Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Harald Jarl Runde

[#14508] Postmeister Randulf i Borgensund

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

På byrjinga 1800-talet var ein viss Randulff postmeister i Borgensund, det vil seie omlag dagens Ålesund. Kva var hans fulle namn, når levde han og kvar budde han?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

PETER NICOLAI RANDULFF (1766-1817), overtok 1801 borgarsetet Hamna - også Skrivarhamna og Vågneshamna - etter verfaren (Thomas Hammond)og fikk kongeleg kremmarløyve 1802. Han hadde vore tilsett ved den kongelege grønlandske handel 1792-1801, som kjøpmann i Umanaq 1794-1800, og før den tid hadde han budd på Sunnmøre, først som skrivekar for onkelen, sorenskrivar Johan Lausen Bull, seinare som futefullmektig. I hans tid var Hamna postkontor i 'Borgensund', der Randulff var postmeister 1804-12. Handelsløyvet sa han opp 1808 (handelsskatt 1802-08). 1812 blei Randulff utnemnd til overkrigskommisær og 1814-15 var han inspektør for Runde fyr samt sjef for ei avdeling av kystvernet på Sunnmøre. Han flytta så til Stavanger, der han var toll- og konsumpsjonskasserar til 1817.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Takkar for fyldig utgreiing frå Bjørn Jonson Dale + henvisning til Postmuseet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.