Gå til innhold
Arkivverket

[#15749] Skifte, Fitjar, Hordaland.


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg har spurt (telefonisk, og pr.mail)på Statsark. etter kva som står i skiftepapira til min tipp-oldefar, men det var så vanskeleg å finna, fekk eg beskjed om.Tipp-oldefar heitte Lars Kristofferson Stokken, han var fødd 1826 og døydde 25.07.1885. Kona hans heitte Sara Aansdtr. Stokken, ho døydde 18.08.1866.Dei hadde ein son som for til USA, eg hadde likt og visst om det står noko om denne sonen i papira.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Boet etter Lars Kristofferson Stokken vart registrert 5. august 1885. Han hadde etter seg enkja Britha Knudsdatter, og borna Aanen, 25 år, Kristoffer, 22 år, i Amerika, Sten Larsen, 17 år, Sara Larsdatter, 17 år.Skiftet vart slutta 26. mai 1887. Kvar av borna fekk kr. 170,38. For sonen Kristoffer i Amerika, og dei to umyndige, vart Sten Kristoffersen oppnemnd som fullmektig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Kjempesnilt!! Tusen takk skal du ha Yngve!Veit du om det er mogeleg å finna ut korleis dei sende desse pengane til Kristoffer? Og om det er skrive noko ein eller annan plass om det?Eg veit 'alt' om Kristoffer frå 1892 og til han vart drept i 1912, men kor han var frå han reiste 1884 og til han gifta seg i 1892 er heilt ukjent...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

I 'skiftepakken', bilagene til skifteprotokollen, ligger det rimeligvis en fullmakt fra Kristoffer, med adresse m.m. Der kan det også være gitt beskjed om hvordan pengene skulle overføres. (Noen ganger valgte de å la pengene bli stående i Norge, noen ganger overførte de pengene til en av de andre arvingene), men normalt ville det bli overført gjennom bank.Jeg hadde tenkt å slå opp i skiftepakken, men jeg ser at jeg ikke rekker det i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Gitt om eg gledar meg til imorgon, eller når du får tid, det gjer INGEN ting om eg må venta, denne familien(til Kristoffer) har eg klart å finna etter ca.20-25 års søk, så eg klarar alltids å venta nokre dagar på dette!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

eeehh, Yngve... har du gløymt meg....? eg har veldig lav stemme no, sidan eg 'snakka' så svært om å venta, men eg tenkte at du kanskje har så mykje å gjera på at du har gløymt det...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Yngve, eg trur du har gløymt ut denne skiftepakken.Men visst eg ikkje får noko respons no, så ringjer eg til Statsark. igjen, sidan eg har såpass med opplysningar, vert det vel lettare for dine kollegaer å finna det...Du skal iallfall ha mange takk!! for at du fann denne datoen som var omtrent umogeleg(iflg. ei dame på St.ark)å finna tak i...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Brev fra Kristoffer Larsen Stokken til Sunnhordland skifterett er datert 6. mars 1886, og skrevet i 'Staughton Wisconsin', attestert av Kjølv Kjølvsen og Christian A. Hansen, og til sist stemplet av fredsdommer H. A. Hanson i Dane County, Wis. 6. mars 1886.Det kom som svar på et brev skifteretten hadde sendt ham 14. september 1885.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

TUSEN TAKK for helsinga eg fekk idag!!Eg trudde ikkje de gjorde dèt og!Det var iallfall ei hyggeleg overrasking, som eg vart svært glad for.Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.