Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#16009] Rasmus Ellingson Steen i Bergen, fødd på Sunnmøre kring 1778 - Norddalen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Rasmus Ellingson Steen vert i 1824 i Bergen oppgjeven å vera fødd på Sunnmøre kring 1784. Han gifte seg første gongen i Bergen 12.12.1802 med enkja Gurine Bottolfsdotter og andre gongen i Bergen 18.7.1824 med enkja Martha Nilsdotter frå Haus. Rasmus var bøkkerarbeidar i Bergen der han døydde 26.6.1837, 59 år gamal, altso fødd kring 1778.Kven var denne Rasmus Ellingson? FamilySearch har berre eitt alternativ, om me strekker alderen litt...:* Rasmus Ellingson, døypt i Norddalen 21.7.1773 som son av Elling Olson og Siri Olsdotter.Kan det vera han?Er det nokon som kan forelja meg noko meir om Rasmus Ellingson frå Norddalen eller som har andre forslag?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Her i alle fall Rasmus Ellingson 1801:Lenke Alderen 1801 kan tyde på at han er fødd 1780, eller jamvel 1781.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har teke ein titt på Innrulleringssjefen sitt manntal for Bergen 1803-1805, og der finn eg mellom anna:''Rasmus Ellingsen, bødkerarbeidsmand, 30 aar, borger af 1805, født ULFSTEEN''So, då er det spørsmål om nokon har lokalkunnskap frå Ulstein?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter Bergens borgerbok 1752-1865 tok Rasmus Ellingsen Steen fra Sunnmøre borgarskap som ''Høkker'' 15. januar 1805.I Ulstein finst ingen gard eller familie ''Steen'' på denne tida. Dermed kan det tenkast at Rasmus Ellingsen tok dette namnet ved å forenkle gards- eller soknenamnet ''Ulfsteen''. Eg ville ha leita under garden Ulstein først.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få blåsa litt støv av dette spørsmålet som framleis ikkje er løyst.Som Bjørn gjer framlegg om, trur ogso eg at Steen-namnet godt kan vera ei avstutting av prestegjeldsnamnet Ulfsteen, men er det nokon som har høve til å sjekka med kyrkjebøkene frå Ulstein soim visstnok ikkje er registrert på FamilySearch? Rasmus Ellingson bør vera døypt der kring 1775-1781...?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Nei, diverre. Kyrkjebøkene for Ulstein er det ingen som har høve til å sjekke. Dei brann i 1832. Elling var eit vanleg namn. I bygdeboka finn vi under garden Ulstein (som hadde 10 bruk) fleire Ellingar. Ein av dei har høveleg alder til din Rasmus: Elling Davidson, f. Øye, Vartdal ca.1730. Brukar frå 1750. To døtre f.1755 og 1782 er kjende ifl. boka. (den første ny brukar på garden, den andre dp. i Herøy kyrkje). Ikkje skifte etter Elling eller kona. Om 'Steen' skulle vere etter prestegjeldet (inkl. Hareid og Vartdal) vert det ein del å leite gjennom.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar Ivar for nyttig svar! Då er det vel ikkje stort meir me kan gjera med denne saki, når kyrkjebøkene er borte!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

nei... det einaste ville vere å sjå gjennom dei fem binda med gards og ættesoge frå det som var Ulstein prestegjeld (Ulstein og Hareid bd.3-6 og Vartdal b.1) for å sjå om du fann fleire høvelege Ellingar. Det er ikkje uoverkomeleg, og du kunne vere så heldig at ein Rasmus i Bergen var nemnd frå eit skifte eller andre opplysningar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.