Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#16382] Til Lars E. Øyane: Anna Kristofersdtr. frå Solvorn i Hafslo, b. Aarstad

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Som sikkert dei fleste som frekventerer dette forumet har eg sjølvsagt merka meg din aldri kvilande jakt på menn- og kvinner frå Hafslo i samband med bygdebokarbeidet ditt.Eg kom nyss over ein høveleg kandidat. Det er ei Anna Kristofersdtr. frå Solvorn i Hafslo som vart gift med ein smed frå Os, Halvard Hanson Kuven, f. 1841. Eg veit ikkje om dette er gamalt nytt for deg, men eg nemner no det eg har funne:I bygdeboka for Os (Os-soga band III s. 389) under garden Kuven står følgjande å lesa:Halvard, f. 1841, smed, g.1867 med Anna Kristofersdtr. frå Solvorn i Hafslo, Sogn, b. Solheimsviki ved Bergen.Halvard var son av Hans Arneson Kuven (1810-1875) og kona Guro Halvardsdtr. Halhjem (1804-1888). Hans var båtbyggjar og mylnar (han hadde kvernbruk) attåt gardsbruket på Kuven.Born: Ådne/Arne (1836-1916) bonde, mylnar & skogvaktar. Ingeborg (1839-1866) d.ugift. Halvard (1841 - 1890-åra?), smed. Hans (1844-1925), smed. Anna (1845-1909), garvarkone. Anders (1853-1916), smed og trearbeidar. Alle syskena utanom Ingeborg var gifte.Giftarmålet til Halvard og Anna fann eg i Bergen:Halvor/Hansen/uk arbeidsmand/Os/26/-/Anne/ Christophersdtr./pige/Solvorn i Sogn/26/Jun 16./1867/AAParet var busette i Solheimsviken under Årstad, så du vil sikkert finna meir om dei i FT 1875, som ikkje er digitalisert for Årstad sitt vedkomande.Men i FT 1900 for Aarstad finn vi dei att på Krohnsminde, i 'Enkemadam Hansens hus'; Halvard er altså død. ders tår det Anna Hansen, f. 1848 i Hafslo NB då er enke og 'husholderske til Børnene', som alle er fødde i Aarstad sokn. Gutane Hans,f. 1869, og Henrik, f. 1876; er då begge 'maskinarbeidere ved Bergen M.V' (altså BMV). Broren Kristoffer, f. 1878, er matallarbeidar same stad. Søstra Dina, f. 1879 er oppført som 'butikjomfru i modeforretn.'Om det var fleire sysken, og eventuelt kvar dei er i 1900, veit eg ikkje. Men dét er det sikkert råd å finna ut av.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Terje, for at du trekker fram utflyttarar frå Luster (med Jostedalen og Hafslo). Som du òg skriv, jaktar eg ivrig etter alle personar som er fødde og/eller oppvaksne i kommunen, og eg følgjer huslydene ein generasjon fram mot vår tid.Anna Christophersdotter frå Sjøtun i Hafslo er ein interessant person. Eg har samla ein del opplysningar om Anna og mannen og borni hennar, og eg vil gjerne få attgje denne luten av manuskriptet mitt, om du eller andre skulle ha lyst til å hjelpa meg med å samla meir...~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 4. Anna Christophersdotter (Sjøtun), f. 22.3.1848, flytte i 1865 til Bergen og gifte seg i Årstad 16.6.1867 med Halvor Hansson frå Kuven i Os,##### (likeins referert som Lilleseter – kvar er det?)kjend som Halvor Hansen. Han var son av gardbrukar og båtbyggjar Hans Arneson på Kuven, opphavleg frå##### (opphavet hans?)og kona Guro Halvorsdotter frå Halgjem og f. i Os##### (fødselsdatoen hans? – døypt 9.2.1841!)1841. Halvor var smed og verksarbeidar i Solheimsviken, og huslyden busette seg på Krohnsminde i Årstad ved Bergen der Halvor d.##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1900)Anna Hansen d. same staden 18.7.1926 og var då busett i Solheimsgaten. Dei fekk seks born i lag: a. Ingeborg Gerhardine Christine Halvorsdotter Hansen, f. i Årstad 14.8.1867, d. i Årstad 12.11.1879. b. Hans Christian Halvorsen, f. i Årstad 22.10.1869,##### (n. 1900 - maskinarbeidar, ugift – utvandra 1903 som ugift maskinarbeidar til Cape Town, South Africa – attende i 1908 då han utvandra som ugift maskinarbeidar til New York! – 1926: Hans Halvorsen i U.S.A. - fleire opplysningar??)c. Emilie Josefine Halvorsdotter Hansen, f. i Årstad 12.7.1874, d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1926!)Ho gifte seg i Årstad 17.11.1900 med Fredrik Christianson frå##### (kva gard i Finnås var han ifrå?)i Finnås, i Bergen kjend som Fredrik Christiansen. Han var son av##### (fulle namn på foreldri med yrkestittel og opphav?)og f. i Finnås##### (fødselsdatoen hans?)1873. Han d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)Fredrik Christiansen var snikkarmeister, og han og Emilie budde##### (bustaden deira? – i Bergen?)Dei fekk tre born.