Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anita Særvold Johannessen

[#16576] Utenomekteskapelige konsekvenser i Bremanger

Recommended Posts

Gjest Anita Særvold Johannessen

Lurer på om Paul Martinus Larsson [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=2doep1668&variabel=0&postnr=51862&fulle=true&spraak=n>Lenkeer den samme som Paul Larss. som bor på Rydland med sin familie Lenkesom får Lars her utenfor ektskapet Lenkesammen med en Oline Jonsdatter, som bor på Klungresæter med sin mann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Årstein Svihus

Paul Larson f. 1804 og Inger Jonsdotter vart gift i Bremanger i 1837. Dei budde på Ryland der dei hadde ein husmannsplass. Paul har fått Bergen oppført som fødestad og ser såleis ut til å vere den Paul som vart døypt 19 august 1804. Det som skil er mellomnamnet som er Mikal ved giftarmålet i 1837, men Martinus i 1804. Det kan likevel godt vere same personen, men at vedkommande hadde fleire mellomnamn. Dette blir og underbygd av det ikkje vart døypt nokon Paul Mikal Larsson i dette tidsrommet i Bergen.Var dette den samme Paul som fekk Lars Johan Paulson i lag med Oline Jonsdotter? Ein del tyder på det. I følgje kyrkjeboka var denne Paul fødd i Bergen og busett på Ryland, til liks med ”vår” Paul. Men samstundes er han oppført med yrkestittelen ”ungkarl”, noko som ikkje stemmer i og med at Paul Mikal då hadde vore gift i 11 år med Inger Jonsdotter. Det er uvisst om dette skuldast slurv ved innføringa og dårleg oversikt hjå presten (Bremanger låg jo framleis under Kinn prestegjeld), eller om ein må sjå seg om etter ein annan Paul Larsson fødd i Bergen. Det finn ein først då Paul Larsson, fødd 1820 i Bergen, giftar seg med Marta Hansdotter i 1875. Det er elles ingenting som knyter han til Ryland og Oline Jonsdotter. Derimot må nok Paul Mikal og Oline ha kjent til einannan. Oline var nemleg svigerinna til Paul.Oline (og Inger) Jonsdotter f. 1828 var dotter av Jon Gregoriusson f. 1791 på Varpe og Olave Nilsdotter f. kr. 1788. Jon var son av Gregorius Pålson f. 1760 som var husmann først på Vågane og så på Varpe. Det er uklart kva gard Olave kom frå, men ho voks opp hjå Per Markvardson som var bonde på Ryland.Håper dette var til hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.