Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Signe Marie Solheim

[#15764] Hellemyrsfolket - Lars Martin Atlesen 1823 -

Recommended Posts

Gjest Signe Marie Solheim

Jeg har allerede hatt inne flere henvendelser som handler om Lars Martin sine etterkommere. Nå er det visst på tide å spørre litt om mannen selv. Av hans 17 barn, var det bare 8 som nådde voksen alder. Av disse 8 var det bare de to eldste som vokste opp hos sin far (og mor). De andre seks + noen av dem som senere døde, vokste opp som pleiebarn hos slektninger. Og de som ble voksne ville aldri snakke om sin barndom. Så det ble noe mystisk over det hele.Jeg vet: Når og hvor Lars Martin var født. Hvem hans foreldre var. Navn og fødselsdato på to koner og 17 barn. Hvor de bodde, og hva hans yrke var til enhver tid.Jeg lurer på: Hva som var 'galt' i Lars Martin sitt hjem - var det bare fattigdom og sykdom? Eller var det noe mer?Rykter som har oppstått: * Lars Martin var alkoholiker, og drakk seg fra gård og grunn - muligens mishandlet kone® og barn. * Lars Martin var den 'Lars' som er omtalt i Amalie Skrams 'Hellemyrsfolket' * En av Lars Martins koner var splint - ryktet oppstått delvis pga mørke folk med brune øyne i familien * Mange av familien har vært pasienter på NeevengårdenGår det an å finne ut noe mer om denne mannen enn det som står i de tørre tall?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell Øijorden

Den harde virkelighet kommer ofte frem når vi gransker data om familier på den tiden. Det behøver ikke være noe ”galt” i hans familie. Han var enkemann fra 1863 til 1869, og det var da ikke så uvanlig at barna ble pleiebarn hos nære familier eller andre.Lars Martin Atlesen bodde flere steder i Ytre Sandviken som arbeider og leier, men jeg kan ikke se at han hadde bygsel fra Garmann familien på noen av gårdene.Hellemyrsfolket til Amalie Skram kommer trolig fra Øvre Fagerdalen (Olaplassen), fra diverse litteratur. Jeg kan ikke se at Lars Martin har bod der, og rykte at han var Lars i Amalie Skrams Hellemyrsfolket vil trolig forbli et rykte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg, og fleire med meg, trur ikkje eingong at dei Amalie Skram skreiv om i Hellemyrsfolket budde i Hellen, derimot på Askøy. M.a. skreiv ho at kyrkje deira låg i Strusshamn! At ho 'busette dei' på Hellemyren kan ha sin årsak i at ho ville ha dei ein annan stad enn der dei verkeleg budde, slik at andre ikkje skulle kunne kjenne dei att. Men dette er berre teori. Derimot er der andre som har granska 'folket' hennar grundigare, men eg har ikkje sett noko resultat av denne granskinga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Takk, begge to! Kyrkja låg i Strusshamn, ja. Dermed avskriv vi det ryktet. (Det kan vel hende han Lars kunne ligne på ganske mange på den tida. No var det vel elles Lars som greidde seg etter måten bra i boka). Ryktet om at Marthe Jacobsdatter (første kona) var tater, var vel det som var mest hardnakka, og som eg har strevd litt med å overbevise folk om at ho ikkje var.Elles har eg funne barn nr. 18 sidan sist, og bortsett frå etterkommarane etter den eine sonen som vart oppfostra i Krokåsvågen på Askøy, så er der svært få, kanskje mindre enn ti - nolevande etterkommarar etter Lars Martin. Så dei får eg ta og finne, og høyre kva dei veit :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Kyrkja til askøyfolk låg i Strusshamn, ja. Men ikkje til dei som budde i Hellen. Dei høyrde til Krosskyrkja på den tida. Difor tok ho Amalie feil med omsyn til dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Ja, men ho burde jo visst det. Ho budde då på Askøy sjølv til tider - på Ask. (Der første kona til Lars Martin kom frå....) Ja,ja. God natt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ikkje serleg kjennskap til denne slekta. Men Ellert (Eilert Johan) Atlesen i Krokåsvågen (f. 1838 i Hellen) som i 1900 har pleiesonen Sverre Martin Ludvigsen, må vere ein yngre bror til Lars M.A. Han vert gift til Krokås, og i alle høve dei to fyrste borna må ha dødd som små. Så det var ikkje uvanleg at ungar døydde på den tida. EJA fekk i alt 11 born.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Ludvig Kvamme