##### (Fritz, Henriette Amanda Christiansen, f. 16.6.1903 (ugift 1944) og Egil, f. 7.4.1906 - alle tre i 1926 busette i Solheimsgt. 17C hjå mosteri Dina Hansen – Henriette Amanda Christiansen d. i Bergen 12.1.1956)d. Henrik Amandus Halvorsen, f. i Årstad 11.1.1876,##### (n. 1900 – maskinarbeidar, ugift – d. barnlaus før 1926! – lagnaden hans?)e. Kristoffer Nikolai Halvorsen, f. i Årstad 9.4.1878,##### (n. 1900 – metallarbeidar, ugift – 1926: Åvliefoss, Notodden – lagnaden hans?)f. Ingeborg Gerhardine Christine, kjend som Dina Halvorsdotter Hansen, f. i Årstad 5.12.1880, d. i Bergen 7.12.1944. Dina var butikkdame og sidan motehandlar. Ho tok over heimen etter mor si i Solheimsgaten i Bergen, men var ugift.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Nok ein gong takk til deg, Terje, og takk so mykje for eventuelle detaljar som kan supplerast i dette manuskriptet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Det er ikkje så mykje meir eg kan koma med, Lars; berre svar på eit par småting du etterlyser:Eg skjønar ikkje kvar du har stadnamnet 'Lilleseter' frå? - det finst i alle høve ikkje på Kuven. Nemnde Hans Arneson Kuven var fødd, oppvaksen, levde og døydde på farsgarden sin på sjølve Kuven (ikkje så langt frå Kuventræ) frå 1810 til 1875. I tillegg til det eg elles nemnde om han var han òg med i heradsstyret 1860-1863.Hans A. Kuven var son av gardbrukar Ådne (Arne) Larsson Kuven (1779-1853) og kona Brita Hansdtr. øvre Rød (1773-184?). Ådne 'var båtbyggjar og hadde kvernbruk likeins som faren'.Guro H. Kuven var dotter av fiskar Halvard Jakobson Halhjem/Halgjem, f. indre Haugland i Os (1759- 1837) og kona Ingeborg Jensdtr. Halhjem (1771- 1847), - men dette siste er vel heilt perifére opplysingar for deg?Om borna til Halvard/Halvor Hansen (Kuven) og Anna veit eg ikkje meir enn det eg har skrive. Smeden Halvard døydde mest truleg i Årstad, dødsfallet finst vel i kyrkjebøkene der?Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Til Lars:Her har du ekteskapet og dei sju borna deira frå Årstad-registeret mitt (sortert SAB-avskrift):SJ0924,0,,Halvor,Hansen,Anne,Christophersdtr,26,Uk arbeidsmand,Os,26,,Pige,Solvorn i Sogn,,,1606,1867,SJ0924,1,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,,Smed,Solheim,,,f,,Ingeborg Gerhardine Christine,1408,2909,1867,27SJ0924,2,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,,Smed,Viken,,,m,,Hans Christian,2210,2612,1869,59SJ0924,3,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,,værksarbeider,,,,f,Solheimsviken,Henriette Amanda,2901,0303,1872,SJ0924,4,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,,værksarbeider,,,,f,Solheimsviken,Emilie Josefine,1207,0908,1874,SJ0924,5,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,35,Værksarbeider,Solheimsviken,32,,m,v. 16/6 1867,Henrik Amandus,1101,1203,1876,14SJ0924,6,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,37,Værksarbeider,Krohnsminde,30,,m,v. 1866,Kristofer Nikolai,0904,1905,1878,21SJ0924,7,SJ,Halvor,Hansen,Anne,Kristofersdtr.,,værksarbeider,,,,f,Krohnsminde,Ingeborg Gerhardine Kristine,0512,2501,1880,Evt. dødsfall finn du nok under Bergen på DA, men i ein bolk er ikkje Årstad med (det vil du sjå av sokna).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Den første Ingeborg Gerhardine Christine Halvorsdtr. døde 12.11.1879 og ble begravet 18.11.1879.Værksarb. barn 12 år , bosted Krohnsminde , hjernebetændelse, Årstad St. Jørgen.Du finner dødsfallet under begravde i Bergen 1816-86 her på DA. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje, Bjørn og Rune for nye innspel om dette tema.Eg var merksam på den første Ingeborg Gerhardine Christine, men Henriette Amanda var ny for meg. Eg må ha oversett ho! No fann eg ogso dødsfallet til Henriette, 21.2.1876, men dødsfallet til Halvor Hansen er framleis ei gåte. Eg finn ikkje noki fråsegn på Digitalarkivet om kva periode med dødsfall som vantar frå Årstad, men reknar med at det må vera heilt på slutten av 1800-talet...?Eg takkar nok ein gong for god og nyttig hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Bolken 1881-1911 har ikkje med Årstad/SJ-sokn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Lars:Eg har diverre ikkje noko nytt om dødsfallet til smeden Halvor/Halvard Hansen frå Os eller Anna frå Hafslo, men - dersom det er av interesse kan eg koma med nokre opplysningar om ei anna jente frå Hafslo som òg er nemnd i bygdesoga for Os:Det gjeld ei 'Berta Andesdtr. Teigen, f. 1880 i Hafslo' ifølgje ovannemnde bygdebok. Ho var vel kan hende dotter av paret Anders Olson og Anna på Teigen som me finn i FT 1900 for Hafslo?Berta Andersdtr. budde (og arbeidde?) ei tid på eit hotell i Os kommune, Solstrand Fjord Hotel (på Haugstræet under garden Hauge); eller 'Solstrand Hotel- og Sjøbad' som det då heitte.Det var elles den ikkje ukjende bergenske skipsreiaren, statsministeren og 'landsfaderen' Christian Michelsen som bygde dette hotellet - i 1896.I 1907 vart Berta gift med den dåverande direktøren på Solstrand, dansken Jensen. Han var direktør der i åra 1903 - 1908, så det er nok sikkert ein gong i dét tidsrommet at jenta frå Hafslo har halde til i Os.Dersom det er av interesse kan eg sitera kva bygdesoga skriv om ho - gjerne i ei eiga lenke dersom du heller ønskjer dét, Lars.Mvh, Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Terje, for eit nytt interessant innspel!Etterdi me her kjem frami folk som framleis lever, so ber eg om at du sender meg e-postadressa di, so kan eg senda deg dei opplysningane som eg so langt har samla om huslyden Jensen. Og kanskje kan du so føya til ei og anna opplysning?Hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Til Terje:Eg gløymde å referera e-postadressa mi. Ho er:loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg har sjekket Bømlo bygdebok I, II og IV, men der var det ingen Fredrik Christiansen (prøvde med diverse stavinger). Dersom han kom fra Bømlo så må han være i B III, er det ikke en mulighet for at han kom fra Valestrand? Det hørte til Finnås, men jeg husker ikke når disse kommunene ble skilt.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Ei av mine elektroniske postadresser er:thatvik@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

Fann ein Fredrik Kristianson på FS.Han var oppgitt å vera døypt 12 okt. 1874. Foreldra var Kristen Olsen og Anne Klemensdtr. Men staden var Hordabø. Det er vel han du finn her saman med foreldra: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=MANG1891&variabel=0&postnr=3574&fulle=true&spraak=n>LenkeVeit ikkje om dette er rette karen, men eg fann han ikkje att i teljinga for 1900.Dette er vel rette mannen i 1906:LenkeHer er Emilie J. som død:LenkeFann ikkje ut når Fredrik døde, men det var 2 mogelege kandidatar: Lenke og

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Vedkomande omtala smed og verksarbeidar Halvard/Halvor Hansen i Solheimsviken, f. 1841 på Kuven i Os:I følgje den nyss utlagte databasen 'Døde i Årstad 1886 - 1915' døydde gift verksarbeidar Halvor Hansen Kuven den 25. juli 1893. Merk at fødselsår- og stad, 1841 i Os; stemmer heilt.Så der har du endå eitt svar på dei mange spørsmåla dine, Lars.Helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Terje, for denne opplysningi! Eit hòl mindre i manuskriptet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars.Den samme kilden som Terje refererer til, viser også at Johanne Nilsen, Marifjøren døde ugift 14.02.1888.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.