Gå til innhold
Arkivverket

[#16323] Guri Ellingsdatter Solsvik


Gjest Åge Hestetreet
 Del

Recommended Posts

Gjest Åge Hestetreet

Guri Ellingsdatter Solsvik (f.1747 - d.1816) giftet seg i 1774 med Nils Larsen Vik. Er det noen som har informasjon om hennes foreldre etc.?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Guri var født på Tveit på Askøy. Ho var døypt på Askøy 17.06.1745. Foreldra var Elling Kieldsen og Gjertrud Olsdatter Tveit. Etter at mora døydde i 1754, flytta Guri og broren Ole til Solsvik der dei vart oppfostra. Kvar foreldra kom frå har eg ikkje funne ut av. Dei var ikkje gift på Askøy.Då desse folka også er ’mine’, så har eg ein del opplysningar. Eg skal lage ei fil og sende deg. (Har adressa di frå tidlegare.)Mvh Tore T

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Elias Solsvik

Guri sine foreldre var Elling Kjellson og Gjertrud Olsdotter. Etter det eg har notert vart Guri døypt 27. juni 1745 i Askøy kyrkje, som nr. 2 i familien. Familien budde på garden Tveit på Askøy.Det eldste barnet til Eling og Gjertrud vart døypt Martha, og det skjedde 25. desember 1741 i Domkirken i Bergen sidan Askøy låg under Domkirken på den tida. Min 3x tippoldefar Ola Elingsen Tveit (barn nr. 5, døypt 12. mars 1752) flytta til formyndaren sin Rasmus Pederson Solsvik i lag med Guri Ellingdotter, etter at faren døydde i 1769. Ola er konfirmert i Fjell kyrkje 29. september 1770. Truleg var Rasmus eller kona i i nær slekt med Elling eller Gjertrud, men dette har eg ikkje greidd å stadfesta. Guri vart gift med enkjemann Nils Larsson Vik i Øygarden og slo seg til der, medan Ola overtok gardsbruket til Rasmus Pederson. Nils Larsson vart los frå 30. oktober 1781 i Solsvik losoldermannskap ved sidan av at han var gardbrukar. Ola Ellingson vart los i 1777 i Solsvik losdistrikt, losoldermann frå 9. januar 1781 i same distrikt. To av sønene til Ola, Elling og Ola delte gardsbruket etter han, og etterkomarar etter desse to driv i dag bruksnr. 5 og 6 på Solsvik.Elling Kjellson Tveit er i følge Mannskapsrulle for Bergen Stift 1749 - 1777 for Herløe Skibbrede under garden Tvedt oppgjeven til å vera 49 år, og det betyr antakelig at han var 49 år då protollen var på begynt, alså i 1749. Dermed var han fødd i år 1700, om alderen er rett. Eg har i fleire år prøvd å finna ut kor han og faren Kjell (som er eit nokså uvanleg namn på denne tida) kjem frå men utan resultat hittil. 1. kona til Elling og mor til Guri, Gjertrud Olsdotter, er det verre å finna ut av. Men eg har enno ikkje lest ting og rettsprotokollane. Kanskje det er noko spor der. Med venleg helsing Elias Solsvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Ellend Kieldsen Bøyum giftet seg 1 november 1740 med Gjertrud Olsdatter Skarestad (døpt 31/12 1714). Dette paret giftet seg i Leikanger prestegjeld i Sogn og Fjordane og bør være en gode kandidater til paret på Askøy. Forøvrig var det flere sunnfjordinger og sogninger som bosatte seg i Nordhordland på 1700-tallet. Mvh. Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Ole Sjovatsen/Zevatsen/Sevatsen ca. 1676-1749. Han var fra Horpestad i Leikanger og bosatte seg på Skarestad. Han var mest sannsynlig far til Gjertrud Olsdatter Skarestad født 1714. Det er skifte etter Ole Sevatsen Skarestad i Ytre Sogn i perioden 1743-1750. Hvis du/dere skjekker dette skiftet vil dere få vite med sikkerhet om det er dette paret på Askøy. Mvh. Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Dette var interessante opplysningar. Eg har også leita etter opphavet etter Elling Kjeldsen og Gjertrud Olsdatter uten resultat.I skifteprotokollane for Ytre Sogn ser eg at det vart halde skifte etter Kjeld Friksen Bøium på 1720-talet. Også det skifte kunne det vore verdt å sjå nærmare på. Han hadde rett nok ingen son ved namn Elling ved teljinga i 1701, men Elling kan vere fødd etter teljinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Skifte 17 mai 1762 etter Guro Iversdtr. Skarestad, enke etter Ole Siøvatsen. Arvinger var barna: Iver Olsen død og har etterlatt seg 7 barn, Britha Olsdtr. gift med Ole Anthoniussen Skarestad, Gjertrud Olsdtr. død og har etterlatt seg 2 barn Ole Ellendsen 13 år og Guro Ellendsdtr. med formynder Ole Ant. Skarestad og søsteren Lucie Olsdtr. g.m. Ole Hansen Suphellen.Skifte 22 oktober 1751 etter ungkar Siøvat Olsen. Arvinger var moren Guro Iversdtr., broren Iver Olsen Skarestad, broren Jon Olsen Skarestad, Søsteren Brita Olsdtr., søsteren Gjertrud Olsdtr. gift med Elling Kieldsen Tvedt i Nordhordland og Lucie Olsdtr. g.m. Ole Hansen Suphellen.Ifølge bygdeboken for Balestrand var Guro datter av Ivar Endresen Skarestad ca. 1630-1707 og kona Gjertrud Ellingsdtr. død 1706. Ole Sjovatsen var sønn av Sjovat Olsen Horpedal død 1705 og kona Kari Knudsdatter Mundal. Kjell Friksen Bøyum ca. 1645-1727 var gift med Marta Ellingsdatter. De hadde flere barn blant annet sønnen Elling som er nevnt i skiftet etter faren i 1727. Håper dette var nyttig.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åge Hestetreet

