Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14558] Petriche Iversdotter frå Askøy, f. 1786, d. Bergen 1820 - kven var ho eigenleg?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Petriche Iversdotter vart døypt på Askøy 19.2.1786 som dotter av Iver Antonius og Anna Larsdotter. So står det i alle fall hjå FamilySearch. I 1801 var Petriche komi til Bergen som tenestejente, og 10.3.1811 gifte ho seg i Bergen med Einer Erikson Alme frå Hafslo (Luster) (1786-1835). Ho døydde i Bergen 23.9.1820. Mellom borni deira finn me Iver Antonius Einerson Alme (1819-1820).Men kven var foreldri til Petriche og særleg far hennar? Under vigde på Askøy finn eg:Iver Antonius Strudshavn og Barbra Anna Larsdtr Damsgaard - trulova 1785, men med ein merknad som seier ''Død før vielsen''. Det står ikkje kven av dei som døydde før vigsli, men under gravlagde for Askøy finn eg Iver Antonius Strudshavn, gravlagd 5.6.1785, 35 år gamal. Dette må vera brudgomen!Slik databasen er presentert på Digitalarkivet, kan det sjå ut som Iver heiter Iver Antonius til førenamn, men noko farsnamn er ikkje oppgjeve nokon stad. Elles finst det òg på Askøy ein person nemnd Iver Antoni Mikkelson Strudshavn som døydde i 1772, 1/4 år gamal, noko som synes å stadfesta at Iver Antonius verkeleg var eit førenamn!Eg vonar at einkvan kan klara opp denne ''floken'' for meg og takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

I mitt Askøy-register over døypte (basert på ikkje-korrekturlese kyrkjebokavskrift) finn eg følgjande:Antoni Iversen og Anne Andersdtr. er vigd i Domkyrkja før kyrkja kom i Strusshamn 1742. Kor tid og om dei òg døypte born der, finn du på DA.I Strusshamn døypte dei desse borna:DK02400,1,Antoni,Iversen,Strudshavn,,,,,Anne Andersdtr,,,,,Guri,2001,,1743DK02400,2,Antoni,Iversen,Strudshavn,,,,,Anne Johannesdtr,,,,,Birthe,1403,,1745DK02400,3?,Antoni,Andersen,Strudshavn,,,,,Anne,,,,,Carl Peter,2605,,1748DK02400,4?,Antoni,I Wigen,Strudshavn,,,,,,,,,,Iver Peter,0111,,1750Eg har sett spørgjeteikn ved nr. 3 og 4 avdi det er litt surr/mangel når det gjeld patronyma. Men sidan han er einaste der som skriv seg Antoni, er eg viss på at det er same karen. I alle høve er Iver Peter son til Antoni i Wigen i Strushamn.Om dette her er same Antoni I. som den førre, har eg ikkje fått sjekka. Men han og Birte K.N. er ikkje vigde i Askøy:ASM,,Antoni,Iversen,Strudhsvan,,,,,Birte Karine Nilsdtr,,,,,Mette Marie,0710,,1787Og her er så den melde vigsla for IA og BAL og dåpen til Petriche:AS0411,0,Iver Antonius,Strudshavn,Uk,,,,Pige,Barbra Anna,Larsdtr.,Damsgaard,,,Død før vielsen. Kirkebok for Askøy A1 fol.268b.,,....,1785AS0411,1,Iver,Antonius,Strudshavn,,,,,Anne Larsdtr,,,,,Petriche,1902,,1786

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Bjørn, for framifrå opplysningar om denne huslyden. Då har eg den kunnskapen som eg treng om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.