Gå til innhold
Arkivverket

[#15482] Mads Steffenson, gift 1800, Amdam, Ørskog - kom han frå Volda ?


Gjest Geirr Alén Rasmussen
 Del

Recommended Posts

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Mads Steffenson giftar seg med Anne Iversdtr Amdam 28. juni 1800, og overtar bygsla på bnr 3, Bakken, på Amdam etter svigerfaren, Ivar Nilsson. I FT 1801 er Mads feilaktig skriven som 'Stephen Madsen' 32 år.Men kven var Mads ? Har nokon tilgang til kyrkjeboka frå 1800, og kan sjå etter om det er notert kor han kom frå ?Det finst ein Mads Steffenson Krumsvik frå Volda, fødd 1766. Kjenner nokon lagnaden hans, om han kan sjekkast ut or soga, - eller om det kan vera denne Mads'en som drog til Ørskog?mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Steffen Olsson Sollid (fra Sollida på Folkestad) ble 1754 gift med Anna Frantsdotter Krumsvik. I 1756 bodde de på gården Litle Mek, nabogården til Krumsvik. De hadde 5 barn: Ola 1754, Anne 1756, Anders 1759, Frants 1764 og Mads f 1766.Det fremgår av bygdeboka at familien flyttet fra Litle Mek til Sollid, men kan ikke finne de igjen der. Gården Litle Mek ble 1766 overtatt av Frants Olsson Krumsvik f Høydalsvik.Det går ikke frem av bygdeboka hvor det ble av Mads Steffenson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Jeg har ikke funnet spor av denne familien i folketellingen 1801 i Volda. Kan det tenkes de 'utvandret' til Ørskog ? I folketellingen 1801 finner vi på Furstrand i Ørskog ei Anne Stephensd. 46 år, dvs f ca 1755, og på Baarsgierde Anders Stephenson, 42 år, dvs f ca 1759. Disse passer til å være søsken til Mads. Kanskje verdt å undersøke videre. Eldste brorer Ola druknet i Bjørkedalsvatnet, så han kan vi se bort fra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

1. I folketellinga for Furstrand i Ørskog i 1801 står: Jon Hansson, husbond - Birgte Steffensdotter (66 år), hans kone - Hans Jonson, son deira - Anne Steffensdotter (46 år), ugift tenestejente.Det er naturleg å tenkje seg at dei to Steffensdøtrene kunne vere sysken.2. Gardssoga for Sykkylven, bd. IV s. 377, fortel at Birgte/Brite Steffensdotter var frå Hole i Sunnylven.3. Gards- og ættesoga for Sunnylven, bd. II s. 77, fortel at Steffen Jonson på Steffåbruket på Hole hadde 9 born, m.a. døtrene Brit og Anne. Det står ikkje kvar det vart av dei. Steffen Jonson døydde i 1759, og Anne var yngst av born hans. Ho kan såleis gjerne vere fødd kring 1755.Eg dreg ingen konklusjon korvidt Anne Steffensdotter på Furstrand i 1801 var frå Volda eller Sunnylven, men viser berre til ovannemnde kjelder.Helsing Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Takk for hjelp!Eg finn ei Anne Steffensdtr som høver (45 år) i Volda i 1801. Men Mads finn eg ikkje i Volda, heller ikkje blant dei som er registrert gravlagde der. Det er derfor eg lurer på om han kan vera identisk med Mads Steffenson på Amdam. Det er sistnemnde eg ønskjer å finna ut kven er.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Det er bygdebøkene (gardssoge og ættesoge) og IGI (Mads sitt giftarmål med Anne pluss fire barnedåpar)som gjer meg rimelig sikker på at 'Stephen Madsen' i FT 1801 er feilskrive for Mads Steffenson. Men ingen av desse kjeldene seier noko om kor han kom frå.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg forstår. I utgangspunktet ville eg leite etter opphavet til Mads Steffenson noke nærare Ørskog enn Volda. Eg har undersøkt om han kunne vere fra Borgund eller Ålesund, men det ser ikkje slik ut.Vi kjenner til ei viss 'utvandring' fra Ørsta til Ørskog (Ramstaddalen) kring 1830, så kanskje var Mads ein pionér.Grunnen til at vi får slike 'villfuglar' i bygdebøkener, er oftast at forfattarane ikkje har nytta skiftebøkene i arbeidet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Eg har leita etter Mads Steffenson stort sett på internett. Kyrkjebøker finst det lite av. Det IGI har, er vel nokolunde pålitelig så langt det er forsøk på avskrift frå kjeldene og ikkje konstruert av dei som melder inn. Men IGI har heller ikkje 100% dekning.Av dei 'aktuelle' Mads Steffenson'ane eg har funne, er vår mann i Volda nærast. Det finst også ein som er døypt i Herøy 26.1.1776 som eg ikkje har sjekka ut or soga, eg finn han ikkje i Herøy i 1801. Men eg har ikkje bygdebok for området, heller ikkje kyrkjebok over gravlagde, - slik det ligg på nettet for Volda sin del.Eit tredje alternativ er ein mann som heiter Stefan i Stordal, nabokommunen til Ørskog, i 1801. Men eg ser ikkje at han har nokon son Mads nokon stad.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Jeg antar at den Mads Steffenson du har funnet i Herøy er Mads Steffenson på Øvre Fosnavåg f 1776 død 1781. (Herøyboka bind 2, side 184). Denne Mads var yngste son av Steffen Jonson (1732-1892) og Kristi Jonsdotter (1734-1784).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Myklebust

