Gå til innhold
Arkivverket

[#15950] M&R, 1865, etternamna Gjengaard og Gjermand


Gjest N B Macdonald
 Del

Recommended Posts

Gjest N B Macdonald

Prøver å hjelpe mann i Australia med norske delen av slekta. Lurar på om nokon har ei forklaring for eit par 'mystiske' etternamn in samband med dette.Emigranten var Iver Martinus Iverssen (Skar/Skaret) som ein finn som 4-åring i Kristiansund i 1865. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61503.wc2&variabel=0&postnr=4554&fulle=true&spraak=n>LenkeHan og ein storebror tok hyre på eit skip ('a wheat clipper sailing to Australia via the U.S.A.') då unge Iver var berre 12 år. Iver vart verande i Australia, gifta seg og fekk 8 barn. Berre eitt av desse fekk namn som 'ser norske ut':Irini Winifred Gjengaard IVERSENSpørsmål nr. 1: Kvar kan namnet Gjengaard vere frå? Det er rettnok ein familie i Kristiansund i 1865 med dette etternamnet Lenke samt ei kone i Ålesund som vart 'f Gjengaard'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

En liten titt i orginalboka vil nok avsløre at faren het Gjermand til mellomnavn. FS IGI:-----DITTLOV MARTIN LARSENBirth: 02 JUN 1867Christening: 22 SEP 1867 Aalesund, More Og Romsdal, NorwayFather: LARS JARMAN HAMMER FamilyMother: SOPHIE AMALIE-----

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Sofie Amalie Gjengaar eller Gjengaard var fødd 1824 og datter av værmann Peder Gjengaar og kona Ingeborg Kirstine Isaksdatter i Brattvær. Sofie var først gift med skreddar og kjøpmann Didrik Wiberg (1806-54) i Ålesund, sidan med Lars Hanssen Hammer, buntmakar og handelsborgar i Ålesund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest N B Macdonald

Takk, Nina! Gjermand høyrdast ut som førenamn -- tilsvarar nok Geirmund heromkring, tenkjer eg.Amerikapassasjeren Lars f.c1828 kan gjerne vere bror til Marie/Maria f.c1829 og såleis onkel til Iver Martinus! Også storebror til Iver skal ha hamna i uniten, i Ohio City. Og sikkert fleire.Mange takk, Bjørn i Ålesund. Eg fann Lars Hansen g.m. Sophia Amalie Wiberg den 30 jan 1856 på familysearch og første barnet (i dette ekteskapet) Hansine Josepha f. 16 sep 1857; også fødselen til Sofia. Er det Brattvær ytterst på Smøla? Då kunne nok desse folka båt og sjø. Dei måtte.Men eg lurar framleis på kva det heller uvanlege namnet Gjengaar(d) kjem av og hen det er frå? Ikkje le, men eg fekk umiddelbare assosiasjonar til gjengangarar. Det er neppe forklaringa...... Er det gaard som i gaard, eller noko anna? Er det ein stad som heiter Gjengaard? Veit du bakgrunnen?Om du elles er interessert i kontakt med ein grei kar som er oldebarn til Iver, kan eg gjerne formidle.--Nina Beth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Gjermand kan kanskje være Hierman(d), et etternavn som iallfall fantes brukt i Hordaland og Rogaland på 1600-tallet (av dansk opprinnelse). Og Gjengaard / Gjengård er til og med brukt idag (ref. telefonkatalogen). (Det har nok lite å gjøre med folk som går igjen .... )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.