Lars Martin Atlesen Hellen hadde også en datter med Anne Pedersdatter Falkanger. Denne datteren, Marta ble født på Falkanger 06.01.1845 og døpt i Åsane Kirke 16.03.1845. Moren som var født 1818 på Falkanger flyttet seneere til Bø i Vesterålen for å gifte seg. Datteren har neppe vært med. Finner ikke Marta konfirmert i Hamre. Men i 1872 gifter hun seg i Haus med Hans Olsen Smaaland 1848-1929. Marta dør i Ytre Arna 26.10.1918. Hun fikk 4 barn 2 barn giftet seg og har etterslekt. Du finner henne i Ytre Arna bygdebok, der er hun kalt Marta Larsdatter Hordvik som kan tyde på at hun kan ha vokst opp på Hordvik i Hamre.Mvh. Johan Ludvig Kvamme

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Ja, sjå her tok saken ei uventa vending! - eller uventa og uventa, det var vel ikkje anna å venta av vår ven Lars. Skjønt det var vel ikkje så uvanleg å ha barn før ekteskapet då heller.Men for meg var det heilt nye opplysningar, så takk skal du ha! Dette var vel verd å følgje vidare, sidan ho Martha sikkert har etterkommarar som lever i dag. (Eg fann forøvrig Martha og Hans og ei dotter i FT 1900 i ein arbeidarbolig til Arne Fabrikker).Til Bjørn: Ja, Ellert var ein yngre bror. Han og svogeren Peder Pedersen frå Krokås var dei største fiskarane på Vestlandet ei tid. Før silda svikta på slutten av 1800-talet. Peder gifta seg med søstra til Lars og Ellert, og flytta til Hellen. Der var han ølskjenkar og noteigar. Dei to fiskarkameratane vart kalla 'Illert i Våjen' og 'Pitter i Hello'. Både Peder og Ellert hadde nokre av Lars sine (no 19) barn som pleiebarn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, historien om dei to har eg høyrt før, men kopla det ikkje før du nemnde det no. Eg meiner ein av dei budde på Horsøy ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Siri Ravnanger

Riktig det, Bjørn. Det er her koblingen finnes opp mot ditt spesiale: Pleiebarnet Mons som ble sendt til sin bror på Krokås, og som ble gift med ingen ringere enn Johanna Kristina Hansdatter Juvik, datter av Hans Olsen Nedre Kleppe og Johanne Malene Paulsdatter Follese. Det med Hellemyrsfolket er jeg enig i at må være ei rispe, men at Mons neppe var 'god nok' for juvikfolkje, er nok sannsynlig, oppkomlinger som de var - både han og broren. Hilsen Siri :o)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Hei igjen, Siri! Ellert Johan Atlesen var vel onkelen til Mons, ikke broren? Mons hadde en bror som het Ellert Johan, men det var Ellert Johan Larsen. Han giftet seg med en kusine, Ingeborg Karoline Karlsdatter. Hun var datter av Karl Johan Atlesen, og denne Ellert og Ingeborg bodde i Hellen. De hadde igjen en sønn som het Ellert Johan, og han var den eneste av deres barn som ble voksen. Han jobbet på lektere som gikk med boss til Kollevågen, og var dermed ofte på Askøy, og innom kusinen Marie (Monsdatter) Solheim. Han er kjent i familien som 'Johan i Hello', og ham har jeg faktisk et bilde av.Så Bjørn er kanskje i slekt med Juvik-folke han også? Hilsen Signe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg er nok ikkje i 'slekt' med juvik-folket, men har nok felles opphav med dei ein gong i tida. Mitt folk forlot Askøy tidleg på 1800-talet og hamna på Sørelandet. Men røtene er både på Kleppe/Krokås og Ravnanger (Jakob Steffensen på 1700-talet som jo eksporterte ungar til Juvik).Dessutan var mor til Johanne Clausdatter (Marte Gudmundsdatter) syster til min formor på Kleppe/Krokås. Johanne ble etter det eg minnest, gift med Paul P. (2), han som var mellom leiarane for tumultene i Bergen 1814.Johanne Malene P. var kan hende dotter av PP (3 eller 4)? Men det kan eg sjekke når eg kjem heim. Eg har kontroll på alt det der, når eg sit på rette PC'en.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

