Gå til innhold
Arkivverket

[#15377] Bygdebok for Breim / Gloppen - oppslag


Gjest Barbara Lose
 Del

Recommended Posts

Gjest Barbara Lose

Under DAs Vigde i Jølster finner jeg Tollefv Gabrielsen Bolsæter, som giftet seg med Anne Andersdatter Berjeim 2.7.1701. Jeg går ut fra at 'Berjeim' er garden Bergheim i Breim. Hos Familysearch er 'Anna Andersen' bare oppført som Tollef Gabrielsens kone 'Birth about 1673 Brejeu, Jølster, Sogn...'Er det noen som kan hjelpe meg med opplysninger om hennes forfedre/-mødre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Javisst! Ho var, i følgje bygdeboka, dotter til Anders Lauritsson Bergheim, død 1700, og kona Anne Ellingdtr Dale, som var enkje og fyrst hadde vore gift til Veiteberg. Ho døydde 83 år gammal 1843 (dvs f. ca 1760).Anders var son til Laurits Andersson Bergheim, f. ca 1616, d. før 1686, og kona Anne Absalonsdtr Bergheim, d. 80 år gml 1714.Laurits var son til Anders Lauritsson Bergheim, som var brukar i både 1618 og 1642. Han kan vel vere fødd ca 1580-90. Han var gift med Anne, nemnd 1646, men ho treng ikkje vere mor til Laurits.Anders var son til Laurits Ellendson, som var brukar i 1570, og lagrettemann. Han hadde desse syskena i 1570: Sjur i Sogn, Kåre og Bård på Bolset, Gunnar i Hornindal og Solveig på Stårheim. Ut frå dette skulle ein med litt flaks og detektivarbeid kunne finne ut meir om kvar han kom frå, men verken bygdeboka eller eg veit det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg gløymde å ta med opplysningar om konene! Anne Ellingdtr Dale var dotter til Elling Johannesson Dale, d.73 åg 1700, og kona Borgny Andersdtr Gåsemyr. Elling var truleg son til Johannes Andersson Dale, som hadde ein son Elling nemnd i 1646; Johannes var død før det. Borgny var dotter til Anders Olsson Gåsemyr, som var brukar der i 1614, men død før 1666, og kona Tora Larsdtr som døydde 80 åg 1698. Der står ikkje noko om opphavet til nokon av dei.Anne Absalonsdtr Bergheim var dotter til Absalon Ingebrigtson, d.96 åg 1686, brukar i 1624. Far hans, Ingebrigt, var brukar i 1602, og lagrettemann i 1608.Det er alt som kan hentast ut av bygdeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Du ser vel gjerne at eg har rota med årstala på Anne Ellingdtr Dale, hø døydde sjølvsagt i 1743 (fødd ca 1660).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Barbara Lose

Ja, de har jeg sett ;-)Forresten: Er Anne Andersdatters fødselsår riktig - 'about 1673'? Breim-boka forteller vel ikke når hun døde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Kyrkjebøkene startar ikkje før 1686, så Annes dåp er nok ikkje med der. Dermed er ho neppe aldersfesta før ved dødsfallet, som ikkje er nemnt i bygdeboka. Familysearch ser eg ofte har nærmast oppkonstruerte fødselsår, så eg ville ikkje teke for så veldig god fisk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.