Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#15401] Peder Ludvig Pedersen frå Ystenes i Ålesund, fødd i 1846

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Peder Ludvig Pedersen frå Ystenes i Ålesund, gift i 1876 med Ingeborg Andersdt. frå Flem i Haram. Desse budde ei tid på Ona og fekk der 6 barn, Inga Kristine f. 1877, Bereth f. 1878, Petra Ovidia f. 1880, Peder Anton f. 1882, Ole Andreas f. 1884, Ludvig Kristian f. 1887. I 1900-tellinga er dei på Ysteneset, har då dei 3 yngste hos seg. Eg er interessert i opplysningar om både Peder,Ingeborg og barna deira, ogso Peder sin son frå tidlegare, Nils Elias f. 1874

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Peder Ludvig (f 1846) var son av Peter Elias Olsen 'Blindem' (Blindheim, far: Ole Pedersen) og Berte Kristiane Nikoline Martinusdt 'Aalesund' (far: Martinus Kristoffersen). Paret blei vigd i Borgund 27. august 1843, han 23 og ho 21 år gl. 1846 budde dei i Ysteneset (då forstad til Ålesund). Eg kan sende deg eit stykke eg har skrivet om dette 'dynastiet Pedersen' i Ysteneset, men treng då ei epostadresse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Dette høyrest spennande ut. Det som er relevant, skal nyttast i sleksthistoria for Sandøy kommune. E-post: annehu@moldenett.no. På førehand takk. Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Stykket er sendt. Håper dokke får glede av det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×