Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14559] Karen Johannesdotter Flage, f. 1782/1783 - var ho frå Bulken på Voss?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Brennevinsbrennar og seinare ølbryggjar Einer Erikson Alme frå Hafslo (1786-1835), (opphavleg) haugianar, vart som enkjemann gift i Bergen 2.12.1821 med:Karen Johannesdotter Flage. Fødestaden hennar er ikkje oppgjeven, men ho skal vera fødd kring 1782/1783 og døydde i Bergen 15.5.1839. Dei fekk fire born; det yngste var født i 1828.Med ættenamnet Flage er det rimeleg å tru at Karen har vore frå Voss, men eg kan ikkje sjå noki tilknytting til dei folki som i 1801 budde på Flage på Voss.Kan nokon hjelpa meg finna opphavet til Karen Johannesdotter? På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Veit ikkje om du allereie har fått løysinga på dette 'problemet', men eg sat og søkte litt i konfirmerte på Voss 1753-1817 på DP.Kandidat 1: Kari Johansd: Hovde [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vosk1811&variabel=0&postnr=5334&fulle=true&spraak=n>LenkeHovde i 1801: LenkeKandidat 2: Kari Joensdatter Hiembære LenkeOg det er vel muligens ho som er her i 1800:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Gisle, for interessant innlegg. Eg er samd med deg i at Kari Johannesdotter Hovde er den beste ''kandidaten'' av dei to du peiker på, men eg er ikkje overtydd om at det er den rette. Kari Johannesdotter Flage kan vera fødd på Voss og konfirmert ein annan stad...Kanskje finst det ein skifteprotokoll som kan stadfesta opphavet til Karen Flage?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Gløymde visst å ta med giftet til det paret som kan vere foreldra til Karen under Hovde: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vossVigd&variabel=0&postnr=3085&fulle=true&spraak=n>LenkeUngkarl Johannes Andersen Flage Pigen Maritta Johannesdatter Hovde Fer 1ma Pentecost 25de Junii 1782 Vangs Hoved SognDer kjem iallefall Flage inn!Foreldra til kandidat 2 er her:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt D. Hjeltnes

Jeg har ikke ættebøkene for Voss tilgjengelig akkurat nå, men kan fortelle at gårdene Flage og Hovda ligger vest for Bulken og hører til samme krins. Det samme gjør Eimstad som ligger på sørsiden av Vangsvatnet.Heimbere og Sygnabere ligger i Raundalen , øst for Vangen, ca. 3mil fra Bulken.Mvh. Britt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk igjen, Gisle og Britt, for interessante opplysningar! Det var særleg bra å finna att namnet Flage! Kan det tenkjast at Johannes Andersson og kona Martha (Maritta) flytte attende til Flage frå Hovda?? Eller kanskje Kari var fødd på Flage??Kanskje bygdeboki har fleire opplysningar om denne huslyden?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

På FamilySearch fann eg ei Kari Johansen som var døypt 2/2 1783 på Voss. Foreldre: Johannes Andersen og Maritta Olsdtr.Kan Olsdtr. ha vore ei feiltolking av Johannesdtr.? Det er ikkje sikkert det var så leselig alt i kyrkjebøkene. Det høver i allefall med årstalet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Elin, for dåpsdatoen til Kari Johannesdotter. Det er mykje som tyder på at dette er rette Kari/Karen Johannesdotter som i Bergen hadde namnet Flage. Eldste dotteri hennar vart døypt Martha Petriche; Petriche var namnet til første kona til mannen Einer, medan Martha då rimelegvis er ei oppkalling etter mor hennar...!?Men, er det nokon som kan forklara at Kari nytta namnet Flage? I 1801 var foreldri jordlause plassfolk og ''almisselem'' under Hovda, og dei kan vel godt vera flytte attende til Flage etter 1801?Nok ein gong takk for framifrå hjelp med å løysa vanskelege floker!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Kan dessverre ikkje seie noko om kvifor ho benytta Flage-namnet, men det ville vel vere sannsynleg at foreldra budde på Flage då ho reiste 'ut', og at dei deretter flytta til Hovde?Kvar er så Kari/Karen i 1801? Dette er vel den beste kandidaten om ho fortsatt skulle vere i Voss: LenkeDet gjekk enno 20 år til ho gifta seg med Einer E. Alme, var ho kanskje gift i mellomtida? På Flage?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt D. Hjeltnes

