Jump to content
Arkivverket

[#15786] Johannes Ambjørnson Njøs, frå Leikanger til USA 1846


Guest Aase R Sæther

Recommended Posts

Guest Aase R Sæther

Fyrste forsøk på å finne etterkomarar etter Ambjørnson Njøs i USA har ført meg til noko som kan sjå ut som ein syskenflokk utan etterkomarar, etter Sølfest Ambjørnson. Eg prøver derfor å finne ut meir om familien til broren hans, Johannes.Han var fødd på Njøs i Leikanger i juli/august 1815. Han fekk dottera Kari i 1841; mora heitter Brite Lassedtr, og i 1854 utvandra mor, dotter og stefar til USA. Eg trur denne dottera er å finne hos faren i 1860-tellinga, som Caroline, sjå her [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=WIS60&variabel=0&postnr=25708&fulle=true&spraak=n>LenkeNeste barn av Johannes var Johanne, f.1844; mora her var Guri Endredtr Njøs, men jenta døydde ca 1 1/2 år gammal.Ved folketellinga i Wisconsin 1850 trur eg vi finn vi Johannes med kona Ann og sonen Abram, her LenkeLenke til folketellinga 1860 hadde eg lenger oppe. Kona heiter då Ellen (ny kone?)Eg finn han også i 1880, her

Link to post
Share on other sites
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.