Gå til innhold
Arkivverket

[#15530] Skule Ingvaldson, fødd i Hafslo, Sogn 1719, flytte i 1750-åri, kvar? - Valdres?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Skule Ingvaldson (Melheim), døypt i Hafslo 5.11.1719, gifte seg i Hafslo 25.11.1747 med ei Britha Pedersdotter og fekk to born i Hafslo:* Inga Skulesdotter, døypt i Hafslo 20.8.1747* Peder Skuleson, døypt i Hafslo 28.6.1750Far til Skule, Ingvald Johnson Melheim, var innflyttar til Hafslo, truleg frå Valdres; kanskje Skule flytte attende dit? Eller flytte han utover mot ytre Sogn eller Sunnfjord?Skule hadde ogso fleire søsken som forsvinn frå Hafslo, mellom anna:- Martha Ingvaldsdotter, døypt i Hafslo 8.9.1723, levde i 1735, men er elles ukjend- John Ingvaldson, døypt i Hafslo 19.1.1727, gifte seg i Hafslo 28.6.1759 med Kari Andersdotter Sie, døypt i Hafslo 3.4.1733. Dei budde framleis i Solvorn i Hafslo i 1781, men forsvinn deretter sporlaust! Ei dotter ser ut til å ha vokse opp:* Inga Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.4.1760, kan vera identisk med kona til gardbrukar Erik Kjeldson på Hopperstad i Vik i Sogn??Eg takkar hjarteleg på førehand for alle gode tips eg kan få med å løysa desse flokene!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ønskjer i kveld å blåsa litt støv av dette problemet, som vart lagt ut for snart tre år sidan.Eg står framleis heilt utan spor etter denne huslyden. Skule-namnet er usedvanleg sjeldant, men ein eller annan stad må dei jo ha gjort av seg...?Eg vonar at einkvan dreg kjensel på desse folki og kan hjelpa meg løysa denne gåti?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Kva med den 'Schule og hustrue' som i 1762 (ekstraskatten) er almisselemmar, og er nemnt mellom strandsitjarar, husmenn og innerstar i Joranger sokn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune for interessant innlegg. Etter nærare vurdering kan det sjå ut som du har rett, sjølv om det synest svært so underleg at eit ektepar var almisselemmar berre vel 40 år gamle! Mistanken vert styrkt av at ''Skule-Brita'' vart gravlagd i Hafslo i 1780, 54 år gamal!Men kvar vart det av borni deira?Det er vonlaust at kyrkjebøkene for Hafslo er so ufullstendege for so store delar av 1700-talet...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Terje Tandsether

Jeg vet ikke hvor Ingvald Jonsen kom fra, men har en mulig kandidat.Den 13. juni 1715 ble det holdt skifte etter Jon Johannesen øvre Ljøsne i Lærdal (1630-1715), som med andre kona Rannei Håkonsdtr. Øye (1647-1721) etterlot fire barn som alle var gifte og myndige, den eldste het Ingvar Jonsen. I følge Lærdal bygdebok tjente han på Mo i Lærdal 1701 og var da 24 år - født 1677.Da jeg i sin tid noterte fra skifteprotokollene for Indre Sogn skrev jeg (Molland?) ved navnet hans uten at jeg i dag kan forklare hvorfor. Kanskje det kan stå noe mer i skiftet om hans bosted? Molland er jo en gard i Hafslo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje for eit svært so interessant innlegg. Eg har vore inne på tanken om denne Ingvard Johnson før, og når eg no ser på saki på ny, er eg ganske so overtydd om at du har rett, Terje! Ingvard i Lærdal vart Ingvald i Luster, på same vis som Samuel i Lærdal var Salomon i Luster - lokale variasjonar i namn som eg ikkje har forklaring på. Men at Ingvard Johnson frå Ljøsne er Ingvald Johnson, som ei tid budde på Molland før han flytte til Melheim, vert underbygt av namnet på eldste dotteri til Ingvald: Rannei Ingvaldsdotter (1710-1761) som då er oppkalt etter bestemor si i Lærdal!So eg trur me kan seia at eit nytt stort problem med dette er løyst, og eg kan ikkje anna enn å vera svært so nøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg står framleis fast når det gjeld å finna lagnaden til dei to borni i denne huslyden:* Inga Skulesdotter, døypt i Hafslo 20.8.1747* Peder Skuleson, døypt i Hafslo 28.6.1750Det finst knapt nok nokon i heile Noreg i 1801 med Skule som farsnamn, so kvar i all verdi kan desse søskeni ha gjort av seg?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.