Gå til innhold
Arkivverket

[#14567] Johan(nes) Berentsen (f. 1820), bakar på Damsgård, Laksevåg - lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Bakarmeister Johannes Berentsen Laxevaag gifte seg i Årstad (Bergen) 26.9.1860 med Andrine Einersdotter Alme, fødd i Bergen 31.5.1828. Johannes vert oppgjeven å vera fødd på Strudshavn, Askøy, men ingen alder er oppgjeven.FT 1865 for Damsgård lille, Laksevåg, Askøy, syner at bakar Johan Berentsen då var 46 år og fødd i Bergen. Eg trur han må vera identisk med Johannes, son av skipper Johannes Berentsen d.e., fødd i Bergen (NK) 12.7.1818(?).Johan var enkjemann i 1865, og nærare undersøkingar syner at kona Andrine f. Alme døydde på Damsgård lille 4.4.1863, rimelegvis som følgje av fødsli til dotteri Andrine J. Berentsen, som i 1865 er einaste barnet i huslyden, 3 år gamal.Men, kvar vart det sidan av Johan(nes) Berentsen? Eg finn han ikkje i dødslistene korkje i Bergen eller Askøy/Laksevåg. Kan opphavet hans stadfestast?Kan det samstundes stadfestast at Andrine, f. 1863, var einaste barnet fødd av Johan(nes) og Andrine (Alme)?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ekteskapet er òg ført inn i Askøy:AS2061,0,Johannes,Berentsen,Lille Damsgaard,Uk og Bager,Bergen,42,Jomfru,Andrine,Alme,Lille Damsgaard,Bergen,32,,,2609,1860Der går det jo fram både alder og at båe var fødde i Bergen, men budde på DamsgårdOg her er dåpen til dottera, det einaste barnet eg fann at dei hadde:AS2061,1,Johannes,Berntsen,Laxevaag,,,,,Andrine Berntsen,,,,Bager,Andrine Johanne,1803,2308,1863

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Bjørn, for nye opplysningar!Då lyt me vel tru det er den rette Johannes Berentsen eg har funne i dåpslistene i Nykyrkja i Bergen, men framleis er det eit ope spørsmål kvar det vart av denne bakaren... Han er ikkje i Bergen i 1891!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Han kan ha flytta attende til Laksevåg etter 1875 og døydd der. Gjorde han det før 1899, er han enno ikkje registrert eller tilgjengeleg via DA. Han kan òg ha flytta til Årstad. Også der manglar mykje registrering av døde, i alle høve på DA. Difor treng han ikkje vera særleg langt unna, geografisk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Dottera døydde ung. Det må vere henne, sjølv om mellomnamnet og fødestad ikkje er rett. Ho døyr jo på ei adresse rett attmed der dei budde i 1875:91 0704 1304 Andrine Berentine Berentzen Datter af Bagermester 1863 Bergen 6-36 1882 NK

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Hansen

I boken: laksevågs historie Strandsted,jordbruks og fiskerlandet ved søndre led Bind II fra jordbrukssamfunn til Industrisamfunn tiden 1800-1918. Står det følgende på side 366 om Johan Berentsen: I 1865 drev bl.a. Johan Berentsen bakervirksomhet på Lille Damsgård. Han var enkemann og hadde hjelp i huset av to tjenestepiker, en husholderske og en husjomfru. I bakeriet hadde han en eldre bror fra Bergen, en svenn og tre drenger. To av dem fra Fjell og en fra Bergen. Det var det som sto om han i boken. På Laksevåg er det en vei som heter Johan Berentsensvei.Kanskje den er oppkalt etter han. Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det som står i Laksevågboka ser ut til, utan eg har sjekka det, å vere rein avskrift frå folketeljinga 1865. I 1875 bur han i alle høve i rode 6 i Bergen - og der døyr òg dottera i 1882. Det er førebels det me veit. Men sidan han ikkje er å finne død i Bergen, er det store sjansar for at han anten er flytta attende til Laksevåg eller til Årstad - av nemde grunnar som eg har påpeika tidlegare.Når det gjeld den vegen, står det nok i byleksikonet kven den er oppkalla etter. Men det har eg ikkje for handa her eg sit no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

No har eg sett etter i byleksikonet. Og den Berentsen som var opphavet til vegnanmnet, er ikkje vår Johannes Berentsen, men Johan Nicolay Bruland Berentsen (1862-1915).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.