Gå til innhold
Arkivverket

[#16319] Gunhild Larsd. Naustbakken/Peder Nilsen Herum. Årdal, Luster - Sogn og Fjordane


Gjest Osvald Rydjord
 Del

Recommended Posts

Gjest Osvald Rydjord

Gunhild Larsdatter f 1778, er datter av Lars Paulsen Naustbabben f 1746 på Øyni i Marifjøra. (Han gifter seg senere med Gjertrud Håkensdatter fra Ornes). Gunhild er Lars datter fra før han er gift. Har noen med tilgang på kirkebøker fra området muligheter til å finne morens navn? Er det muligheter til å finne videre slekt bakover for Lars og Gunhild?Gunhild gifter seg 2.4.1797 med Peder (Per) Nilsen Herum, f 1777, fra Luster. Kjenner noen noe til Peders opphav?Peder og Gunhild flytter 1809 til Klauset, Sør-Aukra.Mvh Osvald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Her kjem du borti ein huslyd som det ikkje har vore lett å arbeida med, og der me framleis ikkje har funne alle svari. Men nokre fakta vil eg gjerne leggja fram:Lars Paulson var fødd i Hafslo kring 1754 (kyrkjeboki er mangelfullt ført på den tidi!) og fekk berre tjue år gamal dotteri Gunnhild med ei Martha Torstensdotter. Gunnhild vart døypt i Hafslo 11.9.1774. Kven mori var, er førebels uvisst. Ho var ikkje frå Hafslo og ikkje heller frå Luster, men truleg frå Årdal eller kanskje meir sannsynleg frå Vang i Valdres(?). Tingbøkene er under gjennomgang, og eg har ei viss von om at opphavet til Martha Torstensdotter kan komma fram der!Lars Paulson gifte seg første gongen i Hafslo 20.10.1782 med Gjertrud Haagensdotter frå Urnes i Hafslo, døypt der 1.11.1737. Lars og Gjertrud fekk ikkje born i lag, men dei ól opp Gunnhild, dotteri som han hadde frå før, og Gunnhild flytte med Lars og Gjertrud til Naustbakken under Hovland i Årdal.Gunnhild Larsdotter gifte seg i Årdal 8.1.1797 med ein Peder Nilsson. Om han står det at han var ''frå Luster'', men heilt sant kan ikkje dette vera: Han vart konfirmert i Luster i 1790 og hadde då tilhald på garden Leri (Lerum), men liksom fleire andre unge menneske i Luster på den tidi, var han truleg barnefødd ''austafjells'', og eg har grunn til å tru han må vera komen frå Vang i Valdres. Ein Peder Nilsson vart døypt i Vang 9.6.1776 av foreldri Nils Henrikson og Dortha Pedersdotter som den gongen budde på Oldre i Vang. Nils og Dortha fekk òg ei dotter Siri (Sigrid) i 1779 og budde i 1801 som innerstfolk på Kierstein i Vang, men utan born. Korkje Peder eller Siri (Sigrid) er å sjå i Vang i 1801!! Eg har diverre ikkje hatt høve til å sjekka bygdebøkene for Vang for å sjå kva som er skrive om denne huslyden der...Som du seier, flytte Peder Nilsson og Gunnhild Larsdotter i 1809 til Aukra der dei vart gardbrukarar på Klauseth store. Peder skal ha drukna i Aukra 15.8.1837, men eg vantar dødsdato for Gunnhild. Eg kjenner til seks born etter dei:* Lars Pederson, f. i Årdal 15.12.1795* Bertha Pedersdotter, f. i Årdal 22.3.1800* Nils Pederson, f. i Årdal 25.11.1804* Gjertrud Pedersdotter, f. i Årdal 1.4.1809* Marit Pedersdotter, f. i Aukra 6.9.1812* Peder Pederson, f. i Aukra 21.10.1817Eg held for tidi på med bygdebøkene for Hafslo, og for å gjera desse meir fullstendige, er eg intereesert i fleire opplysningar om Peder og Gunnhild i Aukra og om borni deira. Kanskje du Osvald kan hjelpa meg der?Om du vil skriva til meg direkte, so er E-postadressa mi denne: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Lars! Takk for kjempeinformasjon om Gunhild og Peder. Jeg skal låne bygdebøkene fra Vang for å se om det står noe om Peder der.Gunhild døde 3. april 1838, kort tid etter at mannen bleiv på fjorden.Det er dattera Marit jeg har mest informasjon om, takket være en stensil av Tor Stallvik, en av etterkommerne, og diverse bygdebøker for området. Jeg har slekt på Klauset, men er ikke selv direkte etterkommer av Gunhild og Peder, det er derimot min svigerinne. Men jeg tror det er etterslekt til å fylle en bok til. Jeg skal ta kontakt med det første for å høre hva slags informasjon du vil ha.Jeg fant forresten familien i FT 1801. Der er Gunilde Larsdadtr's far ført som Lars Pedersen og ikke Paulsen. Feilføring?? Der er også alderen oppgitt til 55 år og da blir avstanden til 1754 vel stor - eller hva?Mvh Osvald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.