Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14537] Carl (Andreasson) Pedersen, f. 1835 i Drammen, til Amerika - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Kirsti Larsdotter frå Hotlen (Sandvik) i Luster, fødd 30.7.1843, utvandra i 1864 til Amerika og gfte seg i Dane Co., WI 4.1.1871 med:Carl Pedersen, oppgjeven å vera fødd i Drammen kring 1835 som son av Andreas Pedersen og kona Karen. Han vart sagd å vera sjømann (''sailor'')!Trass i utstrakt leiting har eg ikkje so langt vore i stand til å finna opphavet til denne Carl Pedersen i Drammen, men kanskje har eg ikkje vore grundig nok... Eg ser av FamilySearch at ein Carl Andreas var fødd i Brevik 5.2.1845 av foreldre Andreas Pedersen og Karen Sophie Tengelsdotter, men om det skulle vera han, so er alderen feil oppgjeven i Amerika, og det er jo eit stykke frå Brevik til Drammen, sjølv om dei godt kan ha flytt på seg... Eg ser ikkje noko meir til Andreas Pedersen og Ksren Sophie Tengelsdotter i Brevik!Eg har heller ikkje klart å finna ut kvar det vart av Carl og kona Kirsti i Amerika. Ikkje har eg funne born fødde i Dane Co., WI, og ikkje er dei å sjå nokon stad i 1880-teljingi. Kan dei vera flytte attende til Noreg?? Til Drammen??Om nokon kan hjelpa meg med oppklarande opplysningar, ville eg vera svært takksam for det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Pettersen

Hei.Den Carl Andreas som er født 05.02.1845, er død 09.02.1845 i Brevik. I følge familysearch,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Magne!Då svant den voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Møller Nordby

Hvilke kilder ligger til grunn for utvandringsdato? For vigsel i Dane County?HAr du sjekket fødselsbøeken i Drammen for antatt fødselsdato på Carl? Hva het foreldre og søsken til Kristi?Siden mye er antatt her drister jeg meg til å lansere kandidater hvor alder avviker noe:-----1880 census WisconsinCharles PEDDERSON, 39 NOR Farm Laborer Christina PEDDERSON, 34Ingen barn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Møller Nordby

Jeg glemte selvsagt å si hvor i Wisconsin disse befant seg:Mount Morris, Waushara, Wisconsin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Nina for innspel!Eg har alt før kikka på denne Charles Pedderson i Waushara Co., WI, og han kan absolutt vera eit alternativ. MEN; som du òg seier, alderen høver ikkje heilt bra, og dei næraste naboane til denne Charles kom i hovudsak frå Telemark eller Aust-Agder, og sjølv om det var fleire settlarar frå Hafslo (Luster) i Waushara Co., WI, var det ingen frå den delen av kommunen som Kirsti ætta frå. Søskeni hennar budde i Dane og Vernon Cos., WI.Alderen til Carl kjem frå vigsli hans, likeins namni på foreldri og fødestaden. Som nemnt før, har eg leitt i Drammen etter opphavet til Carl, men utan hell. Men i og kring Drammen er det fleire prestegjeld; kan Carl vera fødd i eitt av dei??Fleire gode tips mottakast med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Pettersen

God morgen.I 1865 tellingen for Drammen, finner du en ørliten kandidat som kan være foreldrene til denne Carl Pedersen. De heter Anders Pedersen og Karine Michaelsdtr, og holder til i Fremgaden, de har ingen barn hos seg. Jeg mener at Fremgaden tilhørte Strømsø kirke (ikke 100% sikker der??). Men du burde også sjekke Tangen og Bragernes og Skoger kirke, men vis det er de rette foreldrene i 1865 så kan jo barnet likegodt være født i Eiker eller Lier oxo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Magne! Det ser ut til å vera ein svært god kandidat du har oppdaga:Anders Pedersen, f. 1804 i Eiker, tomtearbeidarKarine Mikalsdtr, f. 1812 i LierDiverre finn eg ikkje dette parfolket nemnt på FamilySearch, korkje som vigde eller som foreldre til born, og heller ikkje finn eg fødsli til mori i Lier, men so har ikkje Mormonarane heller registrert alle kyrkjebøkene... Derimot er nok Eiker registrert, for der finn eg fleire mogelege Anders Pedersen...Kanskje Anders og Karine gifte seg i Lier, og at borni deira (inklusive Carl...?) er fødde der...?Eg vonar at einkvan med tilgang til lokale kjelder kan hjelpa meg vidare! Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.