Gå til innhold
Arkivverket

[#14591] Sigrid Gullaksdotter, f. i Valdres 1808 - oppslag i Hyllestad bygdebok?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter lagnaden til ei Sigrid Gullaksdotter, dotter av Gullak Pederson og Anna Olsdotter, plassfolk på Trondskogen under Kroken i Hafslo (Luster). Ho skal vera f. kring 1808 i Valdres.Ifølgje FamilySearch vart ei Sigrid Gullaksdotter gift i Askvoll/Hyllestad 30.12.1832 med ein Andreas Sjurson.Namnekombinasjonen Sigrid Gullaksdotter er svært uvanleg, men gardsnamnet Borsholm er nemnt i samband med dåpen til eitt av tre born som Andreas og Sigrid fekk i Askvoll/Hyllestad (og som òg er nemnde på FamilySearch). FT1801 syner at det på Borsholm i Øen sokn, Askvoll (no ein del av Hyllestad) då var ein gardbrukar med namn Gullak Simonson. Eg mistenker (diverre) han for å vera far til den Sigrid Gullaksdotter som gifte seg med Andreas Sjurson, men vil gjerne vera sikker...!Kan einkvan hjelpa meg med eit oppslag i Hyllestad bygdebok for å sjekka dette?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tove Almquist

Jeg har akkurat lånt boka på biblioteket så her er (dessverre) det som jeg fant under Borsholmen: Gullak Simonson er som du mistenkte far til den Sigrid ( i boka står det Siri) Gullaksdotter (f. 1806) som i 1832 giftet seg med Andreas Sjurson Grimeli.mvh. Tove A.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk for hjelpi, Tove! Det var altso som eg frykta...Då er det ''berre'' å ta til med ny leiting etter ''mi'' Sigrid...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.