Hei Geirr og takk for sist! Den einaste informasjonen vi har registrert om Mads i samband med Busetnadssoga er dåpen 30/3 1766 då han er registrert busett i Krumsvika og eit skifte på Sollida 2/8 1769 etter bestemora Anne Olsdotter. Faren er då død slik at det er dei 5 barna til Steffen Olsson som arvar henne. Eg kan ikkje finne Mads nemnt noko meir i materialet her.Mvh Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Takk så langt!Den Mads'en Martin Aarskog finn i Herøy, er dermed sjekka ut or soga. Då er 'berre' vår mann frå Volda att, pluss alle dei Steffensønene vi ikkje kjenner til. Namnekombinasjonen er lite brukt. Kan likevel ikkje sjå bort frå at det finst ein Mads eller to frå Norddal - namnet Stefan er i alle fall i bruk i foreldregenerasjonen, jfr FT 1801.Men eg er enno ikkje i stand til å konkludera med at det var Mads frå Krumsvika i Volda som fór til Amdam i Ørskog.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Du vert vel ikkje så mykje klokare no heller, for i kyrkjeboka for Ørskog står berre følgjande om brudgommen:'Ungkarl Mads Steffensen Amdam'.Forlovarar var 'Anders Baarsgiære, Ole Larsen Engesæt, Jetmund Amdam.''Anders Baarsgiære' må være den Anders Steffenson som er nemnd på Bårdsgjerde i FT 1801. Jetmund Amdam var gift med Anne si søster Dorte Iversdtr. Amdam.Helsing Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Takk til alle hjelparar så langt!Då eg starta denne tråden, hadde eg ein hypotese om at Mads Steffenson f. 1766 i Volda kunne vera identisk med Mads Steffenson som gifter seg på Amdam i 1800, eller at nokon hadde opplysningar som kunne avkrefta denne hypotesen. Etter innspela som har komme, diverse søk, leiting, refleksjon og meditasjon over tema trur eg faktisk desse to Mads Steffenson er identiske.Argumentasjon Mads: Eg finn ingen andre kandidatar. Nærast er Mads Steffenson frå Herøy, men han dør i 1781 (Martin Aarskog, innlegg nr 11).Martin Aarskog nemner og Anders Steffenson Bårdsgjerde, og Gunnar Ellingsen viser til kyrkjeboka og finn at Anders er forlovar for Mads (innlegg nr 14). Det er nærliggande å tru at det er brørne frå Krumsvika i Volda vi møter her, alderen høver.Argumentasjon Anders: Eg har leita etter Anders Steffenson og ikkje funne meir enn éin høvelig namnebror: Anders Steffenson frå Sunnylven fødd 1758 død året etter. Det finst mange steffensøner og -døtre frå Sunnylven, men elles ingen Anders eller Mads. Eg finn heller ikkje desse namna på Steffen-bruket på Gjørva i Geiranger. Ein Anders Steffenson gifter seg med Marte Larsdtr i Skodje i 1794. Nærare ettersyn viser at dette må vera Anders Steffenson Bårdsgjerde, og at Larsdtr må vera feilskrive for Bottolvsdtr. Bottolv Larsen gifter seg i Ørskog i 1755 med Magnhild Pedersdtr. Vi finn henne som enke og svigermor til Anders Steffenson på Bårdsgjerde i 1801.Konklusjon: Så få kandidatar det finst, både til Mads og Anders Steffenson, reknar eg det som sannsynlig at Mads på Amdam og Anders på Bårdsgjerde i 1800 er brørne frå Krumsvika i Volda.Eg er sjølvsagt framleis interessert i all informasjon som kan stadfesta eller avkrefta dette.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Myklebust