La oss sjå: Det var Lars M.A. sin son Mons Johan som vart send i pleie hjå Lars sin bror Eilert i Krokåsvågen. Mons J. vart så gift med Johanne Christine, dotter til Hans Olsen Juvik/Kleppe og Johanne Malene Paulsdotter frå Follese.Eg veit ikkje om Mons var 'mindre god' for juvik-folket, men han fekk i alle høve ein husmannsplass der, kor dei sju siste av åtte born vart fødd.Johanne Malene var dotter av PP (3) og Anne Abrahamsdotter frå Krokås, men fødd på Hop. Bror til Anne, Jacob A, sat jo på Krokås og vart gift med syster til PP (3), Berte P. - systerbyte m.a.o., sikkert for å halde eigedomane og kronasjen i slekta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har no sett litt nærare på dette. Juvik er berre eit geografisk omgrep, ingen 'gard'. Nokre bruk (Øvre Juvik) var skilde ut frå Nedre Kleppe (g.nr. 9) medan bruka på 'Nedre Juvik' var skilde ut frå Krokås (g.nr. 14). Mons Johan sat på ein plass under g.nr. 14, medan Hans Olsen og hans folk sat på Øvre Juvik. Men då Mons vart gift med Johanne Kristina, var Hans O. død og mora gift oppatt med Karl Martinus Martinussen, yngste son av Martinus Steffensen i Juvik og fødd på Horsøy. Han hadde i 1875 part i større notbruk.Dei fleste på desse gardane hadde stort utbyte av fisket på den tida. Dei var nøydde til å samarbeide i partslag. Eg veit ikkje kva partslag KMM hadde interesser i, men sidan han lot stedottera gifte seg med Mons Johan, hadde han kan hende økonomisk samrøre med desse 'oppkomlingane'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Kven som var kven og kvar stemmer, ja. Men om Karl Martinus velsigna giftarmålet er ei anna sak. Ifølge den datoen som står for bryllupet i DA, var den eldste sonen allereie fødd når dei gifta seg! Men det har eg litt vondt for å tru... Det som er sikkert, er at Johanna var forlova med ein 'skikkeleg' kar frå Follese, før ho kom i lag med Mons. Og stefaren gav dei ein slags husmannsplass i 'ingenmannsland' mellom Krokåsvågen og Follese. Den var kalla 'Raumøllo'. Der vart eldste sonen Edvard fødd. Seinare flytta dei til ein annan plass (som eg ikkje er sikker på kor var) i Juvik, og til slutt fekk Mons Og Johanna kjøpa tilbake Klypo av Johanna sin halvbror, Jakob Djuvik. Han var klokkar i Os, og budde der.Den eldste broren til Johanna, Paul Hansen 'Pål i Våjen', hadde gifta seg oppatt med enka etter Ole Bergesen, og var då husbond på et bruk i Krokåsvågen.Så det var mykje samrøre der, men om det var nokon 'forretningar' mellom Ellert og Karl Martinus, det veit eg ikkje. Det er ein av dei tinga eg håper å finna ut av i sommar, for eg veit om nokon som kanskje veit... :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg veit ikkje kva datoar du har på ekteskapet og fyrste sonen, men dei eg har (frå SAB) er:Mons Johan og Johanna Kristina gifte seg 2104 1879.Edvard Martin vart f. 1003 dpt. 2803 1880.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Eg har same datoane for Edvard sin fødsel og dåp, men eg har 1879. For bryllupet har eg det same som du.(Eg har to ulike datoar for når dei gifte seg - den andre er 26. april 1878) Uansett må ein nok gå ut frå at alt var 'iorden' mht sonens fødsel.... Eg har forresten mikrofilmane av kyrkjebøkene her for øyeblikket, så eg kan jo sjekke hvis eg får tid. Dette veit sikkert Siri...