Gå til innhold
Arkivverket

[#14551] Lars Anfindson Natvig i Årdal, f. 1780, men kvar? - Voss el. Hosanger (Osterøy)?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Anfindson Natvig, 50 år gamal ungkar, gifte seg i Hafslo (Luster) 17.5.1830 med Anna Gullaksdotter Lie, 26 år gamal. Anna var fødd i Slidre i Valdres i 1804, men hadde butt i Sogn sidan ho var fem år gamal. Lars og Anna busette seg som husmannsfolk i Nattviki i Årdal og fekk to døtrer, Britha (1830) og Øllegaard (1832). Mor hennar heitte Anna, men vart ikkje oppkalla...Men kven var Lars Anfindson? Då han døydde i Årdal 27.11.1841, vart alderen oppgjeven til 62 år. Dei to ulike oppgåvene over alderen som me har, syner soleis at Lars må vera fødd kring 1779/1780, men KVAR?FamilySesarch syner tre ''høvelege'' alternativ:* Lars Anfindson, døypt på Voss 23.2.1779 av foreldri Anfind Erikson og Martha Larsdotter. Foreldri budde på Rogne på Voss, men sonen Lars er ikkje å sjå i 1801, korkje hjå foreldri sine eller nokon anna stad.* Lars Anfindson, døypt i Hosanger 13.5.1783 av foreldri Anfind Larsson og Synneva Johnsdotter. Foreldri budde på Mjøs i Hosanger, og i 1801 finn me sonen Lars som tenestedreng på Bernes indre i Hosanger.* Lars Anfindson, døypt i Lund (Rogaland) 27.5.1783 av foreldri Anfind Christianson og Bertha Olsdotter. Denne huslyden budde på Hellesmark i Lund, Rogaland, og Lars var framleis heime.Folketeljingi 1801 syner berre eit tital personar i heile landet med namnekombinasjonen Lars Anfindson, men ingen som høver bortsett frå dei to nedste nemnde over.Ein Lars Anfindson gifte seg i Lund i Rogaland i 1823, og so uvanleg som dette namnet var, lyt me tru det er same mannen som er nemnd frå Lund ovanfor.Men korkje Lars Anfindson frå Rogne på Voss eller Lars Anfindson frå Mjøs i Hosanger er ''gjorde greie for'' i vaksen alder. Var det ein av dei som hamna inst i Sognefjorden??Kan nokon der ute hjelpa klara opp i denne gåta? På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Lærdalsmarkanden trekte jo folk dit. Og eg har ein tippoldefar som etter soga kom frå Alvora i Kinn og vart forelska i jenta 'på bua' i Lærdal - og fekk henne med heim. Han fekk - i høve kyrkjeboka - òg vermora med på lasset, men ho vart skyssa heimatt etter nokre år, men kom visst att og døydde der ute. Det var omlag på den tidamdu nemner.Elles veit vi jo at Gjest Bårdson, nokre tiår før, kunne gje seg ut for vossing på marknaden der inne, utan å bli avslørt. Far til min tippoldemor kom òg dit frå 'ein eller annan stad' - utan at det er mogeleg i 1801-teljinga å seie kven av dei fåe Ole Tollevsen han var.Diverre kan eg ikkje utover dette hjelpe deg med problemet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Ifølge gards og ættesoge for Hosanger står det at Lars Anfinnsen Mjøs var født i 1783 og døde i 1814. Han var soldat i Midthordland Skarpskytterkompani. Fall i krigen på Austlandet. Forøvrig er det skifte etter faren Anfinn Larsen Mjøs f. Haugsvær (1740-1815) i 1815. Det vil helt sikkert stå der om sønnen er i live eller ei. Mvh. Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til Bjørn og Kenneth for kommentar/innlegg.Når det gjeld Ole Tollefson, so kan han godt ha vore frå Årdal. Har du prøvd der?Elles ser det ut til at me kan ''eliminera'' Lars Anfindson Mjøs som ''kandidat'' til Lars Anfindson Natvig, og me sit att med berre den eine frå Voss...So får me vona at einkvan på/frå Voss kjenner til lagnaden til den huslyden det der gjeld...!?Nok ein gong hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Elin, for innspelet ditt. Du tok nettopp livet av(!) den siste voni me med omsyn til opphavet til Lars Anfindson Natvig i Sogn, so no er spørsmålet:Kvar i all verdi (les: kvar i Noreg...) kom no denne Lars Anfindson ifrå? Me veit at kona hans var barnefødd i Vestre Slidre i Valdres og komen over fjellet i ung alder. Kan Lars Anfindson òg vera komen derifrå?Alle gode forslag vert mottekne med vyrdsam takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin Skibenes

