Gå til innhold
Arkivverket

[#15757] Anton og Jentine Asbjørnsen i Nordfold (Kjerringøy?) - hjelp til oppslag?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anton Berntsen Asbjørnsen, fødd i Tysfjord (Lødingen) 29.9.1856, voks mellom anna opp i Ibestad og i Vågan, men gifte seg i Nordfold 5.10.1885 med Jentine Marie Andersen, fødd på Breivik i Nordfold 1.1.1861.I 1900 budde Anton og Jentine på Nøsthaugen (under Sjåvik?) i Nordfold (eller Kjerringøy?), og Anton er titulert ''husmand med jord, hustømmermand, bygnings- og møbelsnedker og fisker''. Dei ser ut til å ha vore barnlause.Er det nokon som kan hjelpa meg med opplysningar om lagnaden til dette parfolket? Finst det ikkje ei god bygdebok for dette området?Anton Asbjørnsen var son av Peder Asbjørnsen (Krogen) frå Hafslo (Luster) i Sogn (sjå òg tema #14394), som i 1879 ''stakk av'' til Amerika og etterlet kona og fem born i Nordland. Om Anton verkeleg var barnlaus, kan ei dødsmelding eller eit skifte etter han vera av stor interesse for å kartleggja laganden til resten av denne huslyden!Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Pedersen

I «Slektsbok for Nordfold» av Asbjørn P. Lind (Valnesfjord 1985) står følgende under gården Breivik med Sommernes:Anton Berntsen Pedersen Asbjørnsen 20/9 1856 - 5/6 1929. Far: Peder Asbjørnsen, Kroken, Vik i Sogn. G. 5/10 1885 m Jentine Marie Andersdatter 1/1 1861 - 2/10 1948.Mao der står intet om noen barn. Jentine var født på Stavnes i Nordfold.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Terje, for gode opplysningar om Anton og Jentine Asbjørnsen. Det var kjekt å få ein dødsdato for Anton. Det må finnast ei dødsmelding eller eit skifte etter han som kan fortelja om lagnaden til søskeni hans. Er det nokon som eventuelt har tilgang til desse kjeldene i Statsarkivet i Trondheim og som kan gjera eit oppslag?Nok ein gong, takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.