I følge Vossaboki b. III blir Kari Jonsdtr. Heimbere gift 1813 m. Ivar Monsson Kvarakvål. Hun døde i 1823. Dermed er vel hun utelukket. Vossaboki b.II s. 54, Hovda : Marta f. 1760, datter av Johannes Steffason d.1760, 30 1/2 år g. og Eli Larsdatter f. 1731 , d. 1794. Gift 1782 med Johannes Andersson Flogo. S. 57, husmannsplass på Hovda : 'I 1801 er Johannes Andersson husmann uten jord som det heiter i folketeljingi. Han var då 57 år gamal , g.m. Marta Johannesdotter 41 år gl. Dei hadde seks born : Johannes f. 1787 bygsla Vetla Hornve i 1817 , Anders f. 1790 var fargar i Bergen , Svein f. 1796 var bankmann i Bergen , Anna f. 1791 g.m. Torgeir Ingebriktsen Dolve, Eli f. 1793 , gift i Eidfjord og Marta g.m. målar Gjermo i Bergen. Svein var gift og millom borni hans var den kjende skodespelarinna Lucie Wolf.' Det er vel bare kirkebøkene som kan gi svaret her siden det ikke er nevnt noen datter med navn Kari. Men tre av søsknene flyttet til Bergen så forbindelsen er der. Så til gården Flage, Vossaboki b.II s. 93 : ' Kona åt krigskommisær Fleischer har ervt 1 laup i Flogo i 1763 , som han selde i 1779 til Johannes Andersson. Han selde att 1783 til Anders Vikingson Røte. ' Det var den eneste Johannes jeg finner nevnt på Flage og det må vel være den samme som gifter seg med Marit Johannesdatter Hovda.Mvh. Britt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Og det er nok truleg at Kari er ei dotter for dei (det er eit sprang på nokre år frå gitarmål til Johannes f. 1787), då det einaste paret Johannes Andersen og og Maritha Olsdatter er dei som vart gifte i 1752: Lenke og det er vel ikkje så stort sannsyn for at det er dei som er foreldra til den Kari som Lars er på jakt etter. Kanskje du Britt kan undersøke dette paret også?M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

- I tillegg til Flage på Voss, kva med Flakke- og Flakkevågen på Tysnes i Sunnhordland då? Flakke, som ligg sør for sjølve Onarheim; er vel kanskje litt mindre truleg enn Flage, men bør vel likevel undersøkjast?Eg har ikje tilgang til bygdebøkene for Tysnes så ég kan diverre ikkje gje noko greitt svar her. Men det kan sikkert nokon andre gjera.Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt D. Hjeltnes

Jeg har ikke tilgang til ættebøkene for Evanger som Johannes Anderson Horvei og Marit Olsdatter Rørgo finnes i . Men i avskriften av kirkebøkene som er på nettet er Marit Olsdatter begravet i 1787, hun er da 67 år og kan vel ikke ha blitt mor i 1782 ? http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exeJohannes lever ennå i 1801 på Horvei og er gift for andre gang m. Ingeborg Dogsdr. De giftet seg i 1788 (nettet) og da er vel hun utelukket som mor til Kari Johannesdatter , hvis Kari er f. 1782/83 ? Mvh. Britt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

Har sjekka Flakke på Tysnes.Fann ingen kandidat.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar so mykje for fleire interessante og spennande innlegg i denne debatten!Karen Johannesdotter er i kyrkjebøkene i Bergen nemnd med gardsnamn to gonger, og begge gonger er namnet skrive FLAGE, so det er vel ikkje nokon tvil om opphavet...Eg vil framleis halda ''ein knapp'' på Kari Johannesdotter frå Hovda på Voss, sjølv om ho ikkje er nemnd i bygdeboki; me veit jo at ho fanst! Og so er det jo dette med oppkallingi, då!Det finst vel ikkje noko skifte etter Johannes Andersson Hovda??Nok ein gong hjarteleg takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.