Huff, det var ille at eg tok livet av kandidaten din.(Hehe.) Får prøva å bøta litt på skaden. Fann ein mogeleg kandidat i N. Trøndelag.Lenke Litt i yngste laget kanskje, men som det er påpeika før så er ikkje alltid alderen som står på trykk heilt å lita på. Lukke til.Elin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

No då dette spørsmålet er bragt opp att til diskusjon av Per Olav Bøyum (tema #17716), kan det vera ein tanke å sjå litt nærare på det!Du, Elin, nemnde i april eit nytt alternativ for Lars Anfindson i Verdalen i Nord-Trøndelag, men den same Lars Anfindson gifte seg nok i Verdalen 9.11.1815 med ei Kari Torfindsdotter, og dei fekk i alle fall to born i Verdalen, Andrea (1816) og Olaus (1819), so det er neppe den Lars Anfindson heller...!No nemner Per Olav Bøyum i innlegget sitt (tema #17716) at Lars ogso hadde tilnamnet Mahler, noko som tyder på at han var anten husmålar eller rosemålar. I so fall kan han godt ha farta vide ikring, og når me veit at kona hans hadde røter i Valdres og det elles var mykje ''trafikk'' over fjellet på den tidi, dels via Lærdalsmarknaden og dels utanom, so er det kanskje ikkje so urimeleg å sjå etter Lars Anfindson austafjells?Eg vonar på nye tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E, Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Tertnes

Hei!Jeg finner en Lars Andfinsen Mjøs i Hosangerboken (Band 1, Første del) født 1783. I boken nevnes det at han var soldat i Midthordaland Skarpskytter- kompani og falt i krigen 1814 på Østlandet.Jan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Jeg ser av skifteregisteret for Indre Sogn at han der kalles 'Lars Anfindsen Mæle Natvig'. Nå har ikke jeg klart å finne at det har vært noen plass i Nattvik som har hett Mæle, så spørsmålet er om det kanskje står 'Mæler' eller 'Maaler' e.l. i skifteprotokollen. Kanskje er det verdt å sjekke med originalen? Hvis man er heldig, er det også andre nyttige opplysninger der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Dreiv og søkte litt i ein annan samanheng…Lars var vel namnet du leiter, men ein Lasse Anfinds. Vangsnes vart f. 26.12.1783. Har ser ut til å vere bst i LeikangerI tilleg finn eg ein Lars Johanes Anfinds. Seim, som får ein uekte son med Johanne Olsd. på Hopperstad i 1821.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjerteleg takk for fleire innlegg!Samstundes må eg få be om orsaking for at eg ikkje tidlegare har fortalt at Terje alt for eit år sidan(?) gjorde meg merksam på at det var Lars Anfindson frå Finnesgarden på Gol som ''gøymer seg'' attom ''Vikadalsmålaren'' i Årdal. Han var fødd på Gol i 1774.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

En Lars ble døpt 7/8 1773 i Aurland, far Anfind Veum. Litt gammel kanskje, men i mangel av andre. Jeg har ikke sjekket om han døde som barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Terje Hagen

Kjenner du til lagnaden til dotter Øllegård has Lars? Ser ho enda oppe i Vestvågøy.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lagnaden til denne Øllegaard Larsdotter etter 1900 er framleis ukjend for meg, so om du finn noko, er eg svært interessert!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Etter 1900 er verre, men eg såg at Øllegård og Brita blir gifte omtrent samstundes i Buksnes Pgj.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Eit søk på Gotfred Pihl sender meg til DIS slektsforum.Der blir det opplyst at denne familien er omskreven i Borg BB bind 7 og at lærar Pihl har nolevande etterkommere.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Eg vil berre legga til det som står i Årdal BB bind 1 s. 606 om målaren Lars Anfinnson.Sitat:I Vikadalen budde Målaren Lars Anfinnson Finnegarden. Han var fødd i Ål i Hallingdal kring 1780 og kom til Vikadalen i krigsåra 1807-14. Der tok han til med saltbrenneri. Han var ein utifrå flink rosemålar og måla kister, kjenger, ølbollar, skåp og anna som er å finna kringom i bygdene den dag i dag. Ein gong måla han ei ølkjenge til Lars Kroken. For det skulle han ha ei halv tunne korn, men då skulle han og laga eit rim og setja på. Rimet han måla på kjenga har ikkje slikt innhald at me kan herma det her.Sitat slutt.Eg undrar på om denne kjenga finnes :)Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.