Gå til innhold
Arkivverket

[#16607] Peder Lageson/Rannei Einersdotter - frå Sogn i 1780-åri, men kvar?? - Tingvoll??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Lageson frå Meleim i Hafslo, døypt i Hafslo 22.5.1740, gifte seg i Hafslo 25.10.1773 med Rannei Einersdotter frå Eikjaberg i Hafslo, døypt i Hafslo 16.9.1742. Paret flytte straks til Sogndalsfjøra i Sogndal der tre born vart fødde:* Einer Pederson, døypt i Sogndal 14.9.1774* Kari Pedersdotter, døypt i Sogndal 20.1.1778* Lage Pederson, døypt i Sogndal 1.1.1783Same året som yngste sonen vart fødd, i 1783, flytte huslyden til BERGEN der me veit dei budde våren 1784, men eg har ikkje vore i stand til å finna att huslyden korkje i Bergen eller andre stader.Eg finn korkje Peder Lageson eller sonen Lage Pederson i FT 1801, men i den landsomfemnande teljingi finn eg ein einaste høveleg kandidat for Rannei Einersdotter:På Eikrem i Tingvoll budde i 1801 mellom anna dette parfolket:Sivert Olsen, 45, gift 1ste gong, husmann med jordRandej Einersdatter, 59, gift 2dre gong, koneEr det nokon med lokalkunnskap i eller frå Tingvoll som kan stadfesta eller avkrefta om denne Rannei Einersdotter var inn flyttar frå Sogn og før hadde vore gift med Peder Lageson??Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis svært interessert i å finna ut meir om denne huslyden som so sporlaust forsvinn frå Hafslo i 1780-åri. Finst det lesarar med kunnskap om ætter i Tingvoll som eventuelt kan stadfesta eller avkrefta teorien min?Eller er det nokon som har andre ''glupe'' forslag?Hjarteleg takk for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Torgeir, for opplysningi om Gards- og Ættesoga for Straumsnes. Då er spørsmålet om nokon har høve til å gjera eit oppslag i denne boki for å sjå kva Ottar Roaldset skriv om opphavet til Rannei Einersdotter på Eikrem...?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis interessert i om nokon kan hjelpa meg gjera eit oppslag i Gards- og Ættesoga for Straumsnes for å sjå kva som står om Rannei Einersdotter på Eikrem...? Namnet er uvanleg, og sjansane er gode for at dette kan vera ''mi'' Rannei!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg står framleis ''på staden kvil'' når det gjeld denne ætti, som forsvinn frå Sogn i 1780-åri. Er det kome til lesarar med lokal kunnskap i Straumsnes (Tingvoll), som kan fortelja meg noko om Rannei Einersdotter, som i 1801 budde på Eikrem?Eller vart Peder og Rannei likevel buande i Bergen der me har siste livsteiknet frå 1784?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Boki der denne huslyden skal omtalast, nærmar seg ''deadline'', og eg står framleis like fast når det gjeld lagnaden til denne huslyden.Er det nokon som har tilgjenge til bygdeboki for Straumsnes (Tingvoll)?Eller hamna dei i Bergen likevel?Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjera eit siste framstøt når det gjeld denne huslyden. Er det verkeleg slik at desse folki berre ''forsvinn'' sporlaust? Eller er det Rannei som hamna i Straumsnes (Tingvoll)?Alle gode tips er hjarteleg velkomne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for mitt ''desperate'' forsøk og von om hjelp!Jau, det er nok den rette Rannei Einersdotter du har funne, men eg stussar på at ho i vigselslista heitte Endresdotter... Om ho var ei Endresdotter, er det feil person, men kanskje denne bygdeboki, som Torgeir nemner i innlegg #3, kan oppklara dette...?Med nye vonar og venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har vanskar med å gje tapt når det gjeld å spora opp denne huslyden, so eg freister igjen om det er nokon som har tilgjenge til bygdeboki for Straumsnes, band I, der garden Eikrem er omskriven frå side 175?Kven var den Rannei Einersdotter som var husmannskone der i 1801?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Hilde Charlotte Andersen

En av mine tippoldefedre het Lage Berg Einarsen. Han var sønn av Einer Pedersen f.1774 Sogndal. Einer var sønn av Peder Lagesen f.1740 og Rannei Einersdatter f.1742. Einer havnet på Sortland i Vesterålen.Gift med Karen Andersdatter (hennes opphav ukjent - kanskje fra Sogn?) Etterslekt er godt dokumentert i Bygdebok for Sortland. Jeg er selvfølgelig interessert i mest mulig bakover? For dette må vel være riktig par? Du har kanskje allerede funnet dem?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har gjort det oppslaget i Straumsnesboka som Lars etterlyste for mange år sida. Diverre er det lite boka seier om dette ekteparet. Det som står er at det nemnde ekteparet var husmannsfolk på Eikrem, utan at buplass vert spesifsert. Det står vidare at Randi var enkje då ho gifte seg i 1787, men at ein ikkje veit noko meir om ho. Det er heller ikkje nemnd born i ekteskapet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hilde Charlotte for eit svært so spennande innlegg, og ogso takk til Finn for oppslaget i Straumsnesboki.Eg har i mellomtidi funne ut følgjande:* Rannei Einersdotter er TRULEG identisk med ei Randi Larsdotter som vart gravlagd i Bergen 8.2.1786.* Peder Lageson er VISSTNOK identisk med ein Peder Larsson som vart gravlagd i Bergen 29.3.1787.* Sonen Lage Pederson kom i 1786 til Hafslo som fosterson hjå Ole Lasseson i Leirhola, og derifrå vart Lage gravlagd 25.3.1796.Korleis Einer Pederson hamna i Sortland, er eit stort spørsmål hjå meg, men eit like stort spørsmål er kva som skjedde med søsteri Kari Pedersdotter, fødd i 1778. Kanskje ho òg hamna i Sortland?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hilde Charlotte Andersen

Godt å kunne bidra. At Einer havnet i Vesterålen tror jeg ikke var så rart. Det var mange sogninger som kom nordover, og fra Bergen gikk det nok av båter. Har foresten en Hans M.Olsen fra Hafslo i mine papirer. Vet ikke når han er født, men han giftet seg i Øksnes i 1865. Har også en Ole Ellingsen f.1821 Sogndal som giftet seg i Hadsel ca.1843.Skal lete i bygdebøkene etter Kari.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hilde Charlotte Andersen

Kari havnet nok ikke i Vesterålen. Har søkt litt av nysgjerrighet, og ble overrasket over at så få brukte navnet Kari. Her er noen lenker - er det noen som kjenner navnene igjen og eventuelt kan skrive dem ut av denne historien? :-)Kan dette være Kari med sønn Niels Matthiæsen f.1800 sansynligvis d.før FT1865?: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11249&personpostnr=353&merk=353>LenkeKari d.1849?: LenkeKari d. 1866?:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.