I) (1750-1815) og første kona Gjertrud Pettersdotter (1756-1808). Gjertrud var dotter av Petter Rumohr Jonasson Leyrdahl på Voll øvre i Lærdal.Dette er ein stor og vidstrakt huslyd, men eg har etter kvart funne att dei fleste; no vonar eg at ogso Petter vil dukka opp...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Per Nermo

Hvem var den Jonas (Rumohr) som var far til Petter Rumohr Jonasson Leyrdahl på Voll øvre i Lærdal ? Samme mann som er kalt Jan/Johan Claussen Rumohr (1662-1735) ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

... og hvor kommer Dorthe Pedersdatter Lomheim (1767-1840) g. Claus Rumohr Reutz (1758-1803), ev. inn i denne Lomheim-slekta ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sølvi Arntzen

Dorthe Pedersdatter Lomheim var datter av Peder Jensen Lomheim (1710-1785) og Sidselle Hansdatter Moe, født 1721, død etter 1801. Jeg kjenner ikke til hennes søsken.Kilde: Tidsskr. Historielaget for Sogn, nr.6, 1924. P.Tang: Moe gård i Hafslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Takk, Sølvi ! Brita Pedersdatter Lomheim (1830-84) ble Claus Rumohr Moe (1812-82) sin 2. kone i 1852, og ekteparet skal iflg. P.Tang ha vært tremenninger. Jeg trodde slektskapet var på 'Lomheim-siden', men får ikke dette til å stemme:Brita's aner: Peder P. Lomheim (1803-55)/Malene Pedersd. Kvam (1812-1893) - Peder P. Lomheim (1779-1808) - Peder P. Lomheim (1750-1850)/Gjertrud Pettersd.(Rumohr/Leyrdahl) (1756-1808). (Peder er igjen muligens s. av Peder Jensen Lomheim (1710-85)/Sidselle Hansdatter Moe (f.1721), se under).Claus' aner: Peder Jørgensen Hess (1761-1847), g.2:Karen Munthe Clausdatter Rumohr Reutz (1790-1869) - Dorthe Pedersdatter Lomheim (1767-1840)/Claus Rumohr Reutz (1758-1803) (på Moe) - Peder Jensen Lomheim (1710-85)/Sidselle Hansdatter Moe (f.1721).Ovenstående gjør ikke Brita og Claus til tremenninger, generasjonene blir 'én skjev'. Noen som har et tips vedr. dette tremenningsskapet ? (Kilde: Tidsskr. Historielaget for Sogn, nr.6, 1924. P.Tang: Moe gård i Hafslo).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sølvi Arntzen

Jeg er enig i dine slektsrekker. Slektskapet blir skjevt.Jeg har likevel søsken til Dorthe Pedersdatter. Iflg. Hafslo. Bygd og ætter, av overlærer Jon Laberg, 1926, var hun datter av Peder Jensen Lomheim, driftekar fra Baasaaker, gift 1745 med Sidselle Hansdatter Moe (1721-1806). Disse var også foreldre til klokker og skoleholder i Hafslo, Peder Pederson Lommeim (1750-1815) og til Gjertrud Pedersdatter, gift til Beim.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Nina Therese Brennesvik

Lars:Eg har ein teori. Svak ein, rett nok, men dog. Kan Petter ha fare i krigen? Då eg prøvde å nøsta opp i denne Lomheimsslekta slik ho står i Laberg, var det gjengitt eit brev ifrå ein kar som måtte fara i krigen (s.305). Per Einarson Elvetun (Beim) skriv til kona, og der står: '...Ligeledes beder jeg kiære kone, at du tilmelder mig, om du har bekommet den skjorten, som jeg sendte hjem med Petter Lomheim i høst,...' Kan det vera Petter Rumohr Lomheim? Det kan sjølvsagt vera nokon andre, for det er svært mange Per og Petter på Lomheim. Har diverre ikkje stort anna å byggja på enn dette...Helsing Nina.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar so mykje for fleire innspel i denne saki sidan eg har vore bortreist i over fem veker. Men, medan nye spørsmål ser ut til å ha funne ei løysing, er det framleis eit mysterium kva som skjedde med Petter Rumohr Pederson Lommeim! Han kan godt ha vore soldat i svenskekrigen, men i so fall overlevde han, for han levde framleis i 1815! Eg trur han ''gøymer'' seg ein eller annan stad i Romsdalen...!?Nok ein gong hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Etter at eg etter kvart har lukkast finna att dei to brørne:* Jens Pederson (Lommeim) i Ålesund og Ørskoug (sjølv om dødsfallet enno ikkje er funne), og* Jacob Wangensteen Pederson (Lommeim) i Grytten og sidan i Nesset,sit eg framleis med spørsmål om kvar den tredje haugianarbroren gjorde av seg. Petter Rumohr Pederson (Lommeim), fødd i 1785, levde framleis i 1815, men er ikkje å sjå i Sogn og er truleg òg faren til Romsdalen.Kanskje er det nokon som har råka borti denne karen ein eller annan stad i den landsdelen? Eller kan han ha butt på Lesja eller i Austerdalen?Eg lever framleis i voni om at Petter endeleg kjem or skåpet og soleis kan sporast.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i kveld få henta fram att dette problemet som framleis står uløyst! Denne haugianaren ser ut til å vera heilt ''sokken i jordi'', men evig optimist som eg er, vonar eg framleis på at einkvan kan ha ''snubla'' over dette namnet ein eller annan stad? Eg vile ikkje verta overraskja om han finst ein eller annan stad i Romsdalen...Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.