Gå til innhold
Arkivverket

[#14445] Garder og grunner i Bergen på 1500-talet.


Gjest Stein Arne Fauske
 Del

Recommended Posts

Gjest Stein Arne Fauske

Eg er hovudfagsstudent i historie ved NTNU og abeider med Giskegodset på 15- og 1600-talet. I denne samanheng har eg støyt på eit problem knytt til nokre garder og grunner i Bergen. I 1539 (DN II nr 1131) inngår Truid Ulfstand(på Gjørvel Fadersdatter sine vegne)forlik med Inger Ottesdatter angåande jordegods dei lenge har krangla om. Der i mellom nokre gardar og grunner i Bergen. Denne diskusjonen har truleg pågått sidan skiftet etter junker Hans Sigurdsson i 1470. Sjølv om hr Truid og fru Inger tilsynelatande blir einege kjem saka opp på nytt i 1547 (DN XII nr 618).Då hevdar fru Gjørvel sin tredje ektemann, Lage Brade, retten til desse eigedomane i Bergen på kona sine vegne. Gardane det er snakk om er: Hr Alf Knutssons gard, Brynjulfstomta og Galgen. Alle desse ligg i Dreggen. Hogenhus i Korskirke sogn, Ottargarden i Mariekirke sogn, Boklegard, Asketingsgarden og Gylten. I jordeboka for Giskegodset 1563 finn eg att Dreggen, men ikkje dei andre eigedomane. Dette også den siste gangen Dreggen blir nemnt i Giskegodst sine jordebøker. Eg er intressert i å finne ut kven som eigde desse bygrunnane i tida etter 1547. Eventuelt om det er nokon som har forslag på kvar eg skal leite for å få opplysningar om dette. Eg har søkt i DN, men utan særleg hell. Eg er også interessert i å vite kvar desse gardane og grunnene låg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Statsarkivet i Bergen har nok ikke mange kilder som kan hjelpe i foreliggende problemstillinger. Vi har en grunnbok fra Bergen fra 1686-96, som nettopp er ferdig avskrevet i digital form, og som nok gi hjelp til mange spørsmål om grunner i Bergen. Den boken regner vi med vil bli publisert i løpet av noen måneder.Vi kan vise til noen trykte bøker (som vi nok regner med at spørreren allerede kjenner), men i hvert fall:Bernt Lorentzen: Gård og grunn i Bergen i Middelalderen (1952).Geir Atle Ersland: Eit forsøk på rekonstruksjon av grunneigefordelinga i Bergen ved utgangen av seinmellomalderen. 362 s. : ill. Hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 1989 I. og samme forfatter: Kven eigde byen? : ei gransking av opphavet og utviklinga av grunnleige i Bergen og eit utval nordeuropeiske byar. 249 s. Avhandling (dr. art.) - Universitetet i Bergen, 1994.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Christian Koren Wibergs mange skrifter, utgitt av Det hanseatiske museum i Bergen, gir opplysninger om gårdene på Bryggen, også med eierforhold. Riksarkivet har noen jordebøker fra 1600-tallet over fru Gjørvels jordegods (dels i Rentekammeret, dels i Stattholderarkivet). Det kan også lønne seg å gjennomgå Stattholderarkivets adelsjordebøker fra 1624-1665 siden en del adelsgods inneholdt bygårder i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Stein Arne Fauske

Takk til både Nedrebø og Vigerust. Nedrebø: Eg har allereie leita i B. Lorentzen, men det er lite det som seier noko om perioden etter 1547. Ersland sine bøker har eg no bestilt, sjølv om dei tilsynelatande omhandlar tilhøva i seinmellomalderen. Vigerust: Jordebøkene over fru Gjørvels gods er eg godt kjendt med. Og der er ingen bygardar der. Det er bortsett frå Dreggen som blir nemnt i 1563, men ikkje seinare. Det virker utruleg at dette var den einaste bygarden fru Gjørvel fekk endå ho gjorde krav på mange fleire. Eg har desverre ikkje tid og anledning til å gå gjennom alle adelsjordebøkene i Statthalderarkivet. Det kan kanskje hjelpe om du veit kven som eigde fru Inger Ottersdatter sitt jordegods i første halvdel av 1600-talet. Kanskje det er der dei er?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Fru Ingerd Ottesdotters gods er fordelt må mange hender i 1624 ff. Lungegårdsgodset inneholder én del av dette, men det gjør også jordebøkene innen f eks slekten Bildt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Stein Arne: Sjå om Dreggen i Absalon Pederson si dagbok (Kommentarbind, s 47, ved Halkild Nilsen): Absalon Pederssøn: Dagbok og Oration om mester Geble, Universitetsforlaget 1970.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.