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Vigsla eg har, er den same som på DA, og den er korrekturlese. Dåpen eg har, er SAB si avskrift, men den er ikkje korrekturlese. Den er derimot registrert på data uavhengig av vigsla. Eg veit ikkje kor du har dei avvikande dataene frå, men det er fint om du sjekkar mot kb'ene.Hadde denne dåpen/vigsla vore 100 år før, ville eg tru ho i det minste var gravid då dei gifte seg. Det var nemleg regelen i Askøy på 1700-talet og frametter. Då galdt det å få kyrkja si velsigning på det Vårherre alt hadde velsigna. Men mot slutten av 1800-talet, var dei meir under kyrkjeleg 'tukt og formaning', ser det ut for.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Berre ein liten ting: Du nemner at Paul Olai Hansen vart gift oppatt med enkja etter Ole Bergesen, men du seier ingen ting om når og kor. Eg finn dei nemleg ikke gifte i korkje Askøy, Laksevåg eller Bergen. Etter det eg har notert, hette POH's (fyrste) kone Gurine Bertine Gundersdotter, medan kona til OB hette Gurine Malene Jakobsdotter. Rett nok døyr OB i 1899 og GBG i 1900, men eg finn altså ikkje at dei to attlevande gifter seg med kvarandre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Nei, det var ikkje lett å finna den. Datoen eg har er 22. juni 1904. Men eg hugsar ikkje kor eg fant det... Men at dei vart gifte, er heilt sikkert. Der er bilete av bryllupsfølgjet i ei av bøkene med Bilder Fra Askøy. Der står det at det var ca. 1903. Men det var altså 22/6 1904. Skal sjekke det og mot mikrofilmane.Det vart slik at barnebarna til denne Gurine kalla Paul for bestefar.Og så vart det visst noko ugreie når Paul visstnok ikkje arva noko i Krokåsvågen. Han som overtok, var ein etterkomar etter Svein Olaussen på Kråvik! For han gifta seg med dotter til Gurine og Ole Bergesen. Og Pål (Paul) budde hjå dei så lenge han levde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Ja, og det var i Strusshamn dei gifta seg - iallefall er biletet teke på vegen mellom Strusshamn og Krokåsvågen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, eg ser i basen min over gravlagde at dei må ha vore gift. Der står Paul Hansen som forsørgjar når Gurine J. døyr i 1934. Han døyr som enkjemann i 1937. Men eg kan framleis ikkje finne ekteskapet deira.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Hei. Bare et spørsmål på sidelinjen av denne debatten. Ser at dere skriver om Juvikfolket. Er det noe spesielt med dem/de? Min farfars søster, Inger Sofie Andrea Olsdatter fra Kinn i SF giftet seg i 1910 med Mons Johan Larson fra Askøy. Husker jeg var på besøk hos dem på slutten av 60-tallet og da brukte de etternavnet Juvik. Inger Sofie gikk vel under navnet Inga Juvik hvis jeg ikke husker helt feil. Ble bare litt nysgjerrig.Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Hei, Jeg har sett at du har hatt en tilknytning til Juvikfamilien. Så det var kjekt å få deg med her! Inga var ikke gift med Mons Johan. Hun var gift med hans sønn Lars Martin Monsen Juvik. De hadde 8 barn, men det har du kanskje fra før?Om det var/er noe spesielt med Juvikfolket? Hvis du spør min far, som er av dem, så var det ikke det. Hvis du spør min mor, så var det det... Ikke annet enn en viss stolthet/hovmodighet/overlegenhet? Jeg vet ikke. Bjørn vet mer om historien bakover.Mvh Signe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.