Steffen Jonson Hole i Sunnylven (innlegg 4) var far til Birte Steffensdatter Furstrand (66) og tjenestejenta Anne Steffensdatter (46). I tillegg hadde han ei dotter på nabogarden Bjørnevika, Anne Steffensdatter (63). Men han hadde ingen son Mads.I følge innlegg 12 vart Mads Steffenson Krumsvik fødd 1766 og eit skifte i 1769 stadfestar at faren Steffen Olsson er død då. Kan enkja Anna Frantsdatter ha blitt oppattgift og i tilfelle kvar.Der er mikrofilma eit sjeleregister for 1788, oversikt over konfirmert ungdom i kvart sokn. Kanskje det kan vere ein stad å leite etter Mads Steffenson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Takk skal du ha, Tor! Eg skal følgja opp tipset om sjeleregisteret.Anna Frantsdtr finn eg slik på garden 'Røsten' i FT 1801 i Volda:Anne Frandsdtr Huusbondens moder 70 Enke efter tredie ægteskab Nyder til ophold hos sønnenDet er trulig rette person, men eg har ikkje heilt tråden i kven ho har vore gift med i mellomtida.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sol. Høydalsvik Ulvestad

Anne Frandsdotter er ikkje husbondens moder, så her må det vere feilskrive i folketellinga. Mora til Elias Rasmuss. Berge el. Røsten vart Anne Andersd. Hjorthaugreite. Dei var vigde 02.02.1746 Dette står i Voldasoga og eg har sjekka det med vigde i kyrkjeboka. Under gravlagde står ho også som Anne Andersdtr. Både vigde og gravlagde i Volda ligg på Digitalarkivet. Rasmus og søstra Sara gjor syskjenbyte. Sara gifta seg med Frants Andersson Hjorthaugreite, desse hadde bl.a. ei dotter Anne , som budde på Hjorthaugreite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Myklebust

Hei! Sjeleregisteret frå 1781 i Volda er registrert i samband med Busetnadssoga: Mads Stephensen, 16 år, er registrert under garden Tilset i Dalsfjorden. Eg greier ikkje å knyte han til nokon av brukarane på den garden. Dei andre barna i familien er ikkje å finne, men så langt eg kan sjå er det ikkje ført opp barn over 16 år. Mvh Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Ole Øystein Nybø

Ettersom ingen ser ut til å kome med andre alternativ i denne tråden, så kan eg ikkje sjå anna enn at Mads og Anders må vere Steffenbrørne frå Krumsvik i Volda.Det som gjer meg heilt overbevist, er at i tillegg til at Anders var forlovar til Mads (innlegg 14), så var Anders fadder til Mads si dotter Anne Malene i 1800. Og Mads og kona var faddere til Anders si dotter Magnhild Margrete i 1801.Konene til Mads og Anders var ikkje i slekt, eller hadde andre tilknytningar til kvar andre.Skal vi våge å sette strek her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Eg for min del oppsummerte i innlegg 15.Innlegg 20 styrkar konklusjonen. Og takk til alle som har vore med i diskusjonen.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.