Gå til innhold
Arkivverket

[#14856] Jentenamnet Maud - kjend her til lands også før dronning Maud i 1905


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

I desse smått royalistiske tider då prinsesse Märtha Louise no blei mor til ei velskapt jente med namnet 'Maud Angelica', har det mellom anna gjennom NRK radio blitt hevda at dette namnet truleg var ukjend her til lands før farmor til kong Harald V, den engelske prinsessa Maud (Maud Charlotte Mary Victoria); vart norsk dronning i november 1905. (Mannen var sjølvsagt prins Carl av Danmark, dvs. kong Haakon VII).Men ved i søk i folketeljinga for 1900 fann eg ikkje mindre enn 20 jenter som heiter Maud, pluss 3 med namnet Maude og 1 Maudie; i alt 23 jenter. Fleire av dei med engelsk/anglosaksisk opphav. Men i FT 1865 finn eg berre éi, i Fana ved Bergen og ho er sjølvsagt engelsk.Maud var nok - og er vel enno - eit sjeldent namn i Noreg, men vi kan altså ikkje seia at det var heilt ukjend før 1905.Berre til opplysning -.Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Dei som er noko meir observante enn underteikna og samstundes har betre matematisk ballast (og det skal ikkje så mykje til), fann sikkert ut at det ikkje var 23 jenter med ulike variantar av namnet Maud i FT 1900; men sjølvsagt 24.I mitt neste liv ønskjer eg meg 24 fingre, det vert truleg litt lettare å rekna då ;-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Kvennodd

Hei TrejeI 1875 tellingen er det 3 Maud , den ene faktisk født i Norge.Så du har vel rett i at helt ukjent før 1905 var det jo ikke.Mvh. Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Kvennodd

TERJESkulle vel tro at jeg har mer enn 24 fingre når jeg ikke engang kan klare å skrive navnet ditt rett. UNNSKYLD.Mvh. Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Eide

Kuding - Kieding/Kiedding - Kiøding/Kjøding Kjenner noen disse familienavnene og deres geografiske tilhørighet? Er også interessert i slektsnavnet Adelaine.Familietradisjonen vil ha det til at det skulle være knyttet til Bergen, men i utgangspunktet stammer det fra et land sør i Europa. Blir svært glad for alle typer svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.