Hei!Takk for informasjonen!!! Dette var jo nesten et syvmilssteg videre. Det er alltid artig når man klarer å løse et slikt spørsmål og plutselig finner 10-15 nye forfedre.Bygdeboken for Balestrand gir jo også en del annen interessant informasjon om den enkelte av disse, samt flere av fofedrene/-mødrene.mvh Åge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Vil berre gje eit lite bidrag. Her er det eg har i mitt Askøy-register om dei folka (DK-døypte er enno ikkje komne med):(LEIK?),,Elling,Kielsen,Tweit,,,,,Giertrud Olsdtr,,,,,Gurj,1706,,1745,,Elling,Kielsen,Tweit,,,,,Giertrud Olsdtr,,,,tvilling,Elling,0112,,1748,,Elling,Kielsen,Tweit,,,,,Giertrud Olsdtr,,,,tvilling,Ole,0112,,1748,,Elling,Kielsen,Tweit,,,,,Giertrud Olsdtr,,,,,Ole,1203,,1752AS0121,0,Elling,Kielsøn,Tweit,Enkemand,,,Pige,Siri,Samuelsdatter,,,,Kirkebok for Askøy A1 fol. 259a.,,2909,1755AS0121,1,Elling,Kielsen,Tvedt,,,,,Siri Samuelsdtr,,,,,Johannes,1704,,1757AS0121,2,Elling,Kielsen,Tveiten,,,,,Siri Samuelsdtr,,,,,Niels,0210,,1758AS0121,3,Elling,Kielsen,Tveiten,,,,,Siri Samuelsdtr,,,,,Gertrud,2610,,1760

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Tusen takk til Kenneth Bratland for nyttig informasjon.Men når ein får svar på ei gåte, dukkar det ofte opp nye. I innlegg 7 skriv du at det var berre 2 av borna til Gjertrud Olsdatter som var nemnd i skifte etter Guro Iversdatter.I min database har eg at sonen Elling levde opp og gifta seg i 1780. Lenke .Kan det tenkjast at du har oversett Elling i skiftet? Eller var det to Elling Ellingsen Tveit? I tilfelle kven var den andre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Der var ein Elling til på Tveit på den tida (Elling Bastesen gm Marte Rasmusdotter). Dei fekk to born (Gurj og Giertrud) i 1744 og 1748. Det er førebels alt eg veit om dei. Sidan dei ikkje er gifte i Askøy, kan dei ha hatt ein son Elling med seg då dei kom. Du kan jo sjekke konfirmantane, sjølv om opplysningane der ikkje seier så mykje. Det står heller ikkje noko om alder då Elling Ellingsen gifte seg i 1780.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

No har eg sjekka ut EB og MR litt. Ho var frå Ø. Tveiten, han frå Alver. Dei gifte seg i Hamre 1727 og flutte truleg saman på Tveit på Askøy. Derifrå har dei døypte i DK og seinare Askøy fram til 1748, men ingen Elling. EB døyr i 1764, 60 år gamal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elias Solsvik

