Gå til innhold
Arkivverket

[#14528] Forfedre: Torkild Endresson Åreflaten, Luster(?)


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Notatene her trur eg er i frå Hyllestad-bøkene, men er usikker sidan eg har gløymd å skrive kvar eg har henta det frå:Torkild Endresson Åreflaten, f. ca. 1728 Åreflaten, Luster, d. 1795 Porten, Hyllestad og g. 1763 m. Brithe Pedersdtr. Espeland, f. ca. 1730 Espeland, Hyllestad(?), d. 1818).Nokon som kjenner til Åreflaten og kven forfedrene til Torkild er?Det er vidare notert at foreldrene til Brithe var Peder Rasmusson Østerbø, f. ca. 1701 Balestrand(?), d. 1774 og g. 17?? m. Randi Lassesdtr. Østerbø, f. ca. 1707, d. 1770.Er ikkje lokalkjend, men Østerbø er vel heller eit Vik/Lavik/Aurland enn eit Balestrand navn? Er det nokon som har opplysninger om desse personane og deira forfedre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Torkild Endreson Porten var fødd på Heltneåkeren, Heltne i Fortun sokn, Luster kring 1728 som son av gardbrukar Endre Endreson og kona Ingeborg Tollefsdotter. Som enkje vart Ingeborg attgift med ein husmann på Åreflaten under same garden Heltne, og der voks Torkild opp. Torkild vart sidan sersjant ved regimentet i Vik, men hamna som gardbrukar på Porten i Hyllestad med andre kona Britha Pedersdotter som var frå Espeland i Hyllestad.Denne ætti er utførleg omskrivi i Gards- og Ættesoga for Luster, band I (1984) under Gnr. 21, Heltne og ymse andre gardar, stort sett i same sokni.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.