Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#16232] Christen Pederson Rønne og Mette Marie Lystrup - 1600-talet - opphavi deira??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christen Pederson Rønne med kona Mette Marie Lystrup, med ukjend bustad, fekk minst to døtrer i lag:* Sophia Christensdotter Rønne, fødd nov. 1661, gifte seg kring 1680 med Gjert Andersson Heiberg frå Talle i Luster, fødd 4.2.1660. Dei budde på Talle i Luster, men Gjert vart i 1688 utnemnd til sorenskrivar i indre Sogn, og i 1690 flytte parfolket til Amla i Sogndal.* Margretha Christensdotter Rønne, fødd kring 1676, gifte seg kring 1698 med Hans Henrikson Urdahl, då enkjemann og sokneprest til Luster, fødd i Aurland kring 1654. Dette parfolket budde på Dale prestegard i Luster.Mette Marie Lystrup høyrer sikkert nok til Lystrup-ætti på Kaupanger i Sogndal (kanskje nokon veit korleis...?), men kven var Christen Pederson Rønne? I Bergen finn me fleire personar med ættenamnet Rønne, men eg kan ikkje sjå nokon samanhang. Ein kunne kanskje tru at namnet hadde tilknytting til gardsnamnet Rønnei i Luster, men der kan me ikkje sjå nokon slik person.Når me ser på ektemakane til dei to døtrene til Christen Pederson Rønne, og likeins hans eigi kone, vil eg heller tru at Christen Rønne hadde ei ''høgre'' stilling i samfunnet, rimelegvis ein eller annan stad i Sogn eller i alle fall på Vestlandet, og fleire liknande ætter hadde namni sine frå byar i Danmark (t.d. Lemvig, Thisted, Schjeldrup og Colding). Kan Christen ha namnet sitt frå Rønne på Bornholm?Eg vonar at nokon kanskje sit inne med kunnskap som kan kasta ljos over dette spørsmålet og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Her har vi familien:Lenke mvh Jan Frode Johansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Her er en god lenke: Lenkemvh Jan Frode Johansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Jan Frode,Denne lenken forstod eg ikkje mykje av... Kva skal eg søka etter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Den siste lenken var betre. Hjarteleg takk, Jan Frode!So har me altso identifisert Mette Marie Lystrup, men her er likevel noko som ikkje stemmer. Eg trur ikkje at Christen Pederson Rønne var sokneprest, og i alle fall ikkje i Luster...! Eg stiller meg likeins tvilande til at Christen Rønne var gift to gonger...Eg ser elles at Christen Rønne sitt namn er tolka som Rønnei!! Uffda!Finst det andre alternativ?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har i kveld gått gjennom ymse kjeldemateriale, og likeins debatten kring Gedde-ætti i Sogndal (tema #11239) og har gjort meg nokre tankar:Sidan eg i utgangspunktet har gått ut ifrå at Christen Pederson Rønne og Mette Marie Lystrup aldri budde innanfor Luster kommune, eller hadde noko med kommunen å gjera utover det faktum at dei to døtrene Sophia og Margretha gifte seg hit, har eg ikkje sett inn særskilde åtgjerder for å etterprøva dei opplysningane som er framkomne i andre kjelder. Og no spør eg meg:Kva er eigenleg kjelda for at Sophia Christensdotter (gift Heiberg) og Margretha Christensdotter (gift Urdahl) hadde Christen Pederson Rønne (eller Klingenberg?) og Mette Marie Lystrup (eller Maria Christensdotter Lystrup, som namnet hennar skal ha vore) til foreldre? Kanskje har eg teke opplysningane frå Heiberg-boki og Lampe for ''god fisk''? I so fall er det god grunn til å ropa eit varsko! Me veit at nokre av teoriane om opphavet til Heiberg-ætti er svært so tvilsame, ikkje minst når det gjeld bruken av ættenamn.Er det nokon som kan dokumentera at Maria Christensdotter Lystrup verkeleg har eksistert og at ho var gift med Christen Pederson?Neste skritt vert so å dokumentera at Sophia (gift Heiberg) og Margretha (gift Urdahl) var døtrer av dette paret!?Om desse påstandane kan dokumenterast, vil eg gjerne få leggja til at det truleg har vore fleire søsken i denne huslyden, mellom anna denne jenta:* Britha Christensdotter, fødd kring 1670, gift kring 1691 med gardbrukar Mons Andersson Schanke på Eikum indre i Hafslo, fødd 1662, ein soneson av sokneprest Mons Johnson Schanke i Luster! Denne Britha hadde fleire born, mellom anna ei dotter Maria, som godt kan vera oppkalla etter bestemor si...!?Elles vil eg gjerne få peika på eksistensen av to personar i Luster med namn Christen Pederson:* Christen Pederson (1635-1696), gardbrukar i Øyane i Luster, som me ikkje kjenner opphavet til. Denne Christen var gift to gonger og fekk i alt 14 born, som me kjenner, takka vera fleire skifte.