Elling Kjellson, gardbrukar på Askøy gift med Gjertrud Olsdotter sitt barn nr. 3 Elling Ellingson vart konfirmert 3. mars 1771 som nr. 15 av 15 gutar. Han var då 20 år gammal då han vart konfirmert (som ikkje stemmer med fødselsåret, om det er den same Elling). Han vart forlova med Malena Jakobsdotter Plassen, Ask 6. februar og gift 11. juni 1780. Ho var fødd ca 1752. Forlovarar var Jakob Abrahamson Ask og Einar Monsson frå same stad. Elling avla militær eid i 1771, og vart karaktisert som velvaksen i ein militær protokoll (Innrulleringsjefen i Bergen Avd. 1 Hovedrulle Søndre Bergenhus No. 5 1785 under Herdlø Skibrede, 17. Tvedt). Ifølgje den same protokollen har har fått jord på Ask 1781 og er vorten husmann. Men kvifor han ikkje overtok gardsbruket etter faren på garden Tveit er noko ein kan fundera på. Ifølgje folketeljing for 1801 var Elling Elingson husmann på Ask hovudgard, Frugard husmannsplass og der var han også var paktar.Elling og Malene fekk desse borna: 1.Claus Vilhelm døypt 29/12 1790 og konfirmert 20/4 1806 2. Bertel Johannes døypt 1/12 1793, men ikkje funne i konfirmasjonslistene 3. Berta Johanna døypt 28/3 1796Mvh Elias Solsvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Takk både til Bjørn og Elias.Det var godt å sjå at det var slik det var. Elling Kjeldsen og kona Gjertrud er einaste felles aner eg har funne mellom meg og kona mi. Ho stammar frå Elling Ellingsen og eg frå Guri Ellingsdatter. Vi er dermed 8-menningar. (Ikkje mykje å skryte av, men likevel.)Når det gjeld alderen til Elling Ellingsen Tveit/Ask så står det at han er 56 år i 1801 og 71 år når han døyr i 1817. Begge opplysningane skulle tilseie at han var fødd kring 1745/46. Men vi veit at både teljingar og alder ved død ofte er feil, så eg vel å stole på at opplysningane til Bjørn om at han var døypt i 1748, er rette.Til Elias.Har du funne ut av kvifor Ole og Guri hamna på Solsvik hos Rasmus Pedersen? Ein eller annan slektskap mellom Elling Kjeldsen eller kona Gjertrud er sannsynleg.Mvh Tore T

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elias Solsvik

Eg trur at ein kan stola på at fødselsdatoen til ein person i kyrkjebøkene er i allefall rett. I kyrkjebok A1 Askøy prestegjeld 1742 - 1800 finn ein innført for året 1748 1. desember: døbt Twende drengebørn Twillinger fra Tweit, den første med nafn Elling, den anden med nafn Ole. Foreldre Vare Elling Kielsøn og Gjertrud Olsdatter. Faddere Vare: Anders Larsøn Hanewig, Anders Jacobsøn Ravnang, Niels Tweit Martha Rasmusd. ibid. Giertrud Tollefsd. Ravnang, Elling Bastiansøn Tweit. Henrich Ravnanger, Askild Andersøn ibid. Agatha Olsd. Tweit, Martha Andersd. Ravnang.Det ser ut at dei fleste/ alle av desse fadrane her er naboar av Elling og Gjertrud, sidan dei begge var tilflytta.Når det gjeld formyndarar til umyndige arvingar vart slektningar, ofte onkel til dei umyndige barna vald. Så Rasmus Pettersen eller kona Kari Torjersdotter var truleg onkel eller tante til Ole og Gjertrud enten på faren eller mora si side. Dette har vist seg i andre skifte med umyndige arvingar. Ei nøyare gransking av skifta som er omtalt tidlegare, innlegg 5 og 7, vil truleg føra oss nærmare svaret.Elles er militærprotokollane til Innrulleringssjefen i Bergen vel verd eit studium. Der finn ein at Johannes Ellingson frå 2. ekteskap til Elling (med Siri Samulesdotter) som vart fødd i 1757 vart utskriven til sjøstridskreftene i 1781, døydde i København 4. juli 1782. Innkvarteringstilhøva i militærleirane var ikkje alltid dei beste, og sjukdom spreidde seg raskt. Nils Ellingson fødd 1758 vart utskriven 1784 og dimmitert same året. Det er notert i ein protokoll at han var liten av vekst og at han hadde blodspytting i 1789, altså hadde han kanskje dårleg helse. Det er mogeleg derfor at han er oppført som tenestedreng hos yngste søstera Gjertrud som sannsynlegvis har overteke gardsbruket etter foreldra i lag med mannen Ola Olson. Elias S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.