Gå til innhold
Arkivverket

[#15742] Sølfest Ambjørnson Njøs, frå Leikanger til USA 1857 - og så?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Frå haugen av tidlegare uløyste nøtter hentar eg i dag fram Sølfest Ambjørnson Njøs, som var fetter til min oldefar i Sogn.Han reiste til USA i 1857, som det her framgår av Fylkesarkivet si oversikt over utflytte [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sognflyt&variabel=0&postnr=11685&fulle=true&spraak=n>LenkeDet står ikkje noko om sivilstand, men same dag reiser også Johanne Sjursdtr Njøs, og eg reknar med dei reiser saman - grunnen til det finn de her Lenke. Dette barnet har eg ikkje funne att seinare. (Sølfest hadde forresten ei uekte dotter 10 år før og; henne har eg 'kontroll' over). Eg har ikkje funne noko ekteskap mellom Sølfest og Johanne.Eg har sett på www.norwayheritage.com, men der er ingen passasjerlister frå 1857 som kan passe.Neste stasjon er folketellinga 1860, men DA har berre Wisconsin, og der har eg ikkje funne dei. Eg har derimot funne bror hans, Johannes, her Lenke Han har som ein ser kone og to born, pluss Caroline, som eg etter alderen og namnet trur må vere den uekte dottera Kari han fekk heime i Sogn i 1841. (Johannes emigrerte i 1846). Her er Johannes i 1880 Lenke men heller ikkje i denne tellinga har eg funne Sølfest. Johannes har eg også frå 1850-tellinga,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Er fødselsåret riktig på 'kona' til Sølfest? Er det mulig at de kunne ha med datteren selv om hun ikke står på lista?Lenke ?? En forvrengning av navnet? Og feil fødselsår på Johanna?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Nina, du er utruleg! Dette ser veldig ut som 'min mann'. Og at Kari er blitt til Clara i 1860 er ikkje umuleg!Og kandidaten du fann i 1880 er ikkje mindre interessant.Eg gløymde å ta med fødselsdata på Sølfest; han var fødd juli 1809. Johanne har eg ingen kandidat til i basen med fødde i Sogn og Fjordane, så alderen kan godt vere feil ved emigrasjonen.Mange takk så langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Må tru om ikkje oppføringa i 1880 berre er ein skrivefeil; at namna er blitt feil plassert i rubrikkane for faren, og så er det t.d. blitt brukt repetisjonsteikn på borna?Hm, ikkje rart eg bomma på dei, for så vidt, men at du fann dei - ? Du må ha eit ekstra 'finne-ting-gen', det er sikkert :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

En og annen gang finner man i databaser en forveksling av fornavn og etternavn slik som her. Trur eg ... Men jeg klarer ikke å finne igjen familien i 1880 på FS. Lurer på hva de da er indexert som?Ambjørnsen er vel et litt vanskelig navn som godt kan opptre i en del forskjellige varianter kan jeg tenke meg :-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Jepp. Vi har vel ingen garanti for hvilke kriterier som ligger til grunn for registrering av etternavn på f.eks. barn. Jeg vil tro at farens navn kanskje kan være registrert motsatt og at man da har antatt at barna hadde samme 'etternavn'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

FT 1920:Andrew P Amberson, han er 4?(eg hugsar ikkje heilt), og svensk.FT 1930:Andrew Amberson er f. i Wisconsin, er 65 år, og bur saman med Carrie og Sarah, som er systrene hans. Carrie er 75 år og fødd i Norge(er naturalizised og ankom 1895)Sarah, 67 år, er f.i Wisconsin, begge foreldra deira er norske. Dei bur i Columbia County i Lowville Township, Wisconsin.Helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Sistemann klaffar flott med opplysningane eg har frå før, bortsett frå at Carrie kom i 1857. Står det sivilstand? (Tre sysken som bur saman slik vil eg mistenke var ugifte). Eg får ta ein titt tilbake til 1880-tellinga og sjå om eg kan finne Sarah der!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Takk for hjelpa! Då har eg i alle fall lokalisert desse tre syskena. Kan du sjekke om du finn broren Sivert Amberson i tellingane og?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg prøver meg på ei oppsummering, så langt som eg ser no:Siste notering av Solfest Amberson er i Lowville, Columbia, Wisc., i 1880. Kona Johanna er truleg død ein gong mellom 1865 og 1880 (?)Eg kjenner desse borna: 1. Kari / Carrie, fødd i Noreg, siste notering i Lowville folketelling 1930, ugift. 2. Anna, f. i Wisconsin ca 1858, siste notering i Deerfield folketelling 1860. 3. Sivert, f. i Wisconsin ca 1862, siste notering Lowville folketelling 1880. 4. Sarah, f. i Wisconsin ca 1863, siste notering Lowville folketelling 1930, ugift. 5. Andrew, f. i Wisconsin ca 1865, siste notering Lowville folketelling 1930, ugift.Målet i denne saka er sjølvsagt å kome fram til nolevande personar, men tre ugifte sysken så langt er ikkje særleg lovande :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Bonnet Prairie cemetery i Columbia Co., WI syner mellom anna desse gravene:EMBERSON, Solfest - 14 Jul 1809 - 27 Oct 1890EMBERSON, Johanna - 1 Aug 1828 - 18 Aug 1877EMBERSON, Annie - 1858 - 1913EMBERSON, Severt - 1862 - 1918EMBERSON, Carrie - 1854 - 1932EMBERSON, Sarah - 1860 - 1941EMBERSON, Andrew - 1864 - 1955Denne huslyden er gravlagd i ein eigen ''lot'', og eg må seia meg samd i at det ser dårleg ut med omsyn til etterkomarar...Eg vil rå til at du freister ein telefon til:Columbia County Register in Probate Portage, WI - (608)326-0206.Dei vil lett kunna sjekka om det finst skifte etter nokon av Emberson-foreldri eller -borni, og du kan tinga utskriftar mot ei rimeleg godtgjersle (so vidt eg hugsar tek dei $1 pr. side og litt for ''research'')!Elles er mønsteret svært typisk for ganske mange av dei norske pionerhuslydane i Midt-Vesten; store søskenflokker som for ein stor del bur heime hjå foreldri so lenge dei lever og aldri vert gifte. Men som regel er det ein eller to som ''bryt ut'' og som soleis gjer at ætti lever vidare...Lukke til vidare!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk! Så her er det altså Emberson, dei hadde vanskeleg for å bestemme seg for etternamn der borte! Magefølelsen seier meg at eg er i mål no, men eg skal følgje rådet ditt om å kontakte skifteretten, eller kva dei no tilsvarar. Igjen, mange takk for hjelpa, alle saman!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Embersen er vel en nærmest 'riktig' skrivemåte, men det er viktig med litt fantasi underveis både hva gjelder alder og navn.Litt kjedelig var det da at det så langt ikke ser ut til å finnes nålevende etterkommere.Har du fler i haugen av uløste .....?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Aase R Sæther

Ein liten rapport om 'tingenes tilstand' : Etter å ha lagt ut ei etterlysning på eit høveleg message board i USA, har eg i dag fått mail frå ei som hadde Annie Ambersons obituary i samlinga si. Ut frå den framgår det at dei fem syskena heldt tett saman etter at foreldra vart døde, ja, det er til og med brukt orda 'inseparably attached' - uløyseleg knytte -, så dermed kan eg gå endå sikrare ut frå at her ikkje vart etterslekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.