* Christen Pederson (1627-1700), gardbrukar på Sterri på Hafslo, son av storbonden Peder Jørgenson på Skildeim i Luster og første kona hans, Guri Torbjørnsdotter (Holst) frå Fardal i Sogndal. Og denne Christen Sterri kan vera interessant å sjå litt nærare på. Eg er ikkje enno ferdig med arbeidet med dei ny bygdebøkene for Hafslo, men so langt har eg ikkje vore i stand til å finna namnet på kona til Christen Sterri eller kor mange born dei fekk. Ein son Torbjørn Christenson, fødd 1671, tok over heimebruket på Sterri, medan to eldre søner truleg var klokkaren i Luster, Christen Christenson (1652-1738) og husmann Lars Christenson i Langen under Talle i Luster (1652-1710). Mellom desse og Torbjørn er det plass til mange fleire!!Til sist vil eg gjerne få nemna at då futen Christen Andersson (1595-1642) tok over som gardbrukar på Rønnei i Luster (bnr. 6) i 1628, so avløyste han ein Peder Gunderson som var avliden kring 1626, truleg berre kring 35 år gamal. Dette ser ut til å vera EINASTE alternativet for ein Peder på Rønnei som KAN ha hatt ein son Christen, men om ein slik person eksisterte og gifte seg med Maria Christensdotter Lystrup i Sogndal, so må Peder Gunderson og/eller kona hans ha vore av ''høgre byrd'', med mindre Christen fekk voksa opp hjå futen Christen Andersson...? Uansett, som me ser, er dette i høgste grad eit svært so ''hypotetisk'' alternativ!Eg imøteser gjerne kommentarar til desse spørsmåli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Kristensen

Ref. ”Slekten Heiberg” av G.Heiberg s.61 så flyttet Gert Andersen Heiberg (1660-1724) i 1690 fra gården Talle i Luster til et bruk i Amble, Lille-Jorden i Sogndal herred 'hvortil han, som det synes, på sin hustrus vegne, Sophie Christendtr. (1661-1736), var odelsberettiget'. Gården kjøper han av Anders Feddersen Ullenberg (eller Tønder).Dette er interessant fordi det betyr at familien til Sophie må ha hatt gården i besittelse i minimum 30 år eller 3 slektsledd (ref. Chritian den 4’s Norske lov, Christian levde 1577-1648). Blant de odelsberettigede gikk eldre søsken og deres etterkommere foran yngre, og menn foran kvinner. En skal også være klar over at ved overdragelse til en odelsberettiget er ikke odelsretten definitivt tapt, hvilket viser seg at den kan gjøres gjeldende når eiendommen senere overføres til en utenfor de odelsberettiges krets (innenfor 20 år?). Kanskje det var en slik rett Gert gav til kjenne ved overtakelse av gården.Ref. boken Historielaget for Sogn 13-15, s.31: Her bodde i begynnelsen av 1600-tallet Morten Lauritsson fra Romsdalen som var gift med Guri Due (datter av sogndalspresten Mikkel Due d.y. født 1568 og futedatteren Metta Holst).Morten Lauritsson/Guri Due hadde datteren Øllegård Mortensdtr. (1635-etter1685) som ble gift med Peder Jensen Amle (1630-før 1685). 11 barn – der Christen Pedersen , født 1652/58 feilaktig har vært angitt som far til Sophie Christensdtr.Er det noen som kan fylle ut med mer gårdshistorie her? Hva het de andre barna til Morten Lauritsson/Guri Due? Kildemateriale å sjekke (for å finne odelsberettige)? Hvem var Morten Lauritsson fra Romsdalen – og hvor er denne informasjonen fra?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Takk til Lars for at han reiser dette spørsmålet i full bredde. Gert Heiberg var en sentral person blant de kondisjonerte familier i Indre Sogn på 1600- og 1700-tallet og det er jo litt utilfredsstillende at vi vet så lite sikkert om kona hans. Jeg er enig i at det nok bør stilles spørsmål ved en del oppleste sannheter om hennes foreldre. Her er det tydeligvis få orginalkilder og de fleste sekundærkildene har vel hentet sine opplysninger fra de første trykte kildene om familien Munthe (1883) og Heiberg (1907).Som Trond nevner, sies det i 'Slægten Heiberg' at Gert Heiberg flyttet til Amla 'hvortil han, som det synes, på sin hustrus vegne, Sophie Christendtr. (1661-1736), var odelsberettiget'. Jeg er enig i at dette kan være et viktig spor, men forfatteren gir jo uttrykk for en viss usikkerhet her! Kanskje er det en tanke å sjekke tingbøkene fra rundt 1690 for å finne ut hva slags eiendomsoverdragelse dette var.Det aktuelle bruket i Amla hadde inntil 1650 vært eid av adelsmannen Iver Vind. Dette året ga han det til Anders Feddersen som vederlag 'for hans lange troe thieniste'. Kanskje er det verdt å merke seg at skjøte inneholder opplysninger om at gaven knyttes til Anders' giftemål med en Anne Pedersdatter og at Anders skulle 'niude, bruge och beholde til euindelig odel och eygiendomb, for dennem och deres børen och arffuinger' [Tingbok Indre Sogn 1669]. Hvis Sophie faktisk hadde odelsrettigheter i denne delen av Amla, burde vel hun ha vært i familie med Anders Feddersen?Jeg nevner i denne forbindelse at mulig etterkommer etter Anders Feddersen (sønnesønn?), Hans Hermand Ullenberg, i 1703 offentliggjør på tinget i Lærdal at han vil hevde sin odelsrett til Amla og Vindedalen [Tingbok for Indre Sogn 1703]. Det framgår at han nå er myndig, men ikke har penger til å innløse eiendommene. Dette tyder kanskje på at Sophie Christensdatter IKKE hadde odelsrett i Amla, eller at en slik odelsrett i alle fall var omstridt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Trond, hvilke kilder er det som får deg til å slå fast at 'Christen Pedersen, født 1652/58 feilaktig har vært angitt som far til Sophie Christensdtr' ? Er dette samme mann som Lars kaller Christen Pedersen Rønne ?Såvidt jeg har skjønt bodde Peder Jensen (g.m. Øllegård Mortensdatter) på Amble i Luster, og sønnen Christen skal ha eide storgården Nedre Amla. Stemmer dette ?Kan det være slik som Lars antyder, at navnet Rønne stammer f.eks. fra Bornholm, og ikke har noen sammnheng med Rønne/Rønnei/Rønneid i Gaupne ?Har du, Trond, andre kandidater som foreldre til Sophie Christensd. (g. Heiberg), Britha Chr.d. (g. Schancke) og Margrethe (g. Urdahl) ?Er navnet Mette Marie Lystrup feil på kona til Christen Pedersen, og stemmer det ikke at han senere var g.m. Dorthe Christensdatter (død 1715) og Sara Larsdatter ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Sophie Christensdatter som var g.m. sorenskriver Gjert Andersen Heiberg, skal altså iflg. en del trykte kilder være datter av Christen Pedersen Rønne. Spørsmålet til Lars er dels hvem denne Christen var og dels hvilke originalkilder som er grunnlaget for denne påstanden. At denne Christen IKKE er identisk med Christen Pedersen (KLINGENBERG), født 1652/1658, ser vi av skiftet etter ham. Der står nemlig:'A/nn/o 1722 d/end/ 19 Febr blev holden skifte efter Christen Pedersen Amle. Nerværende enken Sara Larsdatter med hendes 2de umyndige børn, neml/ig/ Dorethe og Christentze Christensdøttre, paa huis weigne war tilstæde farbrodren Erik Peders. Amle'Gjert Heibergs kone, Sophie, var i live i 1722 og skulle evt. være nevnt som datter i dette skiftet. Videre står det svart på hvitt at denne Christen som det var skifte etter i 1722 faktisk var en av Klingenberg-brødrene ettersom han var bror av Erik Pedersen (Klingenberg).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Jeg har nettopp skrevet av slekter fra Luster fra bøkene til Lars Øyane. Deriblant gårdene Fuhr bd.II og Rønnei bd.IV.På gården Fuhr, bd.II,s.649 står Anders Larsen Fuhr, fca. 1565 muligens i sør-Jylland - ca. 1630. Bror av Søren Larsen Talle(1575-1653). De blir regnet som ættefedre for Heiberg-ætta i Sogn. Anders Larsen fikk sønnen Christen(1595-1642) som flyttet til Rønnei grd. Det kan jo være mulig at Anders L. også fikk en sønn Peder osv.Jeg vil anbefale deg å se i de bøkene om du ikke allerede har gjort det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Lars Øyane, som starta denne tråden, har neppe den store tronga for å sjå i bygdebøkene for Luster, skulle eg tru:-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Snakk om å dumme seg ut. Nå er jeg virkelig flau. Så Lars E. er altså den samme som Lars.Beklager tabba mi Lars E. Øyane. Bøkene er imponerende.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Det er lite å være flau over, Berit. jeg tror du har en ganske romslig og lite brukt tabbekvote :-)) Hilsen Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Agnete Schjønsby

Kan det foreligge en sammenblanding mellom Lystrup og prestefamilien Lyster - som tok navn etter Luster? Jeg har så vidt vært borti denne familien, og er slett ingen ekspert. Men min tendens til å lese om Lystrup, mens jeg egentlig leter etter Lyster, har kanskje rammet andre, tidligere? Se tema 11865 innlegg 8 og videre. Agnete

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar for fleire nye innlegg om dette tema. Alle tips og forslag er viktige, men når det gjeld presteætti Lyster, so trur eg det må vera eit ''villspor'', mellom anna på grunn av spørsmålet om retten til jordi i Amla, som hadde vore i Lystrup-ætti si eige(?), retten som Gjert Heiberg nytta seg av då han flytte dit...!Det synest soleis vera meir eller mindre sikkert at Mette Marie ''Maria'' Christensdotter må ha vore av ætti Lystrup. Og so lenge det ikkje synest vera nokon annan ''kandidat'' i indre Sogn, heller eg meir og meir til den trui at det må vera Christen Pederson på Sterri i Hafslo (1627-1700) som ''skjuler seg'' bak namnet Christen Pederson Rønne, mannen hennar. Sonen hans, Christen Christenson (1652-1738), som vart klokkar i Luster, tyder jo på ei oppkalling, so kvifor ikkje etter ''gamle'' Christen Lystrup? Christen Pederson på Sterri høyrde jo òg til ''rette'' samfunnsklassa...Når det gjeld presteætti Lyster med opphav frå Luster, er denne ætti omskrivi i Luster bygdebok, band II på s. 470/471. Sokneprest Christen Henrikson Lyster (1590-1645), visstnok med opphav frå Kiel i Tyskland, hadde tre søner som me kjenner til; den eldste Lars Christenson Lyster hadde forresten to søner som båe vart prestar på Bornholm!!Eg vonar på fleire kommentarar og takkar so mykje!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Prøver meg igjen. Kan MM Lystrup komme fra Barland Sannidal/eller Bamble i Telemark?Mulig jeg er helt på jordet, men det er en tanke. Noen fra den slekta flyttet jo til Vestreim. Kanskje en besøkende slektning.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Kristensen

Innlegg (1): Ref. en lapp skrevet av kpt. Gerhard Munthe i Kroken hadde Sophie en bror Anders (lappen befinner seg i de Heiberske samlinger, Sogndal).Innlegg (10): Knut, er det samme Christen som tidligere var gift med Dorthe Christensdtr. (død 1715)? Ref. skiftet ingen felles barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Dette med ''lappen'' skriven av kaptein Gerhard Munthe i Kroken høyres interessant ut, men eg er ikkje i stand til å finna nokon Anders Christenson som høver.Derimot hadde Christen Pederson i Øyane i Luster ein son Anders Christenson (1667-1741) som vart ettermannen til Christen Pederson Sterri då sistnemnde flytte frå Hengesteg i Luster til Sterri i Hafslo. Og denne Anders Christenson var gift med ei Britha Christensdotter (1676-1748), som eg mistenker for å vera dotter til Christen Sterri! Om dette er rett, hadde med andre ord Christen Sterri to døtrer med namnet Britha, noko som ikkje var uvanleg i dei dagar... Kanskje har kaptein Munthe trudd at det var Anders sjølv som var bindeleddet til Christen Pederson ''Rønne''?Me kjenner forresten ikkje til noki dotter Marie etter Anders og Britha på Hengesteg, men dei hadde mellom anna ei dotter Sophia!!Dette vert meir og meir spennande! Kanskje fleire ''lappar'' vil dukka opp med tid og stunder?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Til Trond: Du spør om den Christen jeg omtaler i innlegg (10), er den samme som tidligere var gift med Dorthe Christensdtr. og som det var skifte etter i 1715. Svaret er at det kan det vel neppe være tvil om.Til Lars: Kunne du fortelle litt mer om hva du har om Christen Pedersen Sterri?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Med omsyn til Christen Pederson på Sterri i Hafslo (1627-1700) so veit eg førebels ikkje stort meir enn det som er skrive ovanfor under innlegg #6. Men eg kan leggja til at han i fleire år var brukar eller paktar av garden Hengesteg i Luster, som då var eit underbruk under farsgarden Skildeim. Dette var medan faren enno levde!Eg lyt leggja til at Jon Laberg (Hafslo 1926) trur Christen Pederson på Sterri kan ha vore son av ein Peder som før hadde vore gardbrukar på Sterri og som var far til klokkar Jens Pederson på Sande i Luster, han som vart gift med Margretha Christensdotter frå Rønnei. Men etter at Jens døydde, gifte Margretha seg att med nye klokkaren i Luster, Christen Christenson, som eg meiner må vera son av Christen Pederson på Sterri. Og me kan vel sjå bortifrå at Margretha, etter dei strenge ekteskapsreglane på den tidi, gifte seg att med ein mann som var brorson av første mannen!!?Elles ser det ut til at Christen Pederson på Sterri òg var far til ei Martha Christensdotter (1663-1722) som først vart gift med gardbrukar Lars Andersson i Bakken i Jostedalen (1645-1705) og sidan med gardbrukar Erik Hermundson på Feigum i Luster (1674-1737). Og dette gjer ætti særs interessant for meg, ettersom Lars Andersson er min agnatiske stamfar!Det er framleis von om at nye opplysningar om denne ætti kan komma fram under gjennomgongen av tingbøkene for 1660-1700, men eg meiner desse er nokolunde grundig saumfarne for Luster og Hafslo sine vedkommande, so det spørs...Kanskje hadde det likevel vore ein tanke å sjekka ut alle som heiter Christen i heile indre Sogn i 1665? Det er ikkje so mange av dei!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Trond, i innlegg #7 nemner du at Peder Jensson på Amla i Sogndal, fødd 1630, og kona Øllegaard Mortensdotter, fødd 1635, fekk elleve born. Eg reknar med at den seinare Peder Jensson i Amla, fødd kring 1682, må vera ein soneson, men kva veit ein om dei elleve borni etter Peder og Øllegaard? Peder Jensson, fødd 1682, synest ha hatt ei eldre søster som vart gift med Jens Nilsson Hess på Sanden i Lærdal, og at mor deira heitte Metta Marie...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Med fare for å introdusere en 'omkamp': 'Noen' fører en 'Maren Christensdatter' som kone til Jens Pedersen Klingenberg på Amle (mor til Peder 1682, Margrethe, Øllegaard og Annne), og antyder at Maren kan være dattter av Christen Skakssøn Lystrup på Vestrem i Kaupanger, som også (muligens ?) hadde en datter (Mette) Marie (Lystrup), g.m. Christen Pedersen Rønne. Er det snev av sense i dette ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Therese Brennesvik

Til innlegg (22):En av mine tipp-er sies å være sønn av Peder J. Amble og Øllegård Mortensdatter:Erik Pederson Klingenberg f.1639 d. 1735 på Amla. Han ble visstnok gift medBrithe/Birgitte Andersdatter Rønne/Rønnei f. 1670, datter av Anders Christenson Rønnei og Malene Mogensdatter.De hadde barna Kirstine, Elisabeth, Peder, Jens og Øllegård. Kirstine ble gift til Dalsøyri og Øllegård inn i Nitter-slekta på Hafslo.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Nina: Erik Pederson Klingenberg ble født 30 år senere enn du skriver, nemlig i April 1669. Han og Birgitte